Massemedias innverknad på privatlivet

Nynorsk tekst om positive og negative sider ved medias innvirkning på folks privatliv.
Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2005.05.30

”Aqua-Lenes ville natt”, ”Sven O. og Sputnik – Saman er vi dynamitt!” Kor ofte har du ikkje sett liknande overskrifter lysande mot deg med feite typar. Dette er berre nokre få dømer på den kulturen vi har i dag. Massemedia styrer liva våre. Bestemmer dei seg for å forfylgje Michael Jackson og den pågåande rettsaka, er det fint lite vi kan gjere for å ikkje få Mr. Jackson med alle hans operasjoner og dystre barndom til langt opp i vrangstrupen. Men dette er berre ei side av saka, dette er dei store stjernene, dei som har råd til å betale folk for å halde pressen frå livet.

 

Då er det verre med dei som ikkje er superkjendis, nemlig realitykjendisane. Då det første reality programmet rullet over skjermen vart folk heilt satt ut, noko slikt hadde aldri skjedd før. Eit sjokk var det vel for deltakarane også. Då den første personen som vart stemt ut av den svenske Robinson versjonen hoppa ut foran eit tog, lot ikkje overskriftene vente på seg. Familien til den avdøyde hadde visst ingenting dei skulle ha sagt.

 

Reality-kjendisane har sjølv valgt å utbasunere seg sjølv på denne måten, men det har vel dei fleste kjendisar i større eller mindre grad. Her kjem det gamle ordtaket; ”den som skal vere med på leiken, må tåle steiken”, verkeleg til sin rett.

 

Med dei ”ufrivillege” kjendisane derimot er det ei anna sak. Eg siktar sjølvsagt til dei kongelege. Vi snakkar om ei gruppe offentlege personar som ikkje har gjort stort for å tilverke sin eigen status, og som svært ofte lid under den. Etevegring og diverse samanbrot er ikkje uvanleg i desse krinsane. Likevel fråtsar pressen på dei, som gribbar rundt ein halvråten gnu.

 

Sjå berre kva tysk sladder presse har fått seg til å skrive om vår eiga kronprinsesse, skandalar og gladnyheiter om kvarandre, samt eit par graviditetar. Kronprinsesse Mette-Marit er ikkje den einaste kongelege som har vore utsatt for dette, i vårt naboland Sverige, gjekk dei til sak mot den tyske pressen, og dei vann fram med søksmålet sitt.

 

Men media har ikkje berre negative sider. Deira viktigaste formål er jo først og fremst å informere. Og det greier dei jo til gangs. I politiske val er jo kandidatanes fortid vel så viktig som det dei faktisk står for. Sjå berre på det amerikanske presidentvalet, det er vel berre dei ytterst få, og meget interesserte, som veit heilt kva presidenten og hans motstander meinte i henhold til mindre medieomtalte saker enn krigen i Irak, og sjølv der var det folk som sto med ein støvel i kvar båt. Men fortida deira, og kvar fadese, vere seg lita eller stor, er vel snart for barnelærdom å regne. Kan skjønne folk må få vete kven dei veljar til leiar. Positive sider ved media kan vi vel også trekke fram frå den velkjende Watergate saka, som er eit framståande døme på kva media kan urette.

 

Men no er det ikkje slik at alle som får litt medfart i media klagar på det, nokon er svært fornøygde. Dei visste jo tross alt kva dei begav seg utpå, ikkje sant. Grensa mellom å meistre kjendis tilværelsen og å tippe utfor kanten er svært smal. Men som sagt, det er dei som klarar seg, det er menneske som brukar statusen sin til noko nyttig, til dømes å fronte veldedige organisasjonar, eller donerer pengegåver til trengande.

 

Men ein kan jo lure, når ein ser tilbake på Diana – saka, om det ikkje går litt for langt nokre gonger. Det at ho vart jaga i døden av fotografar som ville selje bileta til media, er ein skremmande tanke.

 

Men når alt kjem til alt, kan ein vel seie at media har både positiv og negativ innverknad på folks privatliv. Om dei går for tett innpå nokre gonger får ein berre tåle, alt skal ha sin pris. Personleg må eg nok seie at eg meinar dei fortenar det. Mange står fram i media og fortel om si ”tunge tid”. Dei lei av både det eine og det andre, depresjonar og angst gjekk hand i hand. Alt fordi dei ikkje takla presset. Men når dei frivillig melder seg på til dømes ein realityserie, kva forventar dei eigentleg, at alt kjem til å vere ein leik, at alle kjem til å vere så snille og greie mot dei? Så etter ei stund når dei er over ”samanbrotet” går dei like til media for å fortelje kor tøft dei har hatt det.

 

Det er som å sette fyr på seg sjølv, klage over varmen, for deretter å sette fyr på seg sjølv igjen.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst