Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Kåseri om nytidaSkriv ut Utskrift

Eit kåseri om nytida vs. gamledager.

Karakter: 4

Nynorsk - KåseriForfatter:



Kva var i grunnen gale med gamledagar? Då budde ein spreidd på landet, hadde gjerne ein gard, og gjekk til nabogarden for å byte varer. No derimot buset ein seg midt i ei klynge med hus, bygg gjerne huset så stort ein får det før naboane protesterar, ”stopp å bygg, elles må eg byggje ut loftet”. Ofte trykk ein også ei garasje midt i mellom husa, og rundt den lage ein liten hage, rundt 5 kvadratmeter. Det er om og gjere å ha størst hus, og mest pengar.

 

Daglegvarebutikken i nytida er helder ikkje slik den var i gamledagar. Landhandelen, som dei kalla den før, var eit enkelt rom med nokon hyller med varer. Ein fekk også medisinen sin der, og gjerne tråd og stoff slik at ein kunne sy seg ein genser eller strikke seg eit skjerf. No til dags er butikken på fleire hundre kvadrat. Butikken er fylt opp med mykje varer, gjerne alt ein får tak i som kan kategoriserast som mat på den internasjonale marknaden. Når ein fyrst har fått tak i alle produkta, må ein ha utval. Gjerne fem forskjellige typar grautris.

 

Landhandelen var også roligare enn daglegvarebutikken no til dags. Før møttest ein ofte på butikken og snakka om det som hadde skjedd førre veke. No sei ein berre hei, eller nikkar på hovudet før ein småspring bort til kvar si side av godteridisken. I godteridisken fyll ein opp ein stor pose godteri før ein vidare småspring bort til kassa for å betale. Kvifor vi gjer dette veit eg ikkje, men det er vel for å rekke fergja eller ein landslagskamp som starta for fem minutt sidan.

 

Denne daglegvarebutikken held til inni eit stort kjøpesenter. Der er fleire andre butikkar. Kjøpesenteret er oppbygd på den måten at tek ein fyrst sjansen på å gå inn, må ein gå gjennom heile senteret for å kome ut at. Rundt klyngene med hus er det fleire slike senter. I slutten av året, når regnskapet kjem opp i lyset, drøftar leiinga på senteret i lag med butikkane kva dei skal gjere med omsetjinga som minkar. Dette løyser dei ved at butikken som sit med diplomen for størst nedgang i omsetjinga, får utvide. Og når dei utvidar går det hardt føre seg. Ein set ikkje inn eit nytt klesstativ eller ein ekstra kjøledisk, nei. Ein riv halve butikken og bygg den opp dobbelt så stor. Stenge gjer ein helder ikkje, det går ut over omsetjinga. Ein held like så enkelt ope, medan kundane må stavre seg på plankar gjennom butikken og halde seg for øyrene. I kassa er det store problem med å høyre summen ein skal betale, men dette er ikkje noko hindring for innbyggjarane i byen. Oppussing og utviding av butikkar dreg folk, det er alle einige om i byen.

 

Då skal vi ta husa no til dags. Dei er store, større enn nokon har bruk for, utan at ein har ei kjempefamilie på 20 personar. Då hadde eg kunne forstått størrelsen, men slik er det berre eit fåtal som har. Men fortvil ikkje om du er ein av dei som nettopp har komen til verda og ser mørkt på det å byggje hus. Ein kan leige ei leilegheit, gjerne så lita og koseleg som mogeleg, men då er der er eitt krav; der må vere ein balkong, på ca to kvadratmeter der ein kan sole seg litt om det trengst, men det gjer det sjølvsagt ikkje. Det sørgjer brunkremen for.

 

Om ein er ein av dei som vel å byggje hus, må ein for all del ikkje gløyme å male huset kvitt. Dette gjer sjansen for fuktig tømmer og ròte i veggane enda større. Men ròte i veggane kan ein ikkje ha. Ein må derfor rive av all bordkledningen og leggje på ny, og ikkje gløym, mal huset kvitt att. Samtidig som ein held på med dette arbeidet kjem ein ofte på kor liten plass det er i stova. Sidan ein likevel er i gong, byggjer ein gjerne stova i hop med garasjen og får eit kjempestort hus. No vert naboen grøn av misunning neste gong han joggar forbi ein sein oktoberkveld for å prøve å kvitte seg med magen han pådrog seg førre jul.

 

Bensinstasjonane i gamledagar var det få av. Det var gjerne ein bensinstasjon og bilverkstad same bygget. Det er det fortsatt, men bensinstasjonen er bytt ut med pølsebu og kolonial. Det er berre bensinpumpene som står att, men det gjer ingenting. Vi treng ikkje olje eller noko som høyrer bilen til. Vil den ikkje starte så er det bilopphoggaren neste, deretter kjøper vi ein ny, alltid litt større og finare enn naboen sin. Einaste vi treng medan vi er ute og køyrer er pølse og brus. Dette er godt, svært sunt og det kostar nesten ingenting.

 

Nei det var betre i gamledagar. Då hadde ein nesten alt ein trengte på garden. Var det matvarer ein trong kunne ein gå til naboen for å byte noko med han, og om ikkje han hadde gjekk turen til landhandelen for å få det siste ein trong for helga. Ein trong helder ikkje så stort hus, sjølv om ein budde endå fleire i lag. Og bensinstasjonane var bensinstasjonar og ikkje pølsebu/kolonial.

 

Lenge leve gamledagar




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish