Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Novelle om en bilulykke

Novelle om en bilulykke

Om en bilulykke.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
18.05.2000
Tema
Ulykker


Dette novellen er ment til å være første kapittel i ei bok.

 

Anne er seksten år. Ho bur på Vinjeøra, sør for Trondheim, saman mor si. Sommarferien er snart over, og første skuledag på vidaregåande nærmar seg. Men Anne nyt fortsatt dei siste varme sommerdagane ho har. Ein veit aldri når dei tar slutt.

 

"Talet på trafikkulykker aukar sterkt. Berre denne månaden har så mange som tjuefem personar vorte drepne eller hardt skadde på vegane her i Noreg. Og ein tredjedel er ungdom mellom tretten og atten år…." Klokka nærmar seg ti over halv to. Det er torsdag ettermiddag, og Anne sit framfor fjernsynet og ser nyhenda på TV2. "Dei er skremmande, desse tala. Eg er glad det ikkje skjer slikt her i bygda." Mor til Anne, Grete, løftar opp kaffikoppen frå bordet og tek ein slurk. "Det er rart mamma….Denne måten vi tenkjer på. Det skjer alle andre, men det skjer aldri ein sjølv. Er det bra å tenkje slik, trur du?" Anne ser eit sekund bort på mor si, før ho reiser seg og går ut av rommet.

 

"Mamma, eg tar ein tur bort til Fredrik!" Anne står i gangen med hjelmen i handa og ropar høgt mot stova. "Ikkje bli så altfor lenge då!", ropar mor hennar tilbake. "Neida, mamma! Eg er heime før du veit ordet av det! Det høyrest eit raskt smell idet døra går att. Så blir det stille. Grete høyrer lyden av mopeden som startar. Blir borte. Ho tenkjer på det dottera hadde sagt. Det var så rett så rett. Vi reknar ikkje med sjansen for at ei alvorleg trafikkulukke kan hende på heimstaden. Vi set oss roleg inn i bilen, opp på mopeden, motorsykkelen eller på bussen og tenkjer: -Det skjer ikkje meg.

 

Anne køyrer roleg gjennom sentrum. Gunnar på Esso snur seg mot ho og vinkar. Ved ein blomsterforretning står både onkel Arne og tante Helga. Dei ser henne ikkje, men Anne helsar likevel. "Vinjeøra camping 5 km" står det på eit blått skilt i vegkanten. Bilen framom henne svingar til høgre medan ho sjølv fortsett nedetter vegen. Ho er snart framme ved Rema 1000. Fredrik bur like ved i eit raudt hus med torvtak. Anne traff Fredrik i Oslo tidlegare denne sommaren, og då ho fekk vete at han skulle flytte til Vinjeøra, vart gleda stor. Dei hadde hatt det så moro. Bada, stått på vannski og lyst etter krabbe. Det hadde vore ein sommar ho seint ville gløyme.

 

Anne tek til venstre i eit kryss samtidig som ho seinkar farten ein smule. Ho er alltid forsiktig i trafikken, og med TV2-nyhenda surrande i bakhovudet køyrer ho ekstra varsomt gjennom krysset. No ser ho Fredrik utanfor huset. Han grev opp noko i hagen. Ho ler for seg sjølv. Må vere mor hans som har tvinga han til å gjere det. Musklane på armane hans veks for kvart tak han gjer, og Anne smiler for seg sjølv under visiret. Han minnar ho om fotomodellen i Cola Light reklamen, når han tek ein slurk vatn frå ei kran på husveggen. Anne svingar inn på tunet og stoggar mopeden. Ho løftar av seg hjelmen og går stilt mot Fredrik. Så legg ho hendene over auga hans og kviskrar: "Gjett kven?" Fredrik snur seg og smiler stort. "Så bra at du kom! Så slepp eg kanskje å grave meir!"

 

"Bli med nedi vika….Vatnet er herleg. Og,du…Du treng ikkje ta med badetøy." Anne smiler lurt og går mot mopeden att. Fredrik går inn, men kjem snart ut att. Han har på seg ei raud adidastrøye og ein sleten dongeryshorts. Begge set seg på mopeden, og svingar ut på riksvegen. Fredrik køyrer. Han har ikkje hjelm. Anne kjenner seg ikkje heilt trygg, men seier ikkje noko. Det blir for flaut. Fredrik gjev full gass gjennom eit boligfelt, og vidare nedover mot kaia. Anne kjenner på seg at dette ikkje vil gå bra. "Fredrik, ikkje køyr så fort!!!" Anne lener seg litt fram. Vinden slit i hjelmen hennar, "Hæ!!??," gaular Fredrik tilbake medan han snur hovudet bakover. Utan at dei merkar det, glir dei over i feil køyrefelt.

 

Ein lastebil frå "Vinjeøra Sjømat A/S" kjem mot dei. "FREDRIK!!!!Pass opp!!" Anne knip att auga og held armane hardt rundt livet til Fredrik. Han snur seg raskt rundt og klemmer til i bremsehandtaket. Men det er for seint. I løpet av få sekund treff mopeden lastebilen front mot front. Mopeden blir kasta ut på andre sida av vegen, der han igjen treff ein stor stein. Lastebilsjåføren panikkbremsar og kastar eit langt blikk bakover. Vraket av ein liten, svart moped ligg ugjenkjenneleg i vegkanten.

 

Han spring ut, og får sjå ein skamslått gut krabbe langsomt over vegen. "Hjelp meg…," kjem det frå han. Lastebilsjåføren går raskt mot han og set seg ned ved sida hans. Det blør kraftig frå eit kutt i panna hans. "Anne….." Guten snur seg og vil reise seg opp. Men han fell saman igjen. "Kva meinar du?" Lastebilsjåføren legg jakka si under hovudet hans. "Du må hjelpe Anne," stønnar guten fram… Eit par andre bilar har kome over ulukkesstaden og tre menn i tjueåra kjem springande mot dei. Dei stoggar ved ein blodig skapning som ligg i vegen. Jenta pustar ikkje. Ho ligg livlaus der på asfalten og svevar mellom liv og død. Ein mann spring og ringjer etter ein ambulanse. To andre startar hjartemassasje. Ingenting virkar å hjelpe. Lastebilføraren kjem berande med Fredrik.Han legg han ned på vegen attåt Anne og ber han slappe av. "Ikkje rør deg, gut," seier han stille. Sirenene frå ambulansen høyrast i det fjerne. Men dei kjem ikkje nærare. Minuttane er som år, og sekunda som månadar. Fredrik opnar litt på auga og skimtar ein kjend skapning berre nokre tankar frå han. "Anne….." Ei raud tåre renn langsomt nedetter ansiktet hans.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil