Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Nynorsk novelle om eitt liv

Nynorsk novelle om eitt liv

Hovedpersonen i novellen er rusmisbruker i Oslo.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
12.03.2008

Ho vandra gatelangs i Oslo. Ho visste ikkje kvar ho var. Ho hadde gått i timevis utan at ho visste kvar ho skulle. Ho berre gjekk og gjekk. Det var nokre timar sidan ho hadde satt sitt siste skott. Ho byrja føle seg dårleg. Ho måtte ha meir… Meir rus.

 

Det heile hadde tatt til da ho møtte den gjengen på heimstaden sin. Ein liten stad i Trøndelag. Alle hadde åtvara henne mot desse folka. Ho hadde ikkje gidda høyre på dei. Korfor skolle ho høyre på dei? Dei brydde seg ikkje. No hadde ho endeleg funnet nokon som brydde seg om ho. Denne gjengen var av det tvilsame slaget, det visste ho. Men endeleg var det nokon som respekterte henne. Det var første gongen i livet at ho hadde følt seg velkommen, og ikkje mindre verdt.

 

Det eine hadde ført til det andre. I byrjinga berre drakk ho saman med dei. Etter kvart hadde ho røyka hasj og sniffa litt amfetamin. Ikkje så gale meinte ho. Etter kvart hadde ho fått prøva heroin, og da var ikkje vegen lang til sprøyter. Ho hadde mista all kontakten med familien sin. Dei hadde lenge forsøkt å hjelpe ho, men etter hundretals avvisningar frå hennar side så hadde dei gitt opp. Ikkje så rart kanskje.

 

Når ho no gjekk langs gatene i Oslo var det fordi ho ikkje held ut skamma på heimstaden. Ho måtte komme seg vekk. Dessutan var tilgangen på stoff betre i Oslo.

 

For å skaffe seg pengar til dagens dose hadde ho byrja stele i butikkane. Ho hadde sitte i fengselet to gonger. Det hadde vore frykteleg. I byrjinga hadde ho vore så dårleg at ho ikkje ensa kvar ho var. Etter kvart hadde ho komme seg ut i luftegarden. Dei folka ho hadde møtt der var dei same folka ho omgjekk i miljøet. Folk ho var dritlei av. Å treffe på desse folka når ho ikkje var rusa, var noko ho ikkje makta med. Så ho blei sittande inne på cella heile dagen. Ho orka ikkje jobbe, og skule var ikkje noko hensikt slik ho såg det. Ikkje fekk ho noko besøk heller. Kven skulle vel det vore? Ho hadde ikkje nokon kontakt med familien sin, og ho hadde ikkje ein venn i verden som fekk lov å komme på besøk i fengselet. Forresten så hadde ho ingen venner. Ingen verkeleg venn. Berre dei ho gjekk og rusa seg saman med. Det einaste ho hadde til felles med dei var rusen.

 

Ho vandra gatelangs i Oslo. Ho visste ikkje kvar ho var. Ho undra seg berre på kva slags trapp ho skulle tilbringe natta. Ho hadde ingen leilegheit. Ho hadde ikkje tak over hovudet. Nokre netter når det var kuldegrader i lufta, så hadde ho sove på eitt hospits. Men det var eitt sabla styr å få plass på desse romma. Ho orka ikkje treffe desse sosialarbeidarane oftare enn ho trengte. Desse nedlatande blikka deira kunne hu spare seg for.

 

Ho måtte treffe den fyren som ho kjende så godt. Den fyren med lommane fulle av det befriande brune pulveret som ho levde og ånda for. Forresten, levde? Kva for slags liv var det ho hadde. Ikkje noko liv dette…

 

Men kvar var no denne fyren? Ho trefte nokon ho kunne spørje. Han sto på eit gatehjørne. Heldigvis hadde ho nokre hundrelappar i lomma. Ho slapp å nedverdige seg å spørje om å låne. Det kunne ho ikkje fordra. Han kikka på henne. Jo da, han hadde det ho ville ha. Ho gav han pengane og fekk ein liten pose dytta inn i fingrane.

 

Ho vandra ikkje gatelangs i Oslo lenger. No visste foreldra hennar endeleg kvar ho var. Ho låg på gravlunden på heimplassen der ho vaks opp. Ho hadde tatt ein overdose heroin.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil