Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Fuglane

Fuglane

Kort om Fuglane av Tarjei Vesaas

Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Bokmål
Lastet opp
18.05.2000
Tema
Fuglane

Mattis’ beste, og teoretisk sett einaste venn, er Hege, syster hans, som er 40 år gamal, tre år eldre enn han sjølv. Hege er for Mattis kva rullestol er for dei beinlause. Saman bur dei i eit hus att med sjøen. Dei bur i ei lita bygd, og alle veit om Mattis og at han ikkje er heilt som andre.

 

Båe foreldra deira er døde, så Mattis har inga andre enn Hege, og Hege har inga andre enn Mattis, - inntil ein dag: Den dagen Mattis, på fyrste dag i nytt arbeid: ferjemann, plukkar opp ein framand i båten sin. Jørgen heiter han, og Mattis ser på han som ein av dei som kan klare å sprekke skjorta si ved å stramme musklane. Det fyrste han gjer som tyder til at han er ein god mann, er at han ausar ut vatnet som sig inn i båten. Jørgen fortel at han leitar etter ein plass å bu, han skal begynne som tømrar i skogen i den vesle bygda. Mattis likar karen, og seier han kan bu hos han og Hege, og Jørgen tar imot tilbodet.

 

Idet dei kjem i land ved huset kor Hege sit og strikkar kufter ropar Mattis med glede i stemma: "Jørgen skal bu hos oss, han er min fyrste kunde." Hege blir litt forskrekka fyrst, men skjøn samanhengen når Jørgen kjem og presenterer seg og forklarar situasjonen. Mattis er heilt bestemt på at Jørgen skal få bu hos dei; det var hans kunde, det blir hans avgjersle. Men Hege er einig med Mattis, så det er ikkje noko problem; Jørgen skal få bu der.

 

Dei fyrste dagane held Jørgen seg for seg sjølv, han har fått arbeid som skogsarbeidar i nærleika, og det opptek mykje av hans tid. Båe Hege og Mattis er nyfikne på den nye bebuaren, men dei får ikkje mykje tid saman han. Han er bestemt på å gjere alt arbeid sjølv, til og med på kjøkkenet. Men etter ein tid begynner Jørgen å få interesse for Hege, og Hege får interesse for han. Dei blir betre og betre venar, og det ender med at dei blir kjærastar. Mattis fylgjer denne utviklinga av venskapen deira, og han likar det ikkje i det heile tatt, han kjenner ikkje att Hege, ho har blitt så forandra. Mattis’ avgjersle på at Jørgen skulle bu hos dei, er noko han angrar bittert på. Han føler at Jørgen har "tatt" Hege vekk frå han, og han er sikker på at dei skal dra frå han. Mattis seier klart ifrå til Hege kva han meiner om saka, men Hege prøver å roe han, utan hell. Jørgen veit også om Mattis’ tankar, og han forsøk å tilbringe litt tid med Mattis, for at forholdet deira, som venar, skal bli betre. Han tar med Mattis ut i skogen, for å vise han arbeidet sitt, men Mattis er ikkje interessert. Mattis blir verre og verre. Ein dag fortel Jørgen om flugesoppen, og kva som skjer dersom ein et han. Det Mattis da gjer er å ete flugesoppen! - Berre for å trosse Jørgen.

 

Ein dag startar Mattis med ferjearbeidet igjen, men denne jobben skal han ikkje ha lengje - han vil drukne seg, ein dag det er stille på vatnet. Han ventar til vêret er som det skal, inga vind. Når han har kome litt ut på vatnet, lag han hol i båten, og den går langsamt ned; saman Mattis.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil