Hytteturen eg aldri gløymer

Den handler om fire venner som reiser på hyttetur.
Sjanger
Fortelling
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2005.04.12

Det var søndags morgon og vinter, eg satt på kjøkkenet og åt frukost. Ein stor bag var ferdigpakka for hytteturen til fjellet. Eg skulle reise med bestevenninna mi Eline, Eivind og Markus. Eline gjekk i klassen min, Eivind var 18 år og hadde nettopp fått sertifikatet. Markus kjente eg ikkje så godt, men han var ein gut på 17 år. Mor styrte på rundt meg. Ho spurte om att og om att om eg hadde med meg varme nok kle. Det hadde eg. Baggen var stappa full av tjukke ullgenserar, sokkar, strømpebukser, bukser, vindtett lue, vottar, anorakk og bukse. Gode vintersko var også med på lasset. Eivind hadde sytt for skyss. Han skulle kjøre oss med mora sin bil.

 

Då klokka var tolv på føremiddagen, fløyta ein bil ute i tunet. Det var Eivind. Eg tok baggen på skuldaren, gav mor eit kyss på kinnet, sa farvel og sprang ut til bilen. Eivind hadde allereie henta Markus og Eline. Eg hadde gleda meg lenge til denne turen! Det var faren til Eivind som hadde betalt leige for hytta, han sa at me var unge og trengte ein ferie. Me var jo sjølvsagt einige i det. Hytta låg lengst inne i den idylliske Fugledalen.

 

Turen gjekk uproblematisk, men den tok nokre timar. Då me var framme var me alle ganske slitne. Eivind parkerte ved sida av hytta og heiv seg nesten ut av bilen, oppslukt av å finne ut korleis hytta var inni. Han såg inn vindauga og smilte av begeistring. Vi vart fort kvikke igjen etter turen når me fekk sjå kva luksushytte vi skulle feriera i. Ho var både stor og flott. Alt tenkeleg og utenkeleg utstyr var på plass. Trur nok det måtte ha kosta faren til Eivind ”flesk” å leige hytta til oss. Men i følgje det eg hadde høyrt, hadde han visst mykje med pengar. Og har ein det, har ein også mogelegheit for å gjera slikt for å glede andre.

 

”Her skal me nok klara oss! Det er jo innlagt strøm og widescreen tv!” sa Eivind og begynte å fikle etter nøklane. Skulle tru at det var ein galning etter oss! Då Eivind endeleg, etter ei stund, hadde funne nøklane, sprang alle inn og fann kvar sitt soverom. Det var to soverom, med dobbeltseng. Det blei til at eg og Eline låg på same rom. Eivind og Markus hadde då altså ikkje eit val. Sidan eg ikkje kjente Markus så godt ville det vere litt dumt å dele seng med han, sjølv om eg ikkje ville øydeleggje for Eline og Eivind. Når kvelden kom satt alle saman i den store, men svært koselege peisestova. Det var knitrande fyr på peisen og stemninga var roleg og avslappa. Eg hadde ikkje fått så god kontakt med Markus enda, men eg trengte jo ikkje dra han mot meg å seie at han skulle vera min bestevenn med ein gong heller. Eg fekk satsa på at mine sosiale antenner ville fungera. Eline satt saman med Eivind, dei såg utruleg glade og lykkelege ut. Eivind såg nyforelska ut. Han satt og såg på Eline som om ho var ei nyutsprungen rose. Eline såg ikkje heilt vekke ut ho heller, eg var tross alt vane med å høyra på alt det fine og romantiske ho hadde å seie om Eivind. Dei var eit perfekt par! Det var nesten til å misunne! Etter ein roleg og fin kveld, gjekk vi alle til sengs. Vi ville kvila oss til morgondagen. For neste dag skulle me ut og stå på ski.

 

Neste dag var været fint og det var nesten ikkje skyar på himmelen. Me hadde bestemt oss for å gå på ski til eit vatn litt lenger sør for Fugledalen. Me tok på oss skia og begynte å gå, oppover den snødekte skråninga. Det kom ikkje til å ta så lang tid til vatnet, og ved sia av var det og ei varmehytte. Der gjekk det an å koke vatn og fyre opp i ein liten peis. Sjølve varmehytta var ikkje spesielt stor, men vatnet derimot var ganske stort. Turen opp gjekk fint. Men vi var alle saman litt kalde og svoltne, difor byrja me å lage mat og fyre i peisen med ein gong. Det stod mykje varer rundt om i varmehytta, blant anna te, sukker, honning og andre godsaker. Førstehjelpsskrin var det også, for dei som var så uheldige å trenge det.

 

Når me hadde ete og var mette og varme, ville me ut og finne på noko morosamt. Det blei til at me skulle ha snø-krig. Alle mot alle. Markus vant så kraftig over meg. Eg vart ganske kald, igjen. Etter ”den kalde krigen” gjekk me inn og varma oss. Eg og Markus var blitt godt kjent. Han var veldig skjønn, så eg byrja å like han godt når han i tilegg var ein morosam og grei gut.

 

Inne i varmehytta var stemninga god. Eivind og Eline satt saman og flørta ustoppelig som vanleg, mens eg og Markus prata om universets herligdomar. Men Markus klarte ikkje å la ve å flørta litt han og. Han blei ganske påverka av dei andre ”turtelduene”. Han måtte prøva seg.

- ”Så, er du singel?” Sa han med eit søtt smil.

- ”Ja, akkurat no så. Er du?”

- ”Ja! Eg er så singel det går ann å bli.” svarte han dristig tilbake. Det høyrtes ut som om Eivind og Eline hadde høyrt den heftlige praten vår, fordi dei satt og lo. Me kunne ikkje la vera me heller, så me blei påverka av omstendigheita.

 

Me fant ut at det ikkje var lurt å gå heim igjen same dagen, fordi det snødde ute og begynte å bli litt for mykje vind til at me kunne klara å helda varmen til å gå heim. Det kom til å bli endå verre vær, i følgje radioen i varmehytta, så me satsa på ei trong natt høgt oppe i fjellet.

 

Då kvelden var der, låg me i kring peisen. Eg låg inni armane til Markus. Han kjentes varm og mjuk ut, som ein liten kattunge. Han såg meg rett inn i augo, strakte seg ned mot meg og gav meg eit kyss på leppene. Eg visste at det var bra timing, eg følte at eg var i drøymeland. Denne stunda skulle eg ønskja varte evig. Men den varte heilt til det kom ein liten sukkande lyd bakfrå. Det var Eivind som såg litt sjokkert ut.

- ”Ja, dette var gode nyheiter! Skulle ikkje trudd at dette skulle skje.” sa Eivind fornøgd.

Markus svarte med å smila. Kvelden blei til prat og kos, heilt til me sovna…

 

Neste dag gjekk me ned til den fine hytta vår, det var søndag og skule neste dag. Me måtte reisa heim ei stund etter me var ferdige å rydda og vaska. Kan ikkje sei at den store tv-en vart mykje brukt, men me hadde hatt det mykje kjekkare utan den. Dagen gjekk fort og før me visste det, var me heime igjen. Men det var ein stor forskjell; Eg hadde fått meg type og to andre gode venner!

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst