Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Verdens aller beste

Verdens aller beste

En drømmekjæreste. Bokstavlig talt.

Tentamen i nynorsk (10. klasse).

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
22.05.2013


Eg står og ser på han. Marcus. Korleis han ler av noko ein av kompisane hans seier. Korleis vinden rufsar lett til håret hans så ein hårlokk faller frem i auga hans. Smilet med dei kvite tennene, t-skjorta med Moods of Norway trykket på. Ein blå traktor og ein logo på svart bakgrunn.

 

Han snur seg, og auga hans møter mine. Eg ser inn i dei, inn i dei blå auga. Tenker at dei står i stil med t-skjorta hans. Han vinkar til meg, og gjer tegn til at han kjem straks. Eg smilar tilbake. Ventar på han, så me kan ta følgje heim.

 

Eg tenker på at det snart er sommarferie. I morgon er det siste skuledag, og me skal ha ferie. Eg kan ikkje heilt fatte at me faktisk bare har ein dag igjen på skulen her, før vidargåande til hausten. Eg tenkar på at eg har hatt nokon fine år her på skulen.

 

Ikkje det at eg har kost meg med sjølve skulen – men eg har hatt det kjekt her, med vennene mine meinar eg.


 

Saman har me lurt lærarane trill rundt, gøymd oss i klasseromma i friminuttane, og døydd av latter når me for ein gongs skuld har blitt ferska. Me har skulka skulen til fordel for andre ting, hive snøballar fordi det er gøy, og tent opp rakettar fordi det er morosamt å ta sjangsen. Dette har nok gjort sitt til at det har blitt nokon uforglemmelege år!

 

Men det er egentlig ikkje berre at me snart er ferdige med ungdomsskulen eg ikkje fattar, det er at eg har vore så heldig. At eg har verdens beste venner, i tillegg til verdens beste kjærast. Tankane mine går tilbake til ein reklame som eg såg her om dagen. For ein bank faktisk. «Nokon har flaks her i livet». Eg må le litt, og ser samtidig i augekroken at Marcus kjem mot meg.

 

Eg snur meg, og tek handa hans når han strekk han ut mot meg. Eg smilar, og han smilar tilbake. Han kyssar meg lett på kinnet. Eg kjennar at gleden brer seg i kroppen, over bare denne lille tingen.

 

- Kom Sophie, så går me. Kva seier du- Skal me stikk heimom meg først, før me går ut ein tur med gjengen? Han kikkar spørjande bort på meg.

 

Eg nikkar til han.

 

Tenk at han er min! Personen eg har drøymt om så lenge! Det er en deileg følelse å vite det. At verdens søtaste og finaste gut i mine auge er min.

 

-Sophie! Sophie!

 

Eg høyrar vakt ein stemme inni hovudet mitt. Som ein stemme fleire kilometer vekke, gjennom tusen lag med bomull. Litt etter litt kjem eg tilbake til den virkelege verden, kor eg snart skjønnar at læraren er konge, bøkene hans høgre hand, og me hans undersåttar…

 

Han set auga i meg så snart eg har vakna tilstrekkeleg.

 

SHIT…

 

Du vågar ikkje å sove i mine timar! Sophie! Høyrar du meg? Læraren ser på meg, men eg møtar ikkje blikket hans. Eg kunne jo komme på å seie noko dumt.

 

Litt lenger borte sit Marcus. Han kikkar nysjerreg bort på det lille dramaet som utspillar seg ved pulten min. Han er så nydeleg der han sitt og småler!

 

Og sjølv om han ikkje er min på ordentleg, så fekk eg i alle fall draume det ei kort stund.

 

-Sophie? Angrar du på at du sovna? Lovar du å ikkje gjere det ein einaste gang til? Enda ein gang rykkar læraren meg tilbake til verkelegheita.

 

- Nei, eg gjer ikkje det, tenk! Eg stirrar trasseg opp på leraren, utan så mye som ein bit av anger inni meg. Aldri i livet om eg vil sei at eg angrar på den beste draumen eg har hatt i heile mitt liv!

 

- Ut av klasserommet! Sånne frekke kommentarar vil eg ikkje ha her!

 

Læraren rekk ein dirrande finger mot den raude døra som fører ut av klasserommet, og ventar på at eg skal gå ut. Eg gidd ikkje krangle med han i dag. Gidd ikkje øydelegge den gode følelsen inni meg. Så eg går ut.

 

Marcus fnisar av læraren sitt utbrudd, og det varar ikkje lenge før han og kjem ut døra. Han smilar til meg, og så dett me saman av latter over kva som skjedde der inni klasserommet.

 

Jaja, det er bra karakterane i oppførsel er satt! Han læraren klikka ikkje lite heller…

 

Så då sit eg her, etter å ha hatt verdens beste draum, og etter å ha blitt sendt ut på gangen. Og eg sitt ikkje her me kven som helst. Eg sitt her med Marcus.

 

Og sjølv om han kanskje ikkje er min på ordentleg, så er det ikkje regler for kva eg kan tenkje meg, og kva eg kan drøyme om…


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil