Les - om du klarar...

Artikkel om skolepolitikk ut i fra PISA-undersøkelsen, som viser at norske elever presterer dårlig.
Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2008.09.26

Norske tiåringar leser like dårleg som for fem år sida. I ein ny internasjonal PISA-leseundersøknad kjem Noreg på 35. plass av 45, svakast av OECD-landa. (Organisation for economic cooperation and development) Leseferdigheitene blant elevane våre ligger på gjennomsnittet blant disse OECD-landa.

 

Noregs ungdommar i dag, les som oftast avisar, internettstoff og teikneseriar, framfor skjønnlitteratur. Kvifor er det slik, med tanke på at Noreg er eit av verdas rikaste land? Burde ikkje norske elevar skåre høgare, være bland dei beste - rett og slett fordi vi er eit av de landa i verda, som brukar mest ressursar på skole? Finland er det landet i Europa som skårar høgast i denne undersøknaden. Finland ligger jo også i Norden, så kvifor er då skilnaden så stor frå vårt land?

 

Vi lever i eit informasjons- og kunnskapssamfunn, som tilseier at kunnskap og ferdigheitar er svært viktige ressursar og avgjørande for vår framtid som ein nasjon. Norske elevar har eigentlig alle føresetnadar for å gjere det bra på skulen, då vi har svært mange muligheiter for tilgang til informasjon og læremidlar. Den offentlige skulen tilbyr ein gratis opplæring, som inneberer bøker til alle, det skoleutstyret som trengs og noen skuler tilbyr også ein PC-ordning, slik at elevar får kvar sin PC som dei kan bruke til all skolearbeid. Dei fleste skuler har uansett Pc-ar, som gir elevane muligheit til å tilskaffe seg informasjon og kunnskap gjennom internett. Nå er det også slik at dei fleste norske ungdomselevar har eigen PC heime, som også gjer moglegheiter for tilgang til informasjon og hjelp til lekselesinga.

 

PISA-rapporten tek utgangspunktet i funksjonell kompetanse i lesing, naturfag og matematikk. I tillegg til det reint faglige, visar den også informasjon om holdningar, læringsstrategiar og motivasjon blant våre norske elevar. Det visar seg at elevane trives godt sosialt på skulen, og på det feltet skårar vi langt over gjennomsnittet i forhold til dei andre deltakarlanda. Når det gjeld motivasjon, innrømmar elevane at lærarane stillar for lave krav. Dessutan visar undersøknaden at norske elevar ikkje har nok disiplin på skulen, og at dei ikkje veit nok om korleis læringssituasjonar dei bør bruke. Kva er det som avgjer god disiplin og motivasjon for elevane?

 

I den norske skulen leggast det stor vekt på at elevane har ansvar for eiga læring (AFEL). Dette spesielt i den vidaregåande skulen. Omgrepet ”ansvar for eiga læring” oppstod i Noreg på starten av 90-talet ved Ivar Bjørgen, professor ved NTNU. Han har i ettertid vert oppgitt over misbruket av dette omgrepet. AFEL prøvar å definere kva god læring er, og understrekar at man lærar av å setje lærdomen ut i live. At kvar ein elev er aktiv lærande. Ein føresetnad for at elevane skal ta ansvar for eiga læring, som eigentlig kan kallast initiativ for å lære, er at dei veit læringsmåla. Når dei veit dette, kan dei jobbe mot målet på akkurat den måten det passar den enkelte; måten den enkelte elev lærar best på. Her kan ein bruke læraren mye eller lite. AFEL legg ikkje føringar her. AFEL har i debattar handla om at lærarar og andre som har ansvar for å sørgje for at elevane lærar, har sagt frå seg nettopp dette ansvaret, og lagt det over på elevane. Dette samtidig som det viser seg at norske elevar veit lite om korleis dei lærar best. Struktur, disiplin og ro blir knytte nært opp til eit ønskje om å bli kvitt omgrepet AFEL, fordi det mistolkast som at eleven sjølv har ansvar for å halde ro og orden i klasserommet, legge til rette for praktisk læring og legge opp til undervisninga utan at læraren er med og hjelpar.  

 

Den norske skulen tar utganspunktet i den gjennomsnittlige eleven, men dette medførar også at dei som ikkje passer heilt inn i systemet gjerne faller meir eller mindre ut av AFEL-teorien. Då blir det ekstra utfordrande, med tanke på kor mykje prosjekt- og gruppearbeid det er i den norske skulen. Dessutan er leseferdigheitene blant norske elevar meir sprett enn elles i Norden. Det viser seg at denne sprettinga ikkje skyldes store skilnader mellom skuler, men derimot mellom elevar i den same skulen. Dette kan komme av kulturelle skilnader, sosiale ulikskapar, problema blant elevar som hindrar dei i stor eller liten grad, eller foreldres påverknad, då foreldras utdanning og språklege bakgrunn har innflytelse på elevens prestasjonar. Igjen ser eg korleis AFEL står i strid med realiteten og elevens rollekonflikt. Det kan føre til eit klasseskilje, bokstavelig talt, kor mange kan føle seg utelata, tiltakslause eller urettferdig behandla.

 

Dei elevane som derimot meistrar opplegget angåande AFEL, blir gjerne enten konkurranseinnstilte eller synleggjort, og då får dei som oftast meir respons frå lærerana også. Dette fører til at fleire elever føler at enkelte lærarar er favoriserande. PISA visar at eit godt forhold mellom elev og lærar er mykje avgjørande for elevars karakterar. Når ein spør kva for eit fag den enkelte elev likar best, får ein som oftast svar om at faget er svært avhengig av læraren i faget. Skal verkeleg læraren vere avgjørande for fagets innhald og prosess? Eller er det elevane som er for kritiske?

 

Elevorganisasjonen (EO) er eit organ for, med og av elevar. Dette er eit organ som elevrådet ved skoler kan melde seg inn i, og hensikta med EO er å ivareta elevars rettighetar og interesser. Sjølv sitter eg i fylkesstyret til EO Akershus, og jobbar aktivt med skolepolitikk. Då får eg svært mykje tilbakemeldingar om korleis skolane fungerer i praksis. EO arrangerar forskjellege seminara og møtar, for at skolar frå heile landet kan møtes til diskusjonar, utveksle erfaringar og samarbeide. Diskusjonen angåande lærarar er alltid eit stort og omfattande tema. Det kjem stadig vekk forslag rundt elevmedverknad, etterutdanning for lærarar, og korleis lærarar blir sedd på av elevane.  Eg veit ikkje kor mange gonger eg har høyrd følgjande; ”Læraren min kan stoffet sitt, men han/ho klarar berre ikkje å lære det bort…” Det er altså viktig å trekke inn eller skilje vesentlige faktorar ved lærarstatusen, som pedagogikk òg faglig kompetanse. Ein ting dei fleste elevar i EO er svært einige om, er at lærarutdanninga og læraryrke bør få ein høgare status i samfunnet vårt, rett og slett fordi dei har en så utruleg viktig og avgjærande posisjon i samfunnet. Vi er avhengige av gode lærarar, slik at dagens ungdom kan representere Noreg som ei god, sikker framtid og nasjon. Dersom snittet for inntaket til lærarhøgskolen blir høgare samt betre lønn, gjer dette at kvaliteten sikres og betres. Eg trur også at lærarar bør ”øve” seg meir før dei går ut i praksis. Med dette meiner eg at de nyutdanna lærarane burde bli testa ut i forskjellege skulesituasjonar før dei faktisk gjær det som ”nybegynnarar”. Med disse situasjonane meiner eg forskjellege hendingar som kan oppstå i eit klasserom eller i ein skulekvardag, som det er viktig at læraren kan takle som pedagog, rollemodell og ansvarsperson. Hendingar som at ein klasse er ekstremt bråkete, angåande mobbing, vanskelegstilte og/eller kravsame elevar, kulturelle eller sosiale skilnader som kan føre til ein konflikt eller utfordring, osv. Då får ein testa ut om læraren både har den faglege kompetansen og dei pedagogiske eigenskapane ein trengar for å bli ein dyktig lærar. Lærarutdanninga bør rett og slett bli meir ”eksklusiv” og respektert. Det gjer nok mye med elevanes innstilling også.

 

Mange elevar følar at lærarar klager mye, enten om det er fordi dei har så mye elevarbeid å rette, at klassen er respektlaus eller at elevane ikkje følgjer med i timen. Her har lærarar eit stort ansvar, på tross av ”dårleg” lønn eller umotiverte elevar. Det er tydeleg og innlysande at positive tilbakemeldingar og skryt førar til at ein vil gjere det betre - altså, at ros fungerer så mye betre enn ris. På den annan side er det viktig med tydelege tilbakemeldingar frå lærarane, slik at elevar får moglegheit til å utvikle seg og forbetre seg. Dette er også noe den norske skolen ikkje alltid er like gode til å følgje opp.

 

På ungdomsskulen er det tettare kontakt mellom elev og lærar, og elevane blir meir oppfullt. Når det gjeld fråvær og oppmøte i den vidaregåande skulen, er dette også så og si opp til deg sjølv, og på eiget ansvar. På ungdomsskulen derimot, er du nøydt til å ta med ei melding heime frå, som forklarar fråværet. Overgangen frå ungdomsskulen til vidaregåande kan også føre til at skilnadene blir så for store, at det går utover arbeidsforholdet til elevar på vidaregåande.

 

Finland visar som sagt best resultata i PISA-undersøknaden, så kva kan den norske regjeringa og Utdanningsdirektoratet lære av finskene? Kva er det Finland får til, som vi openbart ikkje klarar? Jo, Finland er eksepsjonelle når det gjeld disiplin, og i det finske klasserom har elevane enorm respekt for læraren sin. Eg så eit program på svensk TV, kor ein svensk og ein finsk lærar møttes, for å utforske nettopp dette. (Den svenske skule har same skolesystem som Noreg). De skulle utføre eit eksperiment, då den svenske læraren blei plassert i ein finsk klasse, og omvendt. Dette eksperimentet varte over ei veke. Då den svenske læraren kom inn i den finske klassen, blei han mildt sagt sjokkert. Han blei rett og slett satt ut, fordi det var så stille i klasserommet. Elevane satt som tente lys gjennom heile undervisninga. Dette blei faktisk ubehageleg for den svenske læraren; han prøvde nemleg gjennom heile timen og få elevane til å snakke! Til slutt fikk han ungdomsgjengen til å synge, og då han skulle reise, blei elevane lei seg, fordi dei syns den svenske læraren var så hyggelig og morosam. Då den finske læraren ble introdusert for svenske elevar, var det ikkje mangel på sjokk der heller. Ho blei oppgitt og sliten av alt bråket, men til slutt fikk ho prøvekaninane til å finne ro. Kva seier dette oss?

 

Vi norske elevar er vandt til at lærarar kan vere ungdommelege, humoristiske og sosiale i timane. Dei finske lærarane derimot, er mykje, mykje strengare, kjørar ein hard disiplin, og forventar høflegheit, respekt og toleranse. Så, skal man velje då – kva som er viktigast og best; ein omgjengeleg, men for slapp og naiv lærar, eller ein streng lærar som får respekt, men som elevane kanskje kan føle seg redde for? Satt på spissen, så er dette Noreg vs. Finland. Er det realistisk og ønskeleg og innføre eit slikt system i Noreg igjen? For dei vaksne i dag, så var det slik då dei var skuleelevar. Mange vil nok seie at det er utenkeleg og nærmast umogleg å innføre eit slikt opplegg i Noreg i dag, men kvifor klarar Finland det då? Ungdommar er alltid hormonelle og utfordrande å ha med å gjere, uansett kva for ein tidsalder eller land/kultur ein lever i. Så når vaksne eller besteforeldregenerasjonen seier at ”ungdommen nå til dags… Dei er altfor slappe” osv, så tør eg påstå at samfunns- og skulesystemet kan få litt av skylda og. Dersom vi hadde innført eit tilsvarande system i Noreg som i Finland, så kan sjølvsagt norske elevar få det til, men eg får seie som politikarane seier; ”det tar tid”…

 

Ønskjer vi verkeleg eit slikt skolesystem som i Finland? PISA-rapporten visar at sjølv om norske ungdommar ikkje har dei høgaste lese- og skriveferdigheitene, så skårar vi høgt på andre ting. Undersøknaden viser nemleg at norske elevar er sjølvsikre, gode til å diskutere og har god elevdemokrativerknad. Eg syns at det beste hadde vore om ein kunne funne ein god blanding, ein mellomting av den norske og finske modellen. Min konklusjon på dette er: 1) Høgare krav frå lærarane til elevane. 2) Strengare disiplin, men at det er viktig å ivareta og oppretthalde den sosiale dialogen og kommunikasjonen mellom lærar og elev. 3) Vesentlig høgare krav for å bli lærar - som sikrar den faglige og pedagogiske kvaliteten og yrket blir dermed meir respektert. 4) Opplegget om AFEL bør strammes inn, eventuelt komme meir gradvis, men med ein vesentlig tettare oppfølging frå lærar. Dessutan bør vanskelegstilte elevar følgjes opp betre. 5) Lærarar bør vere flinkare til å gje fleire og positive tilbakemeldingar, dette gjer faktisk elevane meir motiverte, og det skapar ein positiv stemning i klasserommet.

 

Mange tar PISA-undersøknaden svært alvorleg, og seier at norske elevar og lærarar bør sjå på resultata som oppsiktsvekkande og ikkje minst urovekkande. Står Noregs framtid på spill? Er det fare for at vi som framtidas samfunnsborgarar endar opp som ein gjeng umotiverte, ubrukelege idiotar med litt for mykje, ugrunna sjølvtillit …?

 

 

Kilde:

- www.regjeringen.no/nb/dep/kd/dok/veiledninger_brosjyrer/2002/PISA-undersokelsen-Utfordringer-for-skolen.html?id=87878

- www.pisa.no

- Eigen erfaring frå EO, som elevrådsleidar og som elev…

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst