Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Mann + Bil = SantSkriv ut Utskrift
Kåseri om mannens forhold til bil.
Nynorsk - KåseriForfatter: Anonym



”Skjekk den kule bilen ass! Den var skikkelig rå, eller hva mener du’a?” Nei, kva skulle eg meine? Bilen var jo kul den, med saueskinn i setene, dei nyaste felgane, terningar hengande i vindauget, ripefri lakk og ein skyhøg spoiler. Men eigentleg så brydde eg meg midt på kneet om korleis bilen til Petter borte i gata hadde forandra seg etter opphaldet på bilverkstedet. Men det var nok berre meg, for auga på kameratane min sto ut som to klinkande, runde klinkekuler. Vi var på veg til filmkveld hos venninna mi, men det såg allereie ut som om eg berre kunne sende ei SMS om at vi kom for seint. Marius hadde gått ut av bilen for å sjå på det eksemplariske kunstverket på fire hjul, som etter min meining ikkje var serleg imponerande.

 

Nei, det er vel ikkje noko nytt at menn og bilar passar saman som handa i hansken. Opp gjennom åra har menn alltid sett på bilen som sin andre kone. Bilen blir stelt og pusset på, gnikka og voksa på, det er liksom ikkje grenser for kor mykje oppmerksamheit bilen skal få. I periodar så kan til og med ”kone nr 2” ta all tida frå ”kone nr 1.” Felgane skal helst vere dei nyaste på markedet, og lakken skal vere ripefri og fin. Og frå den dagen mannen blei atten år så er det over og ut. Da har han gått inn i det eg kallar ” gnikke/ gni/lite tid til deg”-fasen av livet. ”Nei, sorry, kan’ke kommme i kveld likevel. Holder på å mekke på bilen skjønner du, og det tok visst litt lengre tid enn jeg hadde trodd. Emn du blir vel ikke sur,a ?.” Kor kjedeleg er det ikkje å få hørt det? Og kor mange gonger har vi ikkje fått høre unnskyldningar som det?

 

Bilen er det som gjer mannen status blant dei andre mennene. Jo finere bil, jo høgare kjem du på rangstigen over dei mest suksessfulle. Sjølvtilliten deira er på topp når dei kjem krusande gjennom det største krysset i byen, og akkurat idet dei gjer speed-pedalen det ekstra trykket innover, slik at det kommer et skikkelig ”vrrroooooom”, da er dei i himmelen. Og for å verkeleg komme opp til den niande og siste himmelen så skal det hele toppes med eit høgt smell frå eksosrøret.

 

I ungdommen var det råning som gjaldt for dei fleste. Komme glidande gjennom sentrum av byen, med høy musikk og den finaste dama i setet ved sida av. Bilen symboliserar kven dei er. Flammer langs sidaene på bilen, sota ruter og neonlys under bilen. Rånerunden kan dei i søvne og dekka gjer frå seg lange merke i asfalten idet dei sladdar rundt svingane. Oppmåling av kven som fekk det lengste merket finn sted etterpå, og vinnaren blir hylla som ein helt. Min far går enda under namnet ”tolv-meter-Tore” blant kameratane sine. Det var ein varm sommardag i juni at han i 73 fekk ein skikkelig god sladd på bilen i det vi kallar ”Ellingsen-svingen”, og la eit tolv meter langt hjulspor frå seg. Stakkars Ellingsen vakna frå sin daglige middagslur av et sort kvin, og for opp av sofaen og bort til vindauget for å sjå kva som hadde skjedd. Under spurten bort til vindauget klarte han å slå tåen i krakken ved sida av bordet, og uheldig som Ellingsen var så knakk ho. Min far meiner jo enda at det var Ellingsens tå som var alt for stor, og når det pratast om denne berømte sommardagen så lyser min fars augo opp av stoltheit. Det er ikkje noko som han den dag i dag er meir stolt av enn akkurat den dagen då hans nydelege, fine, grøne bil med atten tommars michelin dekk lagde det berømte merket, det merket som var hele tolv meter langt!

 

Den ultimata bilen for familiar er ei stasjonsvogn. Plass til alt og alle, men for mannen så er overgangen til denne typen bil nokså hard. Det er da det går opp for dei at dei faktisk har blitt vaksne no og at bilen nå må vere meir praktisk enn stilig. Men ein ting forandrar seg ikkje, på middagar med andre kjente så er framleis temaet i samtalane mellom menn bil. Det er berre ein liten vri på det. Lakk er framleis like viktig, men størrelsen på bagasjerommet er for eksempel blitt mykje meir viktig. Dette gjer at faktorar som flammer og neonlys er bytta ut med kor mange airbagar det er i bilen, kor stor bagasjerommet er og om det er lett å tørke bort flekkar av setene. Det er framleis ein konkurranse om kven som har det beste, men man ser korleis temaet i konkurransen forandrar seg etter kor alder og fase i livsløpet.

 

Vi kvinner kjem aldri til å forstå oss på det forholdet det er mellom ein mann og bilen hans. Bilen er som ein liten baby for dei og det er ikkje grensar for kor mykje tid og pengar de skal bruka på den er verdt. Kjipt er det for oss, men å prøve å gjere noko med det trur eg er nyttelaust. Det har sia bilen kom vore ein ellevill kamp mellom kvinner og bilar. Bilen er som eit kunststykke for mannen, og det kan virke som for oss kvinner at det er den som står hans hjarte nærmast. Når vi kjem heim og fortel at vi har bulka bilen, og stakkarslig skildrar dei grusamme sekundane akkurat idet vi seila inn i autovernet, er det ingen trøst å få. Uansett om du grin dine modigste tårer så hjelp det så kjempe lite. Bilen er og forblir mannens sjel, det er gjennom den en treffer dei mjukaste og mest sensitive sidane hos mannen.

 

Nei, kjære mannfolk, og skilje dykk og ein firkant laget av metall og går på fire rundingar laget av gummi ser visst ut til å bli vanskelegare enn eg hadde trudd.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish