Kvitebjørn Kong Valamon

Analyse av "Kvitebjørn Kong Valamon".

Karakter: 5+ (VK2)

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2005.06.03

”Kvitebjørn Kong Valamon” vart fyrste gong gjeve ut i eventyrsamlinga ”Norske Folkeeventyr” i 1844. Som alle dei andre folkeeventyra våre, har denne historia vorte tradert frå generasjon til generasjon i årevis, før Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe starta arbeidet sitt med å samle dei inn og gje dei ut. Det finst ein mengde ulike versjonar av dette eventyret, sjølv har eg blant anna høyrt ein der jenta ikkje er fattig, men kongsdotter.

 

I ”Kvitebjørn Kong Valamon” høyrer me om ei fattig jente som vert gifta bort til ein kvitebjørn i byte mot velstand til familien hennar. Ho blir hjå Kvitebjørnen i tre år, og kvar natt er det ein mann som kjem til henne. Ho får tre døtrer, men alle vert teke frå henne av Kvitebjørnen, og etter kvart byrjar ho å lengte heim. Kvitebjørnen innvilgar eit besøk til familien, men åtvarar ho mot å følgje eit kvart råd som mor hennar gjev ho. Jenta høyrer ikkje på ham, og som mor hennar rår ho til, tek ho eit talglys og lyser på mannen som kjem til henne om natta for å sjå kven han er. Medan ho gjer dette vaknar han og fortel at han er nøydd til å reise; han er ein forheksa prins – om dagen er han kvitebjørn, om natta mann. No må han gifte seg med ei trollkvinne.

 

Jenta dreg ut for å leite etter prinsen, og på vegen møter ho fleire hjelparar. Når ho kjem til slottet der trollkvinna bur, får ho tre netter saman med prinsen i byte mot tre gylne gåver. Dei to fyrste nettene har prinsen fått sovemiddel, og vaknar ikkje. Den tredje natta lurer han seg unna sovemiddelet, og dei to får tale saman. Etter ei siste prøving – der jenta må vaske skjorta til prinsen, sprekk trolla av sinne og dei to kan leve lukkeleg i alle sine dager.

 

Eg vil seie at dette eventyret, som så mange andre, handler om kampen mellom det gode og det vonde, og kanskje også om korleis kjærleiken overvinn alt.

 

I ”Kvitebjørn Kong Valamon” skjer handlinga i kronologisk rekkjefølgje. Historia har ei enkel oppbygging, og personane er ukompliserte og stiliserte. Hovudpersonen er Jenta, me får ikkje høyre namnet hennar. Ho er god, vakker og tydeleg glad i kvitebjørnen når ho vert kjend med han, men også nysgjerrig. Ho klarer ikkje la vere å prøve å finne ut kven den ukjende mannen, som søv saman med henne kvar natt, er. Denne nyfikna blir hennar ulukke.

 

Kvitebjørnen er også god, men han er under ein forbanning, og kan ikkje fortelje sanninga til jenta. Sjølv om ho ikkje får noko val om ho vil gifte seg med ham, lar han henne dra heim når ho ber om det, og han synest vera veldig glad i jenta. At han tar frå henne barna hennar synes brutalt, men han er kanskje nøydd om det?

 

Faren og mora til jenta motarbeider forholdet deira, men eg trur ikkje dei kan definerast som vonde. Handlingane deira er nok eit forsøk på å gjera det som dei trur er best for dottera. Trolla, derimot, er absolutt ikkje gode. Dei (og spesielt trollkvinnfolket som skal giftast med prinsen) gjer alt for å hindre dei to i å få kvarandre.

 

Dersom me brukar aktant-modellen, kan me sjå at på kommunikasjonsaksa er Faren Sendar, Den yngste dottera Objekt, og Kvitebjørnen Mottakar. Faren giftar bort dottera si til Kvitebjørnen.

 

På konfliktaksa vil Hjelparane vera dei Tre kjerringane i hyttene, dei Tre jentungane og Smeden. Kvitebjørnen er Subjektet, og Faren, Mora og Trollene er Motstandarar. Prosjektaksa viser Kvitebjørnen som Subjekt og Jenta som Objekt. Kvitebjørnens prosjekt er å få jenta.

 

Eventyr er tid- og stadlause. I tråd med den enkle stilen er det ikkje mange miljøskildringar. Me får høyre at hytta til Kvitebjørn Kong Valamon ligg i ein stor skog, at jenta går gjennom skogen for å finne ham, at ho vandrar ”både langt og lenge”, at ho kjem til eit bratt stup, at Trollslottet ”lyste og blenkte” på lang veg, og ”både vegger og tak var av reint gull”. Desse er korte og konsise, og heilt nødvendige for handlinga. Det er ingen lange tiradar om korleis hytta til Kvitebjørnen ser ut, eller skildringar av personane.

 

Sjølv om det ikkje er nokre detaljerte skildringar av naturen, er det ihvertfall heilt klart i eit typisk norsk landskap historia foregår. Nasjonale symbol og element - som fjell, skog og troll - er hyppig brukt i folkediktinga.

 

Synsvinkelen i ”Kvitebjørn Kong Valamon” er det me kallar ein autoral, refererande synsvinkel. Me opplever handlinga gjennom forteljaren, som fungerer som ein slags ”fluge-på-veggen”. Det er inga metakommentarer i eventyret, i motsetning til i til dømes ”Askeladden og dei gode hjelparane”.

 

I følgje den danske eventyrforskaren Axel Olrik, er det ni episke lovar for eventyr. ”Kvitebjørn Kong Valamon” følgjer alle dei ni lovane, og byrjar sjølvsagt med dei magiske orda ”Det var ein gong…”. Denne innleiinga gjer lesaren nyfiken på kva som vil følgje, og setter hjernen i ”underhaldnings-modus”. Som eg før har påpeika, er oppbygginga av historia enkel og udetaljert.

 

På same måte som i Ætte-sogene, kan historia hoppe over bortimot eit års hendingar dersom dei ikkje er relevante for handlinga. Det er også eit lite persongalleri, og berre to personar snakkar samtidig. ”Kvitebjørn Kong Valamon” skil seg ut frå mange andre eventyr fordi Jenta opptrer som heltinne. Dette, i likskap med dei tydelege erotiske undertonane, har gjort ”Kvitebjørn Kong Valamon” til ein favoritt hos mange kvinner.

 

Dei to eldre systrene til jenta, opptrer som ”tvillingar”. Dei gjer det same, seier det same, og reagerer på same måte overfor Kvitebjørnen. Dei er ein kvinneleg versjon av Per og Pål. Kontrast mellom karakterane er det fleire dømer på. I fyrste scene er det ei tydeleg motsetning mellom den rike Kvitebjørnen, og den fattige faren. Det er også kontrast mellom mann og bjørn, underlegen og overlegen. På slutten av eventyret, ser me den sterke kontrasten mellom den snille, vakre, lure jenta, og den stygge, slemme, dumme trollkjerringa.

 

Det magiske tre-talet er ein gjengangar i ”Kvitebjørn Kong Valamon”. Kvitebjørnen kjem tre torsdagskveldar på rad, det er tre systrer, jenta blir hos Kvitebjørnen tre år, og får tre døtrer. Ho dryp tre talgdråpar på skjorta hans, spør om vegen i tre forskjellige hytter og får tre gylne gjenstandar av tre små jenter. Til slutt får ho tre netter saman med Kvitebjørnen. I tillegg er det fleire dømer på korleis den siste hendinga er den viktigaste: - Den tredje og yngste dottera er den rette, den tredje gongen er prinsen vaken, og dei kan tale saman.

 

Eventyr ender aldri brått og uventa, det er alltid ei avrunding på slutten. Det ender godt for dei snille; - jenta og prinsen dreg heim til kongsgarden med dei tre døtrene sine, og lever lukkeleg i alle sine dager.

 

Då Asbjørnsen og Moe skulle skrive ned eventyra, fekk dei eit problem. Det offisielle skriftspråket var dansk; - me var i union med Danmark, - men eventyra dei fekk høyre, vart fortalde på dialekt. I tillegg mangla det danske språket mange ord, til dømes for å skildre Noregs natur. (Ikkje så mange fjell i Danmark). Om dei skulle skrive på dansk, ville viktige poeng gå tapt. Resultatet vart ein munnleg forteljarstil, - krydra med norske dialekt-ord og uttrykk.

 

I boka vår står ein omskrivi, nynorsk versjon av ”Kvitebjørn Kong Valamon”, meir tilpassa moderne tid, men det er framleis enkelte ord som er behalde. Til dømes brukast vækja, i staden for jenta, flog, i staden for stup, og skrei, i staden for flokk.

 

Moralen i ”Kvitebjørn Kong Valamon” er vel - som i dei fleste eventyr - at om du er snill og god, og villig til å kjempe for å nå måla dine, vil det gå deg godt i livet. Den snille, fattige jenta fekk att prinsen og døtrene sine, medan trolla sprakk.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst