Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Kvifor er nokre land fattige?Skriv ut Utskrift
Ei oppgåve om kvifor nokre land er fattige.
Nynorsk - ArtikkelForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Kven sin feil er det at nokre land er fattige? Kan me skulda det på oss rike som har slått oss fram her i verda, eller på at dei ikkje er flinke nok til å slå seg fram. Har plasseringa av landa noko å sei? Dette er ikkje så lett å svare på, men eg skal i alle fall prøve.

 

Eit eksempel:

Etiopia ligg i Afrika i nærleiken av Sahara som du kan sjå her:

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

Med andre ord så er det veldig varmt der. Dette fører til at spesielle planter som for eksempel kaffiplanten (Coffea) veks godt, men og at dei som jobbar på gardane omtrent ikkje greier å gjere noko fordi det er så varmt. I 2001 var eksport av kaffi 23,4 % av BNP. Dette kjøper rike land veldig billeg for så å lage kaffi av det og tene seg enda rikare på det. Er dette rettferdig? Burde me ikkje sende pengar og materiale så dei fekk lage produkta sine sjølv og få muligheita til å tene seg rike sjølv. Det trur eg er ein av grunnane til kvifor nokre land er fattige. Me rike gir dei ikkje sjansen til å bli rike, me utnyttar dei og tek frå dei det vesle dei har.

 

Viss du ser på Noreg kan du ikkje nekta for at me for eksempel designar klede, sender dei bort til Kina for å få dei billeg sydd. Så sender dei kleda bort igjen hit, sånn at me skal kunna betala 300 kr for ei bukse i staden for å betale litt meir og få den sydd i Noreg.

 

Kina er no i oppgangstider vert det sagt, men det er ikkje heilt sant i alle deler av Kina. Nokre plassar jobbar barn og gamle med å sy bukser til oss for ca 35 ØRE timen! Korleis kan nokon bli rike av ei slik lønn? Og korleis kan me akseptera noko sånt. Det er heilt uakseptabelt! Dessutan blir 70-80% av alle Jeans laga i Kina. Med andre ord så vil det sei at alle nordmenn og innbyggjarar av andre rike land er medskuldige i Kina sin fattigdom.

 

På det punktet må både me nordmenn, amerikanarar, tyskarar osv. verkelig skjerpa oss!

 

Men til gjengjeld så er Noreg det einaste landet i verda som har tent seg rike på å utvinna råstoff. Det meste er olje, men det er og ein del fisk og ferskvatn som blir gjort om til energi. Grunnen til at Noreg har tent på dette er at det er så mykje av det, og dessutan så er det ingen som står over oss og krev 99% av fortenesta me får ut av det.

 

Ein anna ting som og har veldig mykje å sei er sjukdom. For eksempel så er 5,5 millionar menneskjer i Sør-Afrika smitta av Aids. Det vil sei 18,8% av befolkninga! Kvart år dør 320 000 menneskjer av aids i Sør Afrika.

 

Afrika sør for Sahara er sterkt overrepresentert på hiv/aids- statistikken. Regionen husar ca 10% av verdsbefolkninga. Men har heile 65% av verdas hiv/aids- sjuke.

 

Og det kan og vera ein grunn til at dei er fattige, for kven vil tilsetja ein som sannsynligvis dør innan eit år? Dei blir sannsynligvis sette til å gjera ein eller anna dritjobb. Og når dei vert underbetalt så blir det ikkje så mykje pengar av det. Og når det i tillegg er veldig mange barn som er smitta av mora frå fødselen, så er det ikkje så lett for foreldre å fara frå ungane når dei veit at dei er smitta og ikkje veit kor lenge vil leva, og så gå på jobb. Det er og ein grunn til at det vert mindre pengar.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Ein aidssjuk pasient.

 

Det er nokre ting som me ikkje tenker på at har inn verknad på land i for eksempel Afrika. Eit eksempel er måten me behandlar miljøet på. Når me forureinar så slit me ut ozonlaget, og då skjer det fleire naturkatastrofar. Og dei fleste av desse skjer i fattige land. Dette har svekka dei fattige landa si evne til å driva jordbruk. Ikkje berre på grunn av at jorda blir dårlegare, men og at det er mange familiefedre som døyr. Då blir det vanskeligare å driva garden.

 

Eit stort problem er at det i mange U-land er rike einestyrarar. Dei pålegg kanskje folket store skattar og tek i frå dei det meste av det dei har. I tillegg så risikerar folket å bli drepe viss dei ikkje gjer som presidenten eller styraren av landet seier. I mange land er borgarkrig ei årsak til at mange menneske lever i absolutt fattigdom. I nokre land skapar væpna konfliktar mellom regjeringa sin hær og forskjellige gerilja- og paramilitære grupper leveforhold som ikkje er mulige å leva godt under. Dette blir eit problem for store deler av befolkninga.

 

Eit anna problem er befolkningsauka. Jordas befolkning auker berre meir og meir og det er spådd at det i 2025 vil bu 8,3 milliardar folk mot dagens 6,4 milliardar. Når det blir fleire folk, så vil me måtta produsera meir mat. Og viss me i vesten skal kunna fortsetta med matforbruket vårt, noko me sannsynlegvis kjem til å gjera vil det bli store matproblem i U-land. Det blir meir og meir folk der og, og dei greier ikkje å auke produksjonen av dei varene dei tener på nok til å forsørgje heile landet i dag. Korleis vil det då bli i 2025?

 

Sjølv om det er veldig mykje som skjer i U-landa som påverkar økonomien deira så kjem dei største påverknadane utanfrå. Gjennom for eksempel: Internasjonale handelsavtalar og vilkår knytte til lån, bistand og gjeldsslettingar som set rammer dei fleste U-land ikkje kan endre på sjølve.

 

Plassen det er mest absolutt fattigdom er Afrika. Viss du ikkje ser på antalet, men på kor mange prosent av folket, så er dei klart øverst på den lista. Der ”klarar” halvparten av befolkninga(46,3%, eller ca 461 millionar menneskjer) seg for under ein dollar om dagen.

 

"Vi fattige er usynlige for andre - Akkurat som blinde ikke kan se, kan ikke de andre se oss". - frå Pakistan

 

Dette kan vera eit problem for både Pakistan og andre land både i Midt- Austen, Afrika, Asia og Sør - Amerika, som er dei fattigaste delane av verda. Dette er ikkje fordi me ikkje bryr oss om at dei har det vondt. Det er ofte på grunn av at me tenkjer at det er andre som er rikare enn oss som kan gje dei pengar. Det trur eg er den største grunnen til at nokre land er fattige. Me har muligheita men me vil ikkje hjelpa, fordi me tenkjer at det alltids er nokre andre som kan hjelpa.

 

 

Kjelder:

http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/a/a8/LocationEthiopia.png

http://www.nigeriamasterweb.com/5mbebe/AidsPatient2.jpg

http://no.wikipedia.org/wiki/Etiopia

http://www.nettavisen.no/verden/article986852.ece

http://no.wikipedia.org/wiki/Aids

http://www.fn.no/temasider/fattigdom/hvordan_oppstaar_fattigdom

http://www.fn.no/temasider/fattigdom/hvem_er_de_fattige




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish