Forfatter: Betty Mahmoody og William Hoffer.
Utgitt: 1989
Antall sider: 303
Boka fortel ei sann historie om Betty Mahmoody, og hennar familie.
Ho er lykkeleg gift med Sayyed, og dei har den seks år gamle dattera Mahtob.
Sayyed jobbar som lege på eit sjukehus, men trivselen blir berre dårlegare og dårlegare. Når sommaren kjem får han overtalt kona Betty og Mathob til å besøke heimlandet hans, Iran.
Besøket skulle vare i to veker.
Da heimreisedagen nærma seg, erklærte Sayyed at dei skulle bli i Iran for alltid!
Betty oppdagar etterkvart at ho mister kontrollen over sitt eige liv.
Ektemannen har kontrollen, og han slår Mahtob og Betty oftare og hardare.
Betty sit ønskje er å få reise tilbake til USA, men for å kunne gjere, må ho ha skriftleg løyve fra Sayyed. Betty snik seg av og til ut av huset for å ringe til familien i USA Ho har møtt ein mann som eig ein butikk, der ho får låne telefonen gratis.
Mannen fortel ho at han kanskje kan få ho og dattera ut av landet. Ventetida blir lang, og i mellomtida fortsett Sayyed å styre live hennar. I lange periodar blir Betty
sperra inne, skild fra dattera si.
Mot alle odds lykkast Betty og dattera Mahtob i å flykte tilbake til USA. Reisa var lang, og dei møtte mange farar underveis. Med god hjelp fra mannen i butikken og ei nonne greidde dei det til slutt.