Eit kvitt, blankt ark

Novelle fra sidemålstentamen der temaet var løgn og sannhet.

Karakter: 5+

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2013.05.23

Bamsen på senga stirra djupt inni augo mine. Det var som om han visste kva eg hadde gjort. Kjensla av å vere i symjehallen att, hamra seg inni hovudet mitt. Fingrane mine skalv. Golvet under meg blei, med eitt kaldare. Eg sigla tilbake i tid.

 

Vi gjekk framleis i badedrakta frå konkurransen. Ho vann, som vanleg. Det var berre to planetar i dette stille, mørke og aude universet.

 

Vatnet i bassenget var eit kvitt, blankt ark, utan ei einaste svart flekk.

 

Plutseleg slo tvilen hardt til meg, men det var det rette å gjere. Eg måtte gjere det. Eg skulle rage øvst på pallen. Det var min plass.

 

Den tynne, lange skuggen framfor meg, krøyp sakte nærmare bassengkanten. Skuggen min kom stigande like bak, som ein tiger følgjer etter eit bytte. Ei rask og kraftfull rørsle var alt som skulle til. Det var det rette å gjere.

 

Arket var ikkje lenger kvitt og blankt, det hadde ei mørk flekk.

 

Det djupe vatnet breidde ei stor kraftfull kappe over ho mørke flekken. Vatnet pressa ho djupt ned til botnen.

 

Eg såg utover bassenget. Igjen var det eit kvitt, blankt ark.

 

Bamsen hadde augo festa på meg. Dei brune augo var stive og kjenslelause. Fingrane mine skalv. Dei var skitne. All muskelkrafta dei åtte, var bruka opp.

 

Døra inn til rommet mitt vidstrakte armane. Mora mi rusla muntert gjennom.

 

«Gratulerer med 2. plassen, kjempe bra jenta mi!» Augo hennar ljost av begeistring. «Men, kor er Julie? Skulle ikkje ho vere med deg heim etter symjekonkurransen?» Blikket hennar skein av undring.

 

«Vi blei att litt etter konkurransen, så ringde mora hennar og bad ho komme heim straks.» Eg stira inni augo hennar så lenge eg greidde.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst