Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > My girl

My girl

Filmanmeldelse av filmen 'My Girl'.

Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk
Tema
Filmer


Filmen eg har skrive filmmelding om heiter "My Girl". Den er produsert i 1991 i Florida, USA. Sjangeren er dramakomedie. Hovudrollene er spela av Anna Chlumsky, Macauly Culkin, Jamie Lee Curtis og Dan Aykrod.

 

Handlinga foregår rundt 60- talet. Musikken og kleda dei går med, syner dette ganske tydeleg. Filmen handlar om Vada (Anna Chlumsky), ei søt og sjarmerande jente i byrjinga av tenåra. Mor hennar døydde like etter ho vart født. Ho bur i lag med far sin, onkelen og bestemora. Far hennar (Dan Aykroyd) driv eit byrå i kjellaren, der han pleier døde menneske før dei skal gravleggjast. Vada’ s bestevenn er Thomas J (Macauly Culkin). På fritida syklar dei rundt i nabolaget, badar eller fiskar. Saman diskuterer dei meininga med livet. Vada forstår ikkje kva som gjer livet så verdifullt, for folk skal jo berre døy likevel. Grunnen til dette er at ho lever med døden så tett innpå seg. Ho er dagleg vitne til alle lika som vert trilla inn i kjellaren. Difor trur ho at ho sjølv snart skal døy.

 

Fleire gongar i veka går ho til lækjaren og ber han finna ut kva som feilar ho. Men ho er like frisk kvar gong. Så får far hennar ein kjærast (Jamie Lee Curtis), og Vada vert frå seg av sjalusi. På det tidspunktet er det Thomas J. som best forstår Vada. Det er Thomas J. som gjev Vada hennar fyrste kyss og det kan verke som om han er forelska i ho. Han gjer alt han kan for at ho skal ha det bra. Thomas J. er ein veldig pliktoppfyllande gutunge. Ein dag mister Vada ringen sin i skogen. Dagen etter går Thomas J. tilbake for å leite etter den. Ringen finn han, men lukka skal sjå ut til å vera veldig kortvarig.

 

Tema i filmen er framfor alt kjærleik. Både lukkeleg og ulukkeleg kjærleik. Vada tenkjer og veldig mykje på at mora er død. Ofte får ho ei slags skuldføling om at det var ho som drap mora. Men Thomas J. er alltid like snill med ho. Han oppmuntrar ho og seier at det ikkje var hennar feil.

 

Når far til Vada vert forelska att for fyrste gong på over 10 år, forandrar han seg veldig. Han vert med eitt lettare til sinns, og forholdet mellom han og Vada vert meir ope enn nokon gong. Vada kjem i puberteten i løpet av filmen, ho vert meir vaksen og får andre synspunkt på tilværet. Gjennom alt det triste som skjer i livet hennar lærer ho seg å akseptera det vonde som av og til dukkar opp. Thomas J. er den vesle, kanskje litt barnslege guten gjennom heile filmen. Han forandrar seg ikkje stort. Musikken i filmen er typiske slagerar frå 60- talet. Ein kan nemna titlar som "Do Wah Diddy" og "Bad Moon Rising". Kameravinklane i filmen er for det meste nærbilete. Det er fordi filmen inneheld mykje tovegs kommunikasjon, der ein kan sjå til dømes berre Vada og Thomas J på skjermen i fleire minutt. Ein skulle trudd dette var keisamt i lengda, men emna dei tek opp er ofte morosame, så det vert eigentleg ganske underhaldande å sjå på.

 

Når Thomas J. kysser Vada ser vi først kysset deira i eit nærbilete der berre andleta deira viser på skjermen. Like etter på, når kysset er gjennomført, trekk kameraet seg først bort til Vada, og vi kan klart og tydeleg sjå kor raud ho vert i kinna. Etterpå kan vi sjå Thomas J. og vi ser på uttrykket hans at han er minst like flau som Vada. Med dette kunne vi på ein måte "sjå" kva begge to følte etter kysset. Hadde det derimot kome eit oversiktsbilete etter denne "romantiske" kyssescena ville vi ikkje kunne sett korleis dei oppførte seg i sekunda etter kysset.

 

Skodespelarane spela veldig bra. Favoritt skodespelaren min frå denne filmen er utan tvil Anna Chlumsky. Ho lever seg så fint inn i rolla som ei litt "hypokonder" jente. Ho klarar fint å spela sjuk!

 

Eg likte filmen veldig godt. Det er kanskje ikkje den beste filmen eg har sett, men likevel er det ein film eg kunne sett om att fleire gongar utan å blitt lei. Eg vil råde folk på det varmaste til å sjå den. Filmen er nok mest aktuell for born frå 8 til 14 år, men ein familie ville nok og kost seg under denne filmen.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil