Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Shrek

Shrek

Filmanmeldelse av Shrek.

Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
13.06.2010
Tema
Filmer

«Det var ein gong» - slik startar den hysterisk morosame amerikanske animasjonsfilmen «Shrek» frå 2001. Og jammen får vi ekte eventyr, og på ein heilt ny og spennande måte! «Shrek» er ikkje heilt som andre eventyr, den får eit gammalt til å virke aldeles nytt: Alle har vi høyrt om den fagre prinsessa som er innelåst i det høgaste tårnet vakta av ein eldsprutande drake, som ventar på å bli redda av den modige prinsen. Men var prinsen frå historia frå den uskuldige barndommen eit stort og grønt troll?

 

Shrek er ein svær, illeluktande grøn einstøing av eit troll. Han bur aleine i sumpen sin med eit einaste tilsynelatande ynskje: å få vere i fred i sumpen og landet sitt, Duloc. Men slik går det ikkje, for på den andre sida av landet bur den latterlege låge og slemme figuren Grev Farquaad – ja, «for ein ser jo ikkje akkurat opp til han» (Esel, vittig kommentar lengre ut i filmen), og han har heilt andre planar. Han meiner landet har alt for mange eventyrfigurar, og vil fjerne dei: kvar? Sjølvsagt til sumpen til Shrek. Han forviser både Pinocchio, dei tre bjørnane, Askepott og dei sju dvergane, den store stygge ulven, hekser og hundrevis av andre skapnader frå dei kjente og kjære eventyra. Sist, men ikkje minst: eit talande esel – som ikkje berre kan tale, men har problem med å stoppe! Shrek vil ikkje ha noko av at heimen er blitt gjort om til ein flyktningleir, og gjer opprør mot dvergen av eit menneske grev Farquaad, og kastar seg ut i eit spennande og fortryllande eventyr til glede både for store og små, ulysten saman med vittige Esel med sine stikkande kommentarar som:

«Eit troll er som ein løk» (Shrek)

«Dei stinkar» (Esel)

«Ja.. nei!» (Shrek)

«Dei får deg til å grete» (Esel)

«Nei!» (Shrek)

«Og når dei ligg ute i sola, veks det hår på dei?» (Esel)

Dei møter grev Farquaad i den bisarre festninga Duloc, kor dei blir samde om at han skal få sumpen att dersom han kan redde den fagre prinsesse Fiona, vakta av ein eldsprutande drake, og få ho med heim att som brur hans. Saman med Esel gjer dei den spennande filmen om jakta på å få att sumpen til noko heilt særskilt, sjølv om målet til slutt skulle vise seg å vere noko heilt annleis.

 

Filmen er basert på eventyret «Shrek» av William Steigs frå 1990, og er ein av animasjonsselskapet

Dreamworks store suksessar, som no er ein sterk konkurrent til det verkeleg store selskapet Walt Disney Bros. I følgje Wikipedia, kjem namnet «Shrek» frå det tyske ordet Schreck som tyder skrekk, eit passande ord på fyrsteinntrykket til «det store og stygge beistet» (seiest av Robin Hood, da han prøvar å drepe Shrek i skogen). Av skodespelarprestasjonar i filmen er det ikkje mykje å seie på: Mike Myers (Shrek), Cameron Diaz (Fiona) og Eddie Murphy (Esel) gjer alle ein fantastisk jobb, og med den skotske aksenten til Shrek og den ekstremt ordkjappe Esel blei det verkeleg bra. I filmen er det valt attkjenneleg popmusikk av Smash Mouth, The Proclaimers, Jason Wade, Baha Men og Rufus Wainwright, og desse er det heller ikkje noko å seie på.

 

Bodskapen i filmen er det verdt å leggje merke til, han seier at ein skal nemlig respektere andre og ikkje døme dei etter utsjånaden, men personlegdomen og at ein bør kjempe for rettferd. Det store grøne trollet inspirerer både store og små i morosame eventyret med han og Esel og deires morosame samspel. Vaksne som barn kan ta lærdom av filmen, og er du og familien din ute etter god familieunderhalding, lattersalve etter lattersalve, artige detaljar og ein film full av hysteriske og overraskande twistar, er dette verkeleg filmen for dykk og anbefalast på det sterkaste.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil