Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Iskald kjærleik

Iskald kjærleik

En kjærlighetsnovelle/fortelling skrevet til tentamen.

Karakter: 5- (10. klasse)

Sjanger
Fortelling
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
25.11.2009


Eg førde fingeren sakte rundt på vegen, slik at det vart eit perfekt hjarte i den nyfallne puddersnøen; snøen låg lett på bakken, og eg kjende snøfnugga kile meg i auga, ein etter ein. Snøfnugga frå skyene dalte ned på vegen føre meg. Det hadde allereie lagt seg eit lite lag snø, og skritta mine knirka litt når eg gjekk bortover puddersnøen. Vindkasta som reiv tak i hetta mi hadde allereie møtt dei kvite frosne vassdråpane i forkjøpet og då eg gjekk bortover gangvegen skimta eg etter kvart ljoset frå lyktestolpane som fekk snøfnugga til å danse ei slags vals med kvarandre, vent, og perfekt.

 

Det var ein kald januarkveld i gatene utanfor Bergen, der eg gjekk langsamt bortover det musestille nabolaget til Cecilie Tønnessen. Skjønne vesle Cecilie, som var 1,67 høy og hadde sjokoladebrunt hår. Eg hadde sagt at eg skulle stikke innom hennar klokka 8, men så nervøs som eg var så tok eg bussen ein time før, for å vere sikker; sikker på at ikkje noko skulle gå gale; sikker på at eg ikkje gløymde meg, rett å slett for å vere heilt sikker.


 

Eg rusla vidare bortover det smale fortauet; tenkte og funderte på kva eg skulle seie då eg ringte på dørklokken hennar. Kva skulle eg seie? Kva ville ho svare? Ville dette i det heile gå vegen min; vegen min, for ein gongs skuld!

 

Eg rista av meg dei iskalde, frosne vassdråpane som hadde lagt seg i hetta mi. Eg blei atter ein gong iskald, livredd for at ho skulle dumpe meg på dørstokken; livredd for at dette skulle gå feil veg; livredd for at eg enda ein gong skulle gå på tryne. Då eg nærma meg huset hennar, drog eg opp mobilen frå lomma; klokka var kvart på 8. No fekk eg tid til å tenkja på kva eg skulle seie, kva eg skulle svare og kva me skulle gjere. Foreldra hennar var ikkje heime; me hadde planlagt å sjå på film. Eg hadde teke med meg ein bærepose frå Meny, med potetgull, ein Freia mjølkesjokolade og raud julebrus. Alt var planlagt; ikkje noko kunne gå gale!

 

Eg stoppa litt opp for å sjekke mobilen igjen; eg fekk aldri meldingar frå nokre andre enn mamma og pappa; og heller ikkje denne gongen var det nokre nye meldingar i innboksen. Kvifor sende ho meg ikkje ei melding? Eg er sikker på at ho fekk nummeret mitt. Kanskje ho ikkje vil ha meg, kanskje eg er for teit? No vart eg kald igjen, eg var ein vandrande istapp, ein iskald, frosen istapp, som skulle til å gje seg ut på eit av verda si sju underverk, nemleg kjærleiken. Ville det kanskje varme meg?

 

Knirkande i den nyfalne puddersnøen valsa eg bortover mot døra; den koselege døra med eit hyggeleg lite ”Welcome” skilt på midten; døra som forhåpentlig ville føra til noko postivit, positivt for ein gongs skuld! Eg strakte ut armen for å nå ringeklokka, fingrane mine var kalde og stive, dei var rett å slett frose fast i ei form for krampe til nervøsitet; livredd for kva eg skulle seie.

 

Då eg til slutt klarte å bøye leddet i peikefingeren, den lange og beinete peikefingeren, skvatt eg til. Det kom eit svakt, men avlikevel eit ørekraftig ”pling” frå innsiden av det store beige huset i det eg trykket på den kvite flekken på sida av døra som gav frå seg ein skarp lyd som det ikkje går ann å ta feil av. Eg trekte meg nokre kjappe, lydløse steg tilbake, slik at eg ikkje virka påtrengjande.

 

Det var nokre lange sekund å vente, nokre iskalde lange sekund, men til trass den iskalde vinden som bles gjennom hovudet mitt, var eg varm; varm og nervøs for kva som ville skje; brennhet, ja sikkert knall raud i heile andletet, men på grunn av den iskalde vinden håpa eg at det ikkje ville syne.

 

Eg trekte hendene opp i jakkeermet, dei vart kalde; kalde på grunn av den frosne vinden som bles opp i ermet på dei klamme hendene mine. Eg var nervøs, men hadde klart å byggje på meg ei maske; ei maske som kanskje ville gje eit inntrykk av at eg ikkje stressa. At eg tok det roleg ville kanskje ha vore viktig, men det er vanskeleg, når du innvendig veit det; du veit at du igjen kjem til å gå på trynet, slik ein alltid har gjort, i heile livet sitt.

 

Hjartet mitt slo kjapt; så kjapt at eg trudde det skulle hoppe ut gjennom munnen min, eg vart varmare enn eg nokon gong hadde følt meg, svimmel, rett og slett uvel. Eg trakk pusten djupt; ut og inn, fortere. Eg pusta tyngre for kvart sekund som gjekk, og eg trudde eg skulle hyperventilera på staden. Sakte trakk eg meg endå nokre steg tilbake, eg snudde meg brått og gjekk mot vegen igjen.

 

Beina mine reagerte så vidt når eg løfta dei for å gå vidare mot vegen. Det var vanskeleg å stokke dei om, dei var tunge; tunge som bly, det var rett å slett ein helt jæveleg opplevelse. Med eit svakt smell fall eg i hardt i bakken, eg fall på den våte, litt klamme snøen, som nå hadde lagt seg i et tykt lag på gangvegen. Det føltes kaldt, men samstundes godt. Eg vart liggjande; liggjande å vente på at noken skulle finne meg, finne den livlause kroppen min, som berre låg der i vegkanten på de nyefalne snøenfnugga, liggjande å vente, utan å vite kva som ville skje. Ein iskald kjærleik, i eit reint helvete av ei verd.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil