Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Ein humoristisk vri på livet

Ein humoristisk vri på livet

Ein artikkel på nynorsk som drøftar mitt personlege forhald til humor.

Karakter: 6 (juletentamen, 10. klasse)

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
15.02.2011
Tema
Humor


Forskjellig bakgrunn - lik humor ?

Kva er eigentleg humor? Ordet humor kjem frå latin og tyder «evne til å sjå dei komiske sidene ved tilværet; det som får oss til å le». Kva gjer at forskjellige folk har så ulik humor? Kanskje har det med kjønn, alder, kulturforskjellar og samfunn å gjere. Og korleis kan det ha seg at ein bestefar frå Toten ler av akkurat det same som ein sjukepleiarstudent frå Finnmark? Kven veit? Eg kan sansynlegvis ikkje gi noko godt svar på det, men eg skal ta for meg ulike sider ved humor, og drøfte kvifor folk har den humoren dei har.

 

Humoristisk oppvekst

Eg meiner at oppveksten og familien er med på å farge og gi liv til humoren. Familien min har gitt meg ein så tørr humor at «dersom han hadde blitt tørrare, så måtte vi gått med sandalar». Det seier i alle fall syskenbornet mitt, David.

 

Heilt frå eg var liten har eg blitt fortalt gåter, vitsar og morosame historier. Det er ikkje rart humoren min er det stikk motsatte av søkkvåt. Særleg onkelen min, Rune, har plaga meg med alle dei knekkebrødtørre utsagna sine:


Kva får du dersom du krysser ein komikar og eit virus?

Nei, det veit vel ikkje eg, kva då ?

Sjuk humor !

 

Ein smule plagsam?

Så ler vi, og eg forteller ein vits tilbake. For dei kan eg mange av. Kanskje litt for mange. Eg elskar å fortelle vitsar! Men det er desverre ikkje alle som er like glade i å høyre på, som for eksempel tvillingsystera mi, Mari.

Mari, vil du høyre ein vits?

Ja, svarer ho sikkert då. Og ho høyrer høfleg på dei første og den andre, men så, etter fem-seks vitsar, ropar ho nærmast:

Rikke, HALD KJEFT !

«Og sånn går nu dagan...»

 

Lik bakgrunn - ulik humor

Men kvifor har ikkje ho, som har hatt akkurat den same oppveksten og den same familia som meg, også den same humoren? Nei, sei det. Det er det berre Gud som veit. Kanskje er det nokre forskarar som veit det, men er det så nøye med? Alle er ulike, og det må vi akseptere. Og vi må iallfall ikkje le av dei som er annleis enn oss.

 

Humor på tvers av landegrensene

Alle har vel høyrt eller fortalt ein vits om dei gode, men nokså dumme, naboane våre, svenskane. Men er det greitt å fortelje slike vitsar ? Det er det nok, og det er viktig å kunne le av seg sjølv og ha ein god dose med sjølvironi. Dessutan kan ein sikkert ikkje telje alle gongane ein slik vits har brutt isen i eit keisamt familieselskap. Men på den andre sida så må ein passe på at ein ikkje seier noko som kan såre nokon og er morosamt på andre si bekostning.

       

«Det var ein gong ein nordmann, ein svenske og ein danske som hadde konkurranse om kven som kunne lene seg lengst ut av vindauget.

Plutselig vann svensken.»

 

Blir humoren påverka av kvar ein bur? Ja, det trur eg! Nordmenn kjem nok alltid til å fortelje svenskevitsar, og herøyværingane kjem i all framtid til å meine at ulsteinvikarane og hareidsdølingane har ein skrue laus. Men ein kan jo likevel vere vennar, ikkje sant ?

 

Vennar på trass av - eller på grunn av? - humor

Har du same humor som vennane dine? Dersom svaret er ja, er det derfor de er venner? Og er svaret nei - korleis påverkar det vennskapet? Eg har ikkje den same humoren som mine vennar (eg har kanskje litt meir «gutehumor») og får støtt og stadig høyre at «Herregud, så teit du er!». Men bryr eg meg? Nei! Og sjølv om vi har ulike meiningar om kva som er morosamt, så stoppar det ikkje oss frå å ha det kjekt i lag.

 

Gutehumor vs. Jentehumor

Dersom eg skal beskrive humoren min, vil eg seie at han er ein slags tørr, litt grov gutehumor. For etter det eg har erfart så er kjønnet med på å påvirke kva kvar enkelt synest er morosamt. Gutane kan le av grove vitsar og ein smule barnslege ting, mens jentene som regel er litt meir pripne og tek seg litt nærare av ting.

 

Gamleheimshumor ?

Eg meiner at eldre har ein annan humor enn dei som er unge. Bestefaren min er spesielt glad i gåter. Vanskelege gåter, enkle gåter, morosame gåter og filosofiske gåter. Særleg denne gåta fekk eg høyre mange gongar:

       

«Det har aldri skjedd, det skjer ikkje no, det kjem aldri til å skje, og

dersom det hadde skjedd ville du sett det ut av vindauget. Kva meiner

eg?»

Kanskje du veit svaret* ?

 

Konklusjon

På bakgrunn av det som er nemt ovanfor meiner eg at humor er påverka av mange forskjellige faktorar, som for eksempel oppveksten, familien, kvar du bur, om du er gut eller jente og kor gamal du er. Likevel er det ikkje sikkert at det eg har skrive stemmer 100%, fordi alle er forskjellige. Men ein ting er sikkert: det er viktig med ein humoristisk vri på livet!

 

*Svaret på gåta er at alle tretoppane blir like høge.

 

 

Kjelder:

Taule, Ragnvald: Escolas ordbok nynorsk, Escola Forlag, 2003


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil