Jånni & the story about the bensinstasjon and how he was robbed.

En novelle om Jånni som blir rana.
Sjanger
Fortelling
Språkform
Bokmål

"Bensin pumpe 6". "Javel. Da blir det 300 kr da. Takk skal du ha. Kvittering vil de ha det?". "Nei takk. Treng ikkje det Får ikkje noko igjen på skatten a likevel". "Hehe. Sant det. Ha det bra". Kunden tusla ut og stasjonen var atter igjen tom. Det var fredag kveld, og det regna. Jånni begynte å bla i VG. På side 5 sto det om ein bensinstasjon som hadde blitt rana. Han hadde faktisk ikkje tenkt så mykje på det, det å bli rana. Det skjer ikkje meg tenkte han og meir brydde han seg ikkje om det.

 

Ein ny kunde kom inn på stasjonen. Jånni sa "Hei". Men kunden svara ikkje, "Han verka rimeleg furten og sur", tenkte Jånni. Kunden var ikledd ein mørkegrøn cordfløyels bukse, og ein raud genser man kunne skimte under den blå regnfrakken. Han stoppet opp ved bladene. Så først litt på nokre bil-blader, men så tok han eit nummer av Cats og begynte å bla forsiktig. "Hehe. Det er så typisk", tenkte Jånni med eit smil om munnen. Kunden la frå seg bladet og gjekk vidare i sin søken etter eit eller anna bruke pengane på. Han tok ein halvliters flaske med Fanta, fant seg ein Japp og gjekk til kassa. "Hei", sa Jånni og prøvde igjen å lokke fram nokre ord ut av kunden. Men kunden sa intet. Kunden la ein 50-lapp på bordet og Jånni la den rett ned i kassa. Imens kom ein ny kunde inn på stasjonen. Jånni tasta inn 50 kr på kassa, og så sto det kor mykje kunden skulle ha tilbake. 16,50 kr sto det. Han fann fram det rette beløpet og ga det til den furtne kunden. "16,50 kr. ? ", sa kunden. "Ja. Er det noko gale? ", svara Jånni. "Ja. Eg ga deg 100 kr. Eg trur eg skal ha tilbake meir." "Eg må berre beklage. Men du ga meg 50 kr. Ikkje 100 kr. " "Nei! Det gjorde eg ikkje. Eg ga deg ein 100-lapp". "Eg visste det. Eg visste han skulle lage problem. Kvifor la eg ikkje pengane berre ned på disken?", undra Jånni mens han lurte på kva han skulle gjere. Imens hadde den andre kunden komme seg til disken og Jånni ville berre bli kvitt den sure gubben. "Eg får berre beklage. Her har du pengane. Ha ein god kveld." Kunden tok pengane i handa, og gjekk ut mens han småbanna. "Fanden også. Eg må skjerpe meg. Husk Jånni, legg pengane på disken. Alltid på disken. Men, men, det er fortid nå.", tenkte Jånni.

 

Jånni begynte å legge på fleire pølser. Det begynte å bli tomt, berre to grill, ein wiener og ein løkpølse var att. Han tusla ut på lageret og kom tilbake med pølsene han trengte. Han snitta opp pakkene og la pølsene på med "Hugs at pølsene skal smile til kundene", tenkte han og smålo. Så stakk også den andre kunden og Jånni var igjen aleine på stasjonen. Med eit brast døra opp. "Opp med henda!! Faen. Se til å få henda opp!!!", skreik ein mann med finlandshette. Han storma mot Jånni med ein pistol i hånda. "Hvor er penga dine? Hvor er penga dine sier jeg!! Svar da!". Raneren skreik til Jånni og dytta han i veggen mens han pressa pistolen i nakken hans. "Der..der..", sa Jånni med ein skjelven stemme og peika på kassene. "Ikke rør deg skreik raneren. Stå helt stille. Skjønner’u?". Han tok opp ein bag og begynte å fylle den med pengar. Tankane begynte å svirre i hovudet til Jånni, eller tenkte han eigentleg så mykje. Ein ting er i allfall sikkert, mange sekund tok det ikkje før Jånni igjen var aleine på stasjonen, men ville han eigentleg det no?

 

Jånni lengta etter mor, eller var det mor? Nei, det var nok ikkje det, Jånni tenkte no på hans avdøde bestemor som blei rana, og skote i hovudet med ein pistol. Hmm...Jånni tenker på kva som kunne skjedd dersom ranaren hadde skote. Tankane er skremmande, og han kjem fram til at ranaren nok ville ha treft han i hovudet, Jånni ser no alvoret han nettopp har vore igjennom. Det tar ikkje mange sekunda no før politiet er på stasjonen, for han hadde jo klart å trykke på ransalarmen han hadde under kassa. No er det ikkje tid til å tenkje så mykje på seg sjølv lenger, no er det signalement av ranaren som gjeld.

 

Tre dagar har gått sia Jånni blei rana, eigentleg har det vel ikkje gått opp for han kva som har skjedd enda, men ein ting er sikkert, sove får ikkje Jånni, og det har han heller ikkje gjort meir enn nokre få timar sia ranet. Jånni kan vel seiast å ha ein aldeles liten depressiv periode, men så er det i ein slik stund godt å kunne ta seg eit par valium. Jånni kjenner han blir roleg, men berre så lenge valiumen sitt i kroppen. Dermed begynnar han hyppigare og hyppigare med å hive i seg slike tabletter. Til slutt er han på eit slik forbruk at legen no nektar å skrive ut resept på meir valium. Jånni slit, han veit ikkje kvar han kan gjere av seg, han tenkjer, kva skal eg gjere? Til slutt går det så langt, Jånni slit så mykje, at han ikkje ork meir. Han søkjer no ned i de belasta strøka i byen, skaffar seg ny valium og livet blir på ny ein dans på rosar. Etter kvart prøvar han nye saker, enda betre saker, og no sitt han i klisteret, han har blitt hekta.

 

Fire månader har gått sia ranet, desse minna sitter nå berre så vidt igjen i Jånni, han klarer ikkje lenger å gå tilbake til jobben. Ein kveld han er ute med kameratar startar han å slite litt, han har ikkje meir pengar, og stoff må han jo ha, så kva skal han gjere? Berre nokre få timar seinare sitt han utafor ein mørk bensinstasjon, det er no berre nokre få minutt til stasjonen stenger. Det er no det skjer, det er no eller aldri tenkjer Jånni, i det han stormer ut av bilen...

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst