Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
"Hverdagen" av Rudolf NilsenSkriv ut Utskrift
Analyse av diktet "Hverdagen" av Rudolf Nilsen. Oppgaven var på nynorsk (sidemål). Innholdsmessig er det mye bra.
Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter: Anonym



Rudolf Nilsen (1901-1929) var ein av dei fremste norske arbeidsdiktarane. Sjølv om han ofte skreiv politiske dikt, som regel om arbeidarane sin klassekamp på 20-talet, skreiv han og upolitiske og romantiske dikt. Spesielt meininga med livet er ofte knytt opp til dikta hans, slik som diktet Hverdagen frå 1929, frå diktsamlinga med same namn. Han ynskte og, at fleire skulle engasjera seg i politikken.

Ofte er dikta hans aggressive, med eit klart bodskap. Det er så regel ikkje så vanskeleg å finna motiva i dikta hans, men temaet ligg ofte djupare enn ein skulle tru. Men om ein har lest nokre dikt av Rudolf Nilsen, lærer ein lettare å finne teamet. For ofte er det same som gjentek seg, berre utforma på ein ny utspekulert måte.

 

Diktet har ein enkel tittel og er bygt opp av 4 strofer med 4 vers i kvar. Strofene har taktfast rytme (tung – lett) og dei har balladerim (0a0a 0b0b 0c0c 0d0d). Diktet er eit typisk tradisjonelt dikt, noko som var vanleg på denne tida då det vart skreve.

 

Diktet handlar om kort og greitt slik som tittelen fortel; om kvardagen. Om kva faktorar som manglar i kvardagen for at livet skal gje meining. Det er ingen personar i diktet, men det kjem tydeleg fram at det er ein ”eg” person som ligg bak og fortel kva manglar det er i livet sitt.

 

Temaet må ha noko å gjere med kvardagslivet, om at me berre er eit nummer i rekka og går frå A til B, og berre set ned nokon spor i sanden, som vert viska ut i neste ørkenstorm. At tida berre renn forbi, utan innhald. Og at det kanskje hadde vore betre om det hadde hendt noko veldig trist enn ingenting. At me ikkje får sjanse til å utmerka oss. At me får kjempa for det me har kjært.  Så i praksis vil det seia at teamet handlar om kvardagslivet og det sine manglar.

 

Stemninga i diktet er relativt spennande med uttrykk som t.d.: ”snerrende kuleregn.” Det er valt mange skildrande ord i diktet, som framhevar stemninga. Det er også mange metaforar i diktet, som t.d.: ”aldri få prente på fiendens panne/ sin støvlehæls halvmånetegn,” som i overført tyding tyder at du ikkje skal få lov til å stempla fiendane dine som fiendar. Fordi det verkar som om alle er like og ingen er annleis, noko som bl.a. kjenneteiknar kommunismen.

 

Det er få kontrastar i diktet, bortsett frå: en skinnende seier/osende nederlag, noko som framhevar stemninga om kontrastane i livet. Me finn også samanlikningar i diktet, der lunkne timer vert samanlikna med ”rinnende tid.” Det er også døme på symbol bruk i diktet, slik som kuleregn, som symbolisere krig. For det handlar om meininga med livet, noko som vert oppatteke i kvar strofa, berre sett frå ein anna vinkel med andre metaforar og uttrykk..”

 

Diktet dreie seg altså om ein som uttrykkjer manglane i kvardagslivet sitt. Det meste av diktet er enkelt skreve, men har ei djupare meining enn den overflatiske. Han prøver å få fram bodskapen om kommunismen, der alle er like, for Nilsen kjempa for ein kommunistisk revolusjon mens han levde. Men i frå dagens synsvinkel vil det vera meir logisk å tolka dette som eit antikommunistisk dikt, der han vil at folk skal få utmerka seg, at ein skal bli hugsa for noko, og ikkje berre vera eit nummer i rekka, der all spor etter deg vert viska vekk i neste ørkenstorm. Det kan virka som om han prøver å dyrka fram ein elite, noko verset ”Aldri å løpe for livet/i snerrende kuleregn” framhevar. For i krig vert berre nokon få framheva, mens alle dei andre ikkje vert tenkte på. Altså at ei lita gruppe vert dyrka fram men resten vert gløymde, noko som er typisk for høgre ekstremistiske samfunn.

 

Tittelen er enkel og lite oppsiktvekkande, men om ein byrjar å tenka på alt ”hverdagen” inneber, så er den ganske betydingsfull. Skal ein greia å forstå meininga med tittelen, må ein berre stoppa opp, tenkja på sin eigen kvardag og alt den har/manglar.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish