Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Rot i reforma

Rot i reforma

Handlar om den nye framandspråkreforma som vart vedteken i kunnskapsløftet i 2006, og konsekvensane av den. Har vore i ei rekkje aviser, blandt anna Aftenposten.

Sjanger
Leserinnlegg
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
15.09.2011

Framandspråkreforma er nærmast umogleg å sette seg inn i, og konsekvensane kan bli store!

 

Mange har vore svært forvirra når det gjeld framandspråkreforma. Både foreldre og elevar. Det er ein vanskeleg reform å sette seg inn i. Elevar over heile landet har vorte ramma, særleg frå 93-kullet, men 94- og 95-kullet vil komme etter.

 

Framandspråkreforma går ut på at du skal læra deg eit framandspråk. Men dette er komplisert. Som ein veit, må ein ha eitt språk på ungdomsskulen; du kan velje mellom å ta fordjuping i engelsk, norsk eller samisk, eller du kan velje og lære deg tysk, spansk eller fransk. På ungdomsskulen trur ein ikkje at det språket ein vel har så mykje å seie, men det har det!

 

Det er her det begynner å bli vanskeleg. På vidaregåande er du nødt til å velje om du vil gå vidare på det framandspråket du hadde i ungdomsskulen, eller du kan begynne på nytt med eit anna språk. Eigentlig treng du berre å ha eit språk i to år. MEN, om du har hatt fordjuping på ungdomsskulen, er du nødt til å ha tre år med eit språk. Altså: Har ein hatt engelsk på ungdomsskulen, må ein ha tysk, fransk eller spansk i tre år på vidaregåande. Men om du har hatt for eksempel spansk på ungdomsskulen, så kan du velje om du vil gå vidare med spansken og ha det i to år eller om du vil begynne på for eksempel tysk og berre måtte ha det i to år.

 

Når du går frå engelsk, norsk eller samisk, til fransk, spansk eller tysk, så er du nødt til å ha det i tre år. Men går du frå spansk, fransk eller tysk, kan du velje om du vil halde fram med språket ditt eller begynne på nytt og berre måtte ha det i to år uansett. Begge vala gjer muligheitene til å begynne med eit nytt språk. Det er jo like vanskeleg å gå frå engelsk til tysk som det er å gå frå fransk til spansk. Så eg skjønar ikkje eg kvifor ein må ta eit år ekstra?

 

Dette ekstra året øydelegg for så utrulig mange ungdom som har teke ei spesiell retning med studiespesialiserande, som idrettsfag og musikk, dans og drama. Når du går på desse faga, har du nokon fag som er vesentleg for at du går den linja. I idrett har du nokre idrettstimar du berre har på idrett og går du på musikk, har du nokre spesielle musikk timar. Desse går vekk det tredje året på grunn av at ein må ta språk – men dette gjeld berre dei som har hatt engelsk, norsk eller samisk.

 

Ein heilt vesentleg grunn til at det er sånn, er at ein måtte velje heilt tilbake i 7. klasse, og da fekk me ikkje noko informasjon om kva som kunne skje i vidaregåande. Dette rammar mange unge. Skal me lida på grunn av andre sine feiltrinn?

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil