Den finaste staden på jord

En hyllest til Rolvsøy i Østfold.

Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2013.03.04

Kunne du tenkje deg ein stad, der alt er stille og fredeleg. Der du kan puste inn frisk luft heile dagen. For slik, slik er det nemleg på garden min. Ein kan nesten seie at det er som å leve i ein annan røyndom. Samtidig som at garden ligg ganske så einsam og skinn ut over jordet som ei stjerne i paradis, ligg han meir sentralt enn folk flest skulle tru. Kanskje dei berre ikkje ønskjer å tru at eg bur i lag med andre folk. Kanskje dei vil spele på at eg er son til ein bonde, og prøver å få det til å høyrast ut som at garden ligg i Rostadneset eller noko, men det gjer han nemleg ikkje. Me er ikkje heilt i den kategorien bønder. Som eg var på veg til å seie, ligg garden ikkje langt frå verken skular eller butikkar. Alarmverksemda «Sector Alarm» er så å seie nærmaste nabo, og ved sia av ho ligg restauranten med ein av dei beste pizzaene i området. På den andre sia av jordet, ligg ein stor og verkeleg nydeleg fleirbrukshall. Eg har sjølv spela handball her for eit par år sia.

 

Heimstaden min kan by på mange storslåtte naturopplevingar. Til dømes kan ein spenne på seg skia og springe opp mot lysløypa. Herifrå kan ein setje kursen mot anten «Skihytta», «Amerikamyra» eller gå ein fin runde rundt «Hattelabben» og ende opp på same stad som ein begynte. Det er mogelegheiter i sommarhalvåret også. Da kan ein stort sett finne mosjonistar travande rundt Borredalen døgeret rundt. Borredalen ja, det er forresten vatnet vi i frå Fredrikstad får drikkevatnet vårt frå. Ofte kan det vere vårflaum her, då gjeld det å vere forsiktig når ein oppheld seg i området.

 

Rolvsøy, som nærmiljøet blir kalla, ligg midt mellom Fredrikstad og Sarpsborg, noko som gjev ein mykje større mogelegheiter når det gjeld val av vidaregåande skule, idrettslag og alt mogeleg anna. Det å pendle mellom desse to kommunane har eg blitt vand med. I Fredrikstad renn Norges lengste elv Glomma ut, og det er også denne byen hjartet mitt står nærmast. Rivaliseringa mellom Sarpsborg og Fredrikstad i fotball har blitt godt kjend for dei fleste folk, og dessverre har den kjære klubb Fredrikstad gått ut av dei fleste oppgjer med tap. Om Fredrikstad rykkjer ned og Sarpsborg 08 opp, tør eg nesten ikkje tenkje på konsekvensane for oss ungdommar frå Fredrikstad som går på skule her i Sarpsborg. Denne rivaliseringa er eit av kjenneteikna på Østfold spør du meg.

 

For å gå litt nærmare min eigen gard igjen, er det verdt å seie at me har eit stor, kvitt hus, ein raud låve, to garasjar og eit eldre bryggjarhus, som i dag blir mest brukt som lagerplass for til dømes ved og eldre syklar. Garden ligg 200 meter frå nærmaste nabo, og enkelte dagar ser me meir til hjort og elg enn ande menneske. Ein av grunnane til det, er at me har to store epletre og eit par mål med skog som nabo. Kattane har også mykje plass til å boltre seg i denne frie naturen, og det er alltid ei frigjering å kome ut og trekkje pusten.

 

Ein kan seie at garden ligg som ei perle i eit elles utruleg fint område. Naturelskarar bør definitivt vurdere å slå seg til ro her.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst