Typisk norsk - om nordmenns behov for å skulde på andre

Kåseri om det å være typisk norsk.
Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2008.01.15

Kvifor skuldar vi nordmenn på alle andre en oss sjølve? Er det fordi vi er for dumme til å innsjå at vi har gjort noko feil, at vi trur at nordmenn er så mykje betre og smartare enn til dømes svanskane? Ja, det trur faktisk eg. Som bare «halv nordmann» må eg vere litt varsom med å skulde på på nordmenn som skuldar på andre. Kvifor heiter det forresten nordmenn, halvparten av oss er jo jenter, kven kan vi skulde dette grove misteket for? Kanskje dei nordmennene som skreiv grunnlova i 1814. På den tida bestemte jo mennene alt. Jentene måtte vere heime og passe born og hus, dei betydde ikkje mykje i samfunnet den gongen. Men nå betyr jo jentene nesten meir enn gutane, så vi burde eigentleg skrifte namn, frå nordmenn, til kanskje, « nordkvinner»?

 

At renta går opp, er amerikanerane si skuld. At Rosenborg gjorde ein dårlig sesong i eliteserien, er han grinande Tørum si feil, ikkje altfor gamle spelarar men altfor høge løner. Nei livet er ikkje enkelt for oss nordmenn og nordkvinner, som må skulte på andre.

 

Det er ikkje bare Gerd Liv Valla som skuldar på alle andre enn seg sjølv. Frp-Hagen, som også nyleg gav ut bok, skuldar på « drittsekken» Bondevik for at han aldri fekk makt. I fylgje prinsessa vår, Màrtha, er det media som er ekle med henne, ikkje at ho sjølv har prata tull om englane.

 

Det eg meiner er at kvar einskild av oss gode nordmenn, og nordkvinner kanskje kan arbeide litt med oss sjølve før vi skuldar på andre for at det ikkje gjekk som vi vona. Så kanskje eg skal le vere å verte sint på læreren om eg ikkje får toppkarakter på dette kåseriet. Kanskje burde eg tatt til på arbeidet før og gått betre gjennom nynorsk gramatikk , til dømes.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst