Turliv

Kåseri om turliv.
Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2000.05.19

Eg klassifiserer min holdning til turliv som supert, ja eg vil til og med gå så langt som til å kalle det perfekt. Likevel om dei einaste formane for turliv eg opplever er å observere en skjønn flokk med villrein som slitar seg over en forblåst haug midtvinters, sett igjennom et bilvindauge mens vi, dvs ein tre barnsfamilie, suser langs landevegen i en altfor liten Fiat Punto kor varmeaparatet har gått amok.

 

Det hender av og til at eg og et par venner tar oss en tur i skogen rundt Fagerhaugane i surt og bittert regn, dette pleier vi å gjøre i de kalle høstmånadane ei stund etter skolen har begynt på igjen. Dette eigentleg sjeldne fenomenet, men absolutt ikkje sjeldne nok, opptrer alltid de to siste timane på fredag. Årsakene til dette er at da blir vi, det vil si en gjeng gutar i for små fotballshortsar og et par jenter, rævkøyrd rundt ei lysløype for å nyte friluftslivet og sjølvsagt trene kondis.

 

For å seie det rett ut meiner eg at no tidas forhold til tur- og friluftsliv er enormt overdrive. Vi slitar og jobbar heile veka og som om at det ikkje er nok, så skal vi springe rundt i fjellet på jakt og tindebestigningar heile helga med. Dette her gjeld bare for dei som ønskjer og kalle seg "frilufts folk" eller "jegerar", men du må huske at har du ein slik tittel i dagens samfunn, får du svært mykje respekt og kan kalle deg sporty, så derfor slitar vi alle for å få desse titlane. Denne galskapen byrjar i det små, med f.eks kven som har namna sine i bøkene på Grønnsletta og Flaggnuten, men så blir det bare verre og verre og til slutt så døyr vi i tapre forsøk på å bestige K2 eller gå på ski over Sørpolen. Det er allereie eit par som ikkje synast det er sportsleg nok å kjøyre med hundeslede over Sørpolen så dei stadig finn opp nye og "barskare" måtar å ta seg over det isaude der nede i sør.

 

Eit anna eksempel på denne turgalskapen er den obligatoriske påske skituren, i påska pakkar alle sportslege bilen full av ski, appelsinar, energi givande sportsdrikkar og sure små skrikarungar med snørr under nasa og alt for store polvottar. Etter dei har brukt eit par timar på å pakke bilen med allslags unødvendig utstyr og kler, kjører de fleire timar opp på fjellvidda i lag med 5 millionar andre nordmenn og leikar familie. Etter eit par dagar med vedomn, sure sokkar, smelta snø som badevatn og sist men ikkje minst påskekrim på ein sur gamal 15 tommars svart kvit TV, kommer det store høgdepunktet som alle har venta på , nemleg påskeskituren. Eg har aldri sett på den som det store høgdepunktet i påskeferien, for det var da vi pakka samen og drog heim. Nei, påskeskituren har alltid vert de suraste timane i mitt liv, sidan eg ikkje synast det å springe rundt i eit fjell på alt for lange ski smørja med klister var så artig. Skia mine vart av ein eller annan merkeleg grunn alltid smørja med klister, eg trur dette var far mins årlege forsøk på å vere artig eller bare ein måte for å ikkje komme sist fram på. Eg brukte 15 år på å skjøne at dette ikkje var min type avslapping, så påska for to år sidan tok eg med meg en kamerat, ein 28 tommers farge TV, ein video spelar + 20 timar med Hollywood produsert passiv underholdning på hytta. Dette var den beste påska mi noen sinne og årsaken til dette er at eg aldri gjekk den berømte påskeskituren. Noe som far og resten av familien min sjølvsagt gjorde, far min kom forresten sist for første gong sia han begynte å smøre skia mine, dei sa at det var den finaste turen nokon sinne mens dei sat der forna peisen i to dagar for å få varmen i seg igjen. Eg som hadde ligge i badekaret og senga mi heile dagen hadde i motsetning til dei ein kroppstemperatur over godt 23 grader.

 

Som om det ikkje er nok med at folk skal springe rundt oppe i fjellet heile påska og slite seg ut, så døyr jo halvparten av dei slik at når eg skal sjå på eit program på TV-en er det jo faen meg ikkje noko anna enn ekstra nyheits sendingar, der dei fortel om alle som har døydd. Som om dette ikkje er nok så brukar dei jo fleire millionar på å prøve å finne at og hente ned at dei som har døydd eller gått seg bort.

 

Nei, om alle hadde vert slik som meg og nøgd seg med å sjø på villreinen på Dovre igjennom eit bilvindauge i staden for å springe etter reinen med mord i blikket, så hadde alt vert så mykje betre.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst