Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > jente_24

jente_24

Novelle om chatting på nettet.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
18.02.2004
Tema
Internett


Ivar Richard Clausen rotar fram nøkkelen frå innerlomma i vindjakka si og låser seg inn i hybelen sin. Han er sveit etter sykkelturen frå høgskolen. Sekken hiver han frå seg og den landar midt på det grå golvet i den 16 kvadratmeter store hybelen på Grim. Ivar slenger ytterkleda på den støvete sofaen full av hol. Hybelen til Ivar er ikkje mykje å skryte av. Ei seng, ein sofa og ein pult med Pc på og ein stol til. Det er det han har. Det er dunkelt og stusseleg i rommet. Det som gir mest ljos, er pc-en. Han snur seg og opnar kjøleskapdøra. Han har kjent svolten rive i solar plexus i fleire timer. Han hadde ikkje hatt pengar til å kjøpe seg mat i kantina i dag heller. Det er ikkje mykje å hente i kjøleskapet. Berre ein kartong halvfull med skummamjølk som gjekk ut på dato i går, og eit lite glas med jordbærsyltetøy. På benken står ei steikepanne med middagsrestar frå tysdag. Han leiter fram litt grynblanding frå skapet under oppvaskbenken. Med mjølk og jordbær er dette livretten til Ivar.


 

IRC kallar han seg blant vener. Dei er det få av. Ingen, faktisk. Berre PC-en. Derfor er det ingen folk som bryr seg om at han heiter det same som chatteprogrammet sitt. Han er ein velkvalifisert chattar. Han har to år igjen på It-studiet. Det tek han ikkje så tungt. Han sklir igjennom. Han er overtydd om at han, som ein av tusenvis av IT-studentar i Noreg, les seg til arbeidsløyse. Men det var noko spesielt i dag. Han hadde ikkje klart å konsentrere seg i det heile teke. Det einaste som var i tankane hans var kallenamnet , som han hadde chatta med på Internet dagen før.

 

Han tar med seg maten sin og setter seg ned på den utsletne kontorstolen. IRC set seg framfor Pc-en sin. Tørkar hendene på den uvaska dongeribuksa, gnir seg i auga, svelgjer den siste skeia med gryn og setter seg godt til rette. Nå er det chat. Han plasserar fingrane sine på tastaturet og logger seg inn på programmet mIRC (meg, Ivar Richard Clausen). Han tenkjer på kva for eit kallenamn han skal bruke for å vekkje hennar interesse. Han bestemmer seg for at nok må passe godt til . Han er jo, trass alt, 24 år sjølv. Han lyt prøve.

 

[16:06:47] Hei, er du her?

[16:06:50] ja eg er her. Kven er du?

[16:06:59] eg er Ivar, kva heiter du?

[16:07:10] Ivar, det var eit fint namn. Vil du vite kva eg heiter? Kvifor vil du det?

[16:07:16] takk, ja eg vil gjerne vite kva du heiter. Du har sikkert eit nydeleg namn du! Sei det då!

[17:07:20] Viss du ein gong skal møta meg skal eg seie det.

[17:07:33] ok, då vil eg møte deg. Korleis ser du ut? Kan du beskriva deg sjøl? Er du noko pen?

 

[17:07:45] halo?

[17:08:10] er du her?

[17:08:20] sa eg noko dumt?

[17:08:47] ikkje gå...

 

Ivar får vondt i magen. Kva har han gjort. Var det noko han hadde sagt? Han skulle aldri ha spurt om ho var pen. Alt han gjer, gjer han galt. Han rotar alltid til ting. Nå er Ivar deppa. Kva skal han gjera no? No vil ho sikkert aldri chatte meir med han igjen. Garantert ikkje.

 

Ivar set på ein DVD-film i depresjon. Han prøver å følgje med, men klarar det ikkje. Han hatar seg sjølv. Han bruker alle sine lusne krefter til å irritere seg over seg sjølv. Han tittar bort på ein haug med kleda, som eigentlig er senga hans. Men han blir sittande.

 

Ivar vankar med eit rykk. Med tastaturmerke i panna og stolsmak i bakenden. Han høyrer den ekle nabobikkja gjøy. Verste dyret han veit om. Han kunne ha drepe han på flekken. Han hatar bikkjer som bjeffar. Ivar har forsove seg til skolen. Han gidder ikkje å gå. Han blir heime. Han tenkjer på kor utruleg  dum han var i går, og sjekkar om er på mIRC. Der var ingen .

 

Ivar begynner å tenkje på korleis livet hans eigentlig er. Han kjenner ei vond lukt og blir brott klar over at det er hans eigen kroppslukt som plagar han. Det blei verken tannpuss eller vask i går heller. Det er som Ivar vaknar av ein svevn. Her må noko gjerast.

 

Han vaskar og ryddar. Oppvasken har han ikkje Sunligt til, så han nyttar golvsåpa i staden. Han setter ting ordentlig på plass. Han kostar det skitne golvet, gyv over med kost og klut og det blir som nytt. Ikkje så veldig grått lenger, liksom. Sofaputene rister han utanfor. Rister seg sjølv etterpå. Han bretter saman kleda og gjør det skikkelig fint. Til sist vaskar han seg sjølv og finn fram den gamle stickdeodoranten som han ikkje har brukt på tre år. Inntørka, men enno med litt go’lukt i behald.

 

Pc-en har han heilt gløymt å gjere noko med. I det han tørkar av alt støvet på skjermen, kjem meldinga til syne.

 

er du her?

 

Han mister munn og mæle og alt han har i hendene, og setje seg i ei fart ned på stolen og skriv:

 

[20:27:30] ja eg er her. Før du seie noko som helst vil eg sei at eg er lei for det eg spurde om i går. Det var dumt av meg. Eg skjønar godt kvifor du berre gjekk.

[20:28:47] kva er det du talar om? Her gjekk straumen! Vi fekk an ikkje tilbake før nå. Korleis har du det Ivar?

[20:29:20] ehm..ok… straumen gjekk ja…du seier det ja. Eg har det heilt topp!! Korleis har du det då?

[20:32:47] Eg har det berre fint. Studerer du ?

[20:36:35] ja, eg går på HIA, høgskulen her i Kristiansand. studerar IT. Du då?
[20:37:27] eg studerar IT eg og! Men eg går på Høgskulen her i Stavanger. Bor du i Kristiansand?

[20:39:33] Ja eg bor i Kristiansand. IT du også ja. Kor mange år har du igjen?

[20:40:01] eg har 2 år igjen. Du?

[20:42:22] 2 år eg også. Kva liker du å gjøre på fritida?

[20:43:07] hmm… eg har ikkje så mange venner. Eg bruker mesteparten av tida mi ved pc-en min… du trur sikkert eg er ein taper. Kva liker du å gjere på?

[20:44:00] Eg trur ikkje du er ein taper i det heile tatt. Eg har heller ingen vener. Pc-en er min besteven… Kan hende vi to kunne bli vener?

[20:44:47] Du høyres ut som ein veldig koselig kar! Eg vil gjerne bli ven med deg…

[20:45:10] Skal vi møtes? Det hadde vært så koseleg. Eg kan ta ein buss som går, vent litt skal skjekke rutetidane…*straks tilbake*

[20:45:13] ok

 

Ivar snur seg i brusande glede bort til telefonen. Han tek opp ein støvete telefonkatalog og leitar febrilsk etter R. Under bokstaven R, finner han Rutebilstasjonen. Han ringer og får tidene på busser til Stavanger i morgon, laurdag. Han skriv dei ned og snur seg mot tastaturet igjen.

 

[21:00:33] hei, eg kan ta ein buss som går halv 7…så er eg i stav ca klokka halv 10. høyres det greitt ut for deg?

[21:03:47] Så gøy!! Det høyres heilt flott ut! Busstasjonen ligger rett ved Breiavatnet! Vi kan møtast ved benken under det store kastanjetreet på vestsida mot torget? Ok?

[21:05:10] ok det høyres bra ut… men eg må legge meg visst eg skal orke å vakne i morgon tidleg. Då ser eg deg under det store kastanjetreet klokka 10.45?

[21:07:47] ja, det er greitt. Eg skal vere der!

[21:08:05] Kva heiter du? Kan du ikkje seie det?

[21:08:15] Eg seie det ikkje før eg møter deg! God natt!

[21:08:30] OK! Gler meg utruleg mykje til å sjå deg! Sov godt!!

 

Ivar Richard Clausen logger seg ut av mIRC, tørker av pc-en ein gong til. Nøgd med seg sjølv og situasjonen kler av seg og pussar tennene lenge og vel. Legger seg godt ned i senga, kjenner at sengetøyet skulle vært vaska – og sovnar…

 

Neste morgon vaknar han av seg sjølv. Han pakkar fort med seg det han trenger. Han hiv seg på sykkelen og trør det han er kar om i duskregnet ned til rutebilen. Han setter sykkelen frå seg i eit stativ og går inn på bussen som er der presis klokken halv sju.

 

Ivar vaknar med eit støkk. Han ligger med panna klint inn til vindauget. Han har sove lenge nå. Han ser på klokka. Nesten tre timer har gått sidan Lyngdal. Han ser ut vindauget. Det er masse hus der. Må være i nærleiken av ei stor by. Men kan han ha kjørt for langt? Ivar spring fram til bussjåføren for å høyre. Dei er like ved Stavanger sentrum. Vel framme på busstasjonen går han rett til det store kastanjetreet. Det finns ikkje andre kastanjetre her. Han står eit stykke frå og berre ventar.


 

Han ser på klokka. Visarane fortel Ivar at ho skal komme om tre minutt. Han tørker av litt sveitte på panna, og skjekkar ånda. Gode Gud! Der kjem det ei jente. Ho stiller seg ved benken. Ho ser ikkje på Ivar. Ho ser på klokka. Ivar tenkjer at det er henne, men i same stund som han tek mot til seg for å gå fram for å presentera seg, går ho raskt vidare i motsatt retning. Ivar blir stiv og står stille litt. Men så spring han etter henne og stoppar henne. Andpusten presenterar han seg for henne. Ho ler godt då han seier at han er gutt_24. Han spør om ho ikkje ho er jente_24. Då ler ho enda mei skingrande, snur seg og går sin veg.

 

Ivar er forvirra, han skjønar ingen ting. Han ser på klokka. Den er 15 minutt over tida. Han snur seg og ser bort på benken. No sit det ein ung mann der. Forvirringa til Ivar vert til sinne. Fyren på benken ser vekk idet Ivar snur seg. Mannen er ganske tjukk. Ein bleikfeit tulling med dobbelhake og ølmage. Bleikfisen smugtittar på Ivar. Ivar ser på ham. Han har mest lyst til å gå kaste han vekk. Jente_24 kan komme til å tru at det er han som sit der. Eller ho tør ikkje sette seg når det sit ein framand på benken.

 

Tjukken flytter seg ikkje. Ivar blir irritert og føle seg ein smule lurt. Mannen på benken ser framleis på Ivar som etter kvart mislikar situasjonen. Han kjennar seg kvalm. Dette går galt som vanleg. Ingen jente_24, berre ein ekkel mann som mest liknar nabobikkja.

 

Ivar gir opp. Han spring attende til busstasjonen. Han er heldig. Neste buss går om nokon få straksar. Bussturen heim til Kristiansand går i tåka bokstavleg talt. Han ser ikkje noko langs E 39. Skyene har lagt seg på bakken som ein graut over livet på sørvestlandet og livet til Ivar Richard Clausen. Han sovnar tilslutt mot det kalde, fuktige vindauget. Igjen.

 

IRC er ikkje seg sjølv dei neste dagane. Han er kraftig vonbroten og skuffa. Den han trudde skulle bli draumvenen hans hadde svikta han. Men kvifor? Korleis skulle ha finne ut årsaka på ein annan måte enn å chatte igjen. Einaste sjansen han har til å få sagt kva han meinar om at ho sveik han, er å møte henne på nettet att. Han veit det, men vågar ikkje.

 

Dagane går og han klarer ikkje tenkje på anna enn denne jente_24. Han kjenner seg sjuk, og held senga eit par dagar. Ei natt vaknar han av eit sterkt, blått ljos i rommet. Han forstår at det kjem frå pc-en, men det er uvanleg sterkt. Det er akkurat som om det kallar på han. Han kjennar eit sug mot Pc-en. Det er som ein kraft som dreg han bort til tastaturet. Hendene hans logger han inn på mIRC. Og han ser at dei skriv:

 

[02:32:29] jente_24 er du her?

[02:34:02] kor vart det av deg?! Kvifor sveik du meg? Eg reiste heile vegen til stavanger for å møte deg, min einaste venn, eit menneskje som forstår meg. Eg veit ikkje kven du er! Det er det same korleis du ser ut! Det er det som er inni deg, dei gode tankane dine og vennskapen eg er ute etter. Kvifor sat du ikkje på benken som avtalt?! Kor er du jente_24!?

 

[02:38:05] eg sat der…

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil