Frost

Naturdikt fullt av virkemiddel læreren tydeligvis liker.
Sjanger
Dikt
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2002.05.07

Disen lettar sakte opp
og gøymer seg stille bak fjella.
Eg minnast mange somrar her,
på jakt etter lykke.
Eg var så nær.

 

Vinden flyg som silkeslør.
Han rører ved kvar sjel i skogen.
Tauet heng etter ei livlaus grein
og ventar på meg
som vil komme heim.

 

Sola står på himmelen,
men varmar ikkje mykje endå.
Vinteren reiste stundom sin veg.
Han vil komme att,
men ei møte meg.

 

Blomar kviskrar mellom seg.
Undrast dei på kva som skjer?
Mitt liv i reprise, forbi i ein fart,
slik dei sa ville skje.
Vil det ende snart?

 

Fossen ropar vonde ord,
skrik med døden si stemme.
Eit vindkast erobrar sjela mi.
Frå jord er du komen,
til jord skal du bli.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst