Religion – ein håplaus kritisk debatt

Ein stil som omhandlar kritikk av religion, historia til religionskritikarane og ei liste over argument frå begge sider, som går spesielt inn på det kristne livssyn.

Skrevet i 10. klasse.

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2011.04.29

 “Never underestimate the power of idiots in large masses.” -Sagt om dei kristne krosstoga.

 

Opp igjennom historia har religion vore ei stor makt, og eit grunnlag for mange til å gjere ting som dei elles aldri ville gjort, både på godt og vondt. På grunn av dette har det i mange bygd seg opp eit sterkt hat mot truande og livssyna deira.  I denne presentasjonen skal me sjå nærare på historia til kritikarane, og ta ein titt på og analysera argumenta til begge sider. I tillegg skal me sjå litt på det norske skulen sin handsaming av religion.

 

Litt kjapp historie fyrst: (Fort og gale, og lite dekkjande.)

 

Dei fyrste som tok avstand frå dåtidas tenkjemåter var romerske filosofer ca. 400 – 500 år f. Kr. Desse meinte at menneska skapte guder for å tilfredsstilla dei og gje dei håp når dei vart sterkt undertrykka. Dei levde i ei hard verd, kvar den vanlege mannen i gata hadde særs lite å seie, og filosofane meinte at dette var den einaste måten dei unngjekk å ty til “snarvegen”. Diverre vart det slutt på denne typen tenking når Romerriket vart eit einevelde, fyrst styrt av Augustus Caesar.

 

So vart det ganske stille, sidan kristendomen inntredte Europa, og forbød all fritenkjing. Under middelalderen vart alle som gjekk imot kristendom strengt straffa, og utviklingen skjedde difor ekstremt treigt i ca. 1000 år. (Difor vert den kalla middelalderen.) Men når opplysningstida tredte inn på 1700-talet endra dette seg. Vitskapen fekk ein sterkare posisjon i verda, og særs i Europa, og fleire forskarar og filosofar begynte å stilla spørsmål til trua. Dette var spesielt retta mot kristendomen, og dei benytta seg av logikk for å gå imot den. Eit døme er treeininga, at Gud, Jesus og Den Heilage Ande var ein. 1 + 1 + 1 ≠ 1, sa dei. Dei religiøses svar på dette var at Herren ikkje kan beteiknas matematisk, og at han isofall ikkje er EIN, men eit uendeleg høgt tal, sidan han styrar heile verda.

 

Før i tida lærte ein at verda vart skapt ca. 4000 år før Kristi fødsel, og at Gud skapte ho på 6 dager. Denne trua vert i dagens samfunn kalla for “Ungjordskreasjonisme”. Men so kom forskarar på banen, med sine teoriar. Charles Darwin hadde ein teori om at dagens dyr hadde utvikla seg ifrå tidlegare dyr, og at dette gjekk mange fleire år tilbake i tid enn det Bibelen kunne forklara. Georges Buffon gjorde undersøkjingar på Jordas alder, basert på at ho ein gong var ein glødande kule, og kom fram til ein alder på 75000 år. (Han benytta seg av ein riktig metode, men tok ikkje med radioaktivitet, noko som senkjer nedkjølinga betrakteleg.) Det som var annleis med desse i forhold til religion, var at dei hadde eit grunnlag i naturen, i noko forståeleg, i noko som kunne forklarast. Og dei skapte standarden for slik dagen religionskritikk er: argumenta MÅ kunne forklaras logisk. Dei som trur på naturvitskapen seier at med mindre det kan bevisast matematisk, er det ikkje sant.

 

Noko som og vart kraftig kritisert, og av kristne, var krosstoga. Eit krosstog var ein krig satt i gong av kristne orsaker, og som ofte var godkjend av paven. (Og ofte oppfordret paven til krosstog.) Spesielt muslimske land vart ramma av desse. (Og mange av krosstoga vart starta for å gjenerobra Det hellige landet, altso området som i dag delast av Israel og Palestina.) Her drepte ein vantruande, og tvang befolkninga til å venda om, med grunnlag i kristne tekster, som til dømes den fyrste salma. Denne seier at ein skal helde seg unna vantruande, og at dei skal lida til evig tid. Misjonsbodet var og viktig. (Matteus vers 18-20.) Dei fleste er i dag allikevel einige om at dagens kristne ikkje kan stå ansvarleg for handlingar føreteke av andre kristne for fleire hundre år sidan.

 

Muslimane vart og sterkt kritisert av forskarar og filosofar, i hovudsak for deira heilage krig, eller “Jihad” som den vart kalla. Den muslimske religionen oppfordra til spreiing og forkynning, og gjennom krig. Fordi mange muslimske leiarar var svært gode hærførarar, gjorde dette at Islam fekk ein gigantisk utbreiing i store delar av Asia, Nord-Afrika og Aust-Europa. Til og med dåtidas Spania, Castille, vart ramma, kvar nokre sørlege områder braut ut til ein eigen, muslimsk nasjon. (Granada.) Jihad var ofte orsaka til at europeiske land satt i gong korstog mot muslimske. Mange filosofar meinte at mange muslimske leiarar utnytta det som sto i Koranen til eigen vinning, og som ein grunn til å skaffa seg større herredøme og meir penger i statskassa.

 

Men kvifor er dette temaet aktuelt i dag?

Tja, eg skal gje deg ei oppgåve. Gå inn på ein vevstad med forum. Gå so innpå kategorien for “off-topic”, altso der ein kan preike om alt mogleg. So ser du kor mange tråder du finner som kritiserer eller diskuterer religion på fyrste sida av emnelista. Du vil verta overraska over kor mange det kan vera. Internett er slik ein vidunderleg plass kvar ein kan diskutera nesten heilt anonymt, og dette opner moglegheitane for at alle kan diskutera. Og på desse vevstadane er det ofte “nerdar” eller folk som kan mykje. Folk som har vorte oppteke or vitskap heile livet, har lettare for å vera ateistar, altso “ikkje-truande.” Ein ateist er ein som benekter at det finst høgare makter, som det kjem fram av namnet. (Ein teist er ein som trur på ei eller anna form for høgare makter.) Dei religiøse “nerdane” har ofte levd med kritikk av religionen sin ifrå miljøet deira heile livet. Dei er difor mindre bøyelege og sterkare truande enn mange andre. Dette fører sjølvsagt til konflikt, når ein har kraften av anonymitet og ein sterk minoritet som er villig til å forsvara det dei står for. So då vert det debatt, særs oppheita debatter.

 

Desse er av veldig blanda kvalitet. Nokre gonger får ein fram gode argumenter ifrå begge sider, andre gonger kjem både den truande og den ikkje-truande sida med usaklege meininger, og heile diskusjonen drukner i eit hav av babling og irritasjon. Noko som og ofte skjer er at den ateistiske majoriteten nekter å vedkjenna dei kristne argumenta. (Dette skjer og ifrå motsatt side, men etter mi erfaring ikkje like ofte.) Spesielt på forum utan redaktør og moderatorar, vert det sånn. Dette kan vera direkte skadeleg, og kan føra til tvangstanker, mobbing og liknande. (Tru meg, å følast aleine i trua si mot ein haug av menneske som gjer narr av deg er ekstremt nedbrytande.) Men nokre gonger fungerer den fantastisk, og ein får ein utvikling i begge sider.

 

Vidare no vil eg visa argumenta ifrå både den kristne og den ateistiske sida. Grunnen til at eg fokuserer på desse to syna er at dei er dei eg har satt meg mest inn i, og er dei to som går mest i tottane på kvarandre. So gjer dykk klar til:

 

Kristendom VS Ateisme (Og korleis diskusjonane deira aldri vil bevisa noko som helst.)

Ein or tinga som har fått mange kristne til å verta ateister er spørsmålet “Om Herren er so god, kvifor er det då SO mange som lever i fattigdom, og kvifor er det krig og naturkatastrofar i verda?” Dette er eitt or dei mest brukte argumenta. For å forsvara religionen sin kan ein svara på fleire måter: Den fyrste er at Gud ikkje tek direkte kontroll over verda på den måten, sjølv om han KAN gjere det. Naturkatastrofene er berre eit resultat av prosesser han har satt i gong, prosesser som diverre skadar menneske i blant. Ein anna måte vil vera å seie at Gud har ein plan med det, men at det er umogleg for oss mennesker å skjøna korleis. Den tredje måten er at det er djevelen si innverknad på verda som gjer det. Krigen mellom Herren og Satan har framleis ikkje skjedd, sjølv om mykje i profetiane visar til at det verkeleg kan begynna å nærma seg. Douglas Adams, ein kjend forfattar og komikar, skreiv dette til introduksjon til bokserien Haikerens Guide til Galaksen, for å gjere narr av både kreasjonismen og “Den gode Gud” på ein gong:
“Historien så langt: I begynnelsen ble verden skapt. Dette har gjort svært mange folk sure, og er i vide kretser regnet som et dårlig valg.”

 

Skapingsteorien er noko ateistar og set under tvil. Me har jo so mange “bevisar” for at verda er eldre enn 6000 år? Korleis kan ein då tru det? La det fyrst vera klart at det her i Europa ikkje er mange kristne som trur at verda berre er 6000 år gammal. Dei aller fleste er “Gammaljordskreasjonistar”, altso at dei trur at Gud satte i gong prosessar som skapte livet på jorda, og verda. Men for dei som trur verda er so ung, finst det nokre arguemnter for det og, sjølv om dei er litt diffuse. Det er for det meste konservative kristne som har desse meiningane, so for dei vert det ikkje eit problem. For sidan alt det andre i Bibelen passar so godt, kvifor skal ikkje dette passa godt? Dei trur gjerne at Gud skapte jorda so ho skulle sjå gammal ut. Kvifor, spør du kanskje. Vel, dei hevder at Gud har ein plan med det, sjølv om det ikkje verker logisk for oss. Og ein del kristne meiner at vitskapen sin teori er like dum. Den seier nemleg at universet eksploderte ut ifrå eit punkt med volum på 0 og ein undeleg masse. Korleis dei klarar å forklara dette kan ein jo lura på.

 

Korleis kan Jesus og profetane ha gjort alle undera? Dette har få kristne problemar med å svara på. Herren er allmektig i kristendomen, so kvifor skulle ikkje han kunne vekkja døydde opp til live, kurera sjukdom, dela havet osb...? Når det gjeld delinga av havet, so er det berre til å ta eit raskt søk på google, og ein finner MANGE teorier for korleis det kan ha skjedd vitskapleg. Når det gjeld korleis Jesus gjekk på vatnet, er det ein del forskarar som meiner at han faktisk gjekk på is.

 

Kristne påstår at Jesus er Messias, han som skulle koma og frelsa oss. Det er bred einigheit om at Jesus eksisterte, på grunn av den store mengda dokumentasjon ein har om han. Men korleis veit ein at han ikkje er ein løgnar, ein falsknar, og at ein annan var den eigentlege Messias? Dette er eit spørsmål som er svært vanskeleg å svara på, og hadde det ikkje vore for flittige bibelanalytikarar, ville ein aldri ha komen langt i ein diskusjon. Eit føredrag, som det er lenkje til nedst i innleveringen, visar til noko veldig viktig. Det er over 60 profetiar i det gamle testamentet som handlar om korleis Messias kjem til å vera. Jesus oppfyller samtlege, inkludert den som omhandlar kortid han kjem. Sannsynet for at eit menneske skal greie alt dette og IKKJE vera Messias, er faktisk berekna. Det visar seg at talet er 1 til eit tal som er so stort at det ikkje vil kunne skrivast om ein benytta seg av ALL den plass i universet. (Sånn som eg forsto det.) So på grunn av at Jesus oppfylte alle desse profetiane, er me ganske sikre på at han var Messias.

 

Om Herren er so god, kvifor står det gong på gong at ein skal torturera og drepa vantruande? Dei refererer ofte til bibelvers når dei snakkar om dette. Det vert ofte vist til evangeliet etter Lukas, kappittel 19, vers 11 – 27. Sjå på tillegget. Men kort fortalt står det om ein konge som skal vekk, og gir ein daler til kvar av dei 10 tenarane sine, og ber dei investera dei, sånn at det vert meir penger når han kjem tilbake. Når han kjem tilbake, gir han mykje til dei som har fått til investeringar. Men ein or dei mislika herren, og berre tok vare på daleren istadenfor å investera den. Då tok kongen ifrå han dalaren og ga den til ein annan or tenarane sine, og sa at han skulle bli slått. Mange meiner at dette oppfordrar til vald mot dei som ikkje fylgjer Herrens ord. Mitt syn er at dalarane er trua deira. Om ein ikkje forkynnar og får trua til å vekse, vil den forsvinna ifrå deg, og du vert lei deg og fylt med sorg.

 

Som dykk forshåpentlegvis skjøner, er vitskapen veldig oppteke or å bevisa ting. Religion er oppteke or tru. Men kva om det som vitskapen meiner og er ei “tru”, at det EIGENTLEG ikkje kan bevisast skikkeleg? Etter å ha lest bokserien “Haikerens Guide til Galaksen”, hadde eg vorte overvelda med so mange måtar å sjå verda på, so mange tenkesett og so mange verkelegheiter, at hjernen vart heilt most. So kom eg på eit tankeeksperiment for å utfordra korleis hjernen fungerte: Prøv å bevisa at ein gjenstand foran deg, til dømes ein stol, eksisterar. Fyrst seier du kanskje: “Eg kan jo sjå den, eg kan føla den, eg kan smaka den, lukta den, sjå at den reagerar på tyngdekrafta osb.” Då svarer eg: Kva om alt dette er kjensleuttrykk du får ifrå ein annan stad? Kva om alt er ein illusjon? Vil den då framleis eksistera? Nei. Sjølvsagt trur eg at stolen eg sitjer ganske so behageleg på eksisterer, men eg har vanskar for å verkeleg bevisa det. Sånn er det med all vitskap. Ein kan aldri vera 100% sikker på om noko faktisk er sant. Og so skal det og seie at det meste innafor vitskap er teoriar. Sånn som evolusjonsteorien, Big Bang-teorien, strengteorien og so bortetter. Eg argumenterte for at all vitskap berre er eit livssyn på eit forum ein gong for nokre år sidan, og må sitera eit av svara eg fekk:
“Det du sier høres helt dumt ut. Jeg kan tro på kake, og sette kake høyere enn noe annet i verden. Det betyr allikevel ikke at kake er et livssyn eller en religion.” –Robo

 

Ureligiøse, kristne Noreg. Skulen sin feil?

Sånn som dei fleste bør ha fått med seg, er Noreg eit land med kristendom som statsreligion. Samstundes er Noreg det landet i verda med høgst prosentandel ateistar blant befolkninga. Paradoks? Dei siste åra har eg merka meg ein ting i skulen som har fått meg til å forstå kvifor: Skulebøkene likar rett og slett ikkje religion. Greit, eg skal ikkje gå inn på at det no heiter RLE istadenfor KRL, og at ein seier før og etter vår tidsrekning istadenfor før og etter Kristi fødsel, for det gjelder berre for kristendomen. Eg snakkar om religion generelt sett. For kvar kan ein lesa om kristendomen og islam og hinduisme? I RLE-boka, sjølvsagt. Korleis vert det framstilt i denne, mon tro? "Kristne trur at..”, “Muslimar meiner at..”, “Bibelen seier at...” osb.. Dette er jo forsovidt heilt greit. Kva seier naturfagsbøkene om ting som omhandlar den vitskaplege trua? “Forskarane kan finna ut korleis klimaet var for 400.000 år sidan ved å bore ut iskjerner i Antarktis.” RLE-boka framstillar det som tru, medan Naturfag og samfunnsfagsbøkene framstillar det som fakta? (Utdraget var ifrå Matriks Geografi 10.) For å gjera det enno verre: Her er eit utdrag ifrå Matriks Samfunn 10, side 22: “Vi veit til dømes no at skapingsteorien i Bibelen ikkje kan takast bokstaveleg.” Veit kven? Ein kan TRU det, men veit ein verkeleg det? Ganske mange er ungjordskreasjonistar i Noreg, og i USA er ca. ein tredel av befolkninga det. Skulebøkene framseier vitskap som eit faktum, og religion som noko veldig usikkert. Ein veit kor mykje skulen har å seie for barn og ungdom sin oppvekst, og tankane og meiningane deira. Vert ikkje då dette veldig feil, at muslimer, kristne, hinduister, jøder og alle andre religiøse mennesker skal verta sagt til at det dei trur på er gale?

 

Kjapp oppsummering

So kva har me lært i dag? Me har lært litt om religionskritikk opp igjennom tidane og kvifor temaet har eksplodert det siste tiåret. Me har sett på mange or dei mest brukte argumenta mot kristendomen, og kva dei kristne vel å svara. Eg har forhåpentlegvis tulla litt med hjernen dykkar med det flotte tankeeksperimentet, og lært dykk at vitskap og er ei tru. Eg har moglegeins lært dykk littegrann romersk historie, og fått dykk til å kunna litt om korstoga. Og eg har fått vist korleis skulen totalt ignorerar religion, og gjer Noreg til ateist-land. Takk for meg.

 

 

Kjelder:

http://no.wikipedia.org/wiki/Religionskritikk   -5. April 2011
http://nn.wikipedia.org/wiki/Krosstog   -5. April 2011
http://www.kreasjonisme.com/artikler/aa08.php    -5. April 2011
http://en.wikipedia.org/wiki/Georges-Louis_Leclerc,_Comte_de_Buffon    -5. April 2011

 

Tillegg:

 

Bibelvers som vert nemnt: (Alt er henta ifrå Bibel.no)

Misjonsbodet: (Matt. 28:16ff)
18 Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor og gjer alle folkeslag til disiplar! Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande 20 og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

 

Lukas 19:11-27:
11 Medan dei høyrde på dette, heldt Jesus fram og fortalde ei likning. For han var nær Jerusalem, og dei meinte at Guds rike straks skulle koma til syne. 12 Han sa:

 

«Ein mann av høg ætt ville fara til eit land langt borte. Der skulle han bli innsett som konge og så koma heim att. 13 Han kalla til seg ti av tenarane sine, gav dei ti pund og sa til dei: 'Driv handel med desse pengane til eg kjem att.' 14 Men landsmennene hans hata han, og dei lét sendemenn fara av stad etter han og seia: 'Vi vil ikkje ha denne mannen til konge over oss.'

 

15 Då han no kom att som konge, kalla han til seg dei tenarane som hadde fått pengane, så han kunne få vita kor mykje dei hadde tent. 16 Den første kom fram og sa: 'Herre, det pundet du gav meg, har kasta av seg ti pund.' 17 'Det er bra, du gode tenar,' sa kongen. 'Fordi du har vore tru i lite, skal du få rå over ti byar.' 18 Den andre kom og sa: 'Herre, det pundet du gav meg, har gjeve fem pund.' 19 Til han sa kongen: 'Du skal rå over fem byar.' 20 Men så kom det ein og sa: 'Herre, sjå her er pundet ditt! Eg har hatt det liggjande i eit tørkle. 21 Eg var redd deg, for du er ein streng mann som tek ut det du ikkje har sett inn, og haustar det du ikkje har sådd.' 22 Då sa kongen: 'Etter dine eigne ord dømmer eg deg, du dårlege tenar! Du visste at eg er ein streng mann som tek ut det eg ikkje har sett inn, og haustar det eg ikkje har sådd. 23 Kvifor gav du ikkje pengane mine til ein som driv med utlån, så eg kunne få dei att med renter når eg kom heim?' 24 Så sa han til dei som stod der: 'Ta pundet frå han og gjev det til han som har ti frå før!' 25 'Herre, han har alt ti pund,' sa dei. 26 'Ja, men eg seier dykk: Den som har, skal få, og den som ikkje har, skal bli fråteken sjølv det han har. 27 Men desse fiendane mine, dei som ikkje ville at eg skulle vera kongen deira, før dei hit og hogg dei ned for auga mine.'»

 

Salme 1:
Sæl er den som ikkje fylgjer

       råd frå gudlause menneske

       og ikkje slår inn på syndarveg

       eller sit i lag med spottarar,

    2 men har si glede i Herrens lov

       og grundar på hans lov dag og natt.

    3 Han er lik eit tre,

       planta ved rennande bekker:

       Det gjev si frukt i rette tid,

       og lauvet visnar ikkje på det.

       Alt det han gjer, skal lukkast.

    4 Så er det ikkje med dei gudlause.

       Dei er lik agner som spreiest for vinden.

    5 Difor skal ingen gudlaus

       stå seg når domen fell,

       og ingen syndar vera med

       der dei rettferdige samlast.

    6 For Herren kjenner vegen åt dei rettferdige,

       men vegen åt dei gudlause

       fører til undergang.

 

Lenkje til føredrag:
http://amazingdiscoveries.tv/media/113/201-100K/

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst