Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > The Show must go on

The Show must go on

Novelle om å maskere seg.

Karakter: 5 (VK2)

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
03.06.2005
Tema
Eventyr


Ho hadde fleire masker hengande i det hemmelege skåpet. Store masker, små masker, tynne masker, tjukke masker – Til alle høve. Skåpet var stort; - bygd i tre - med eit stort spegel på døra slik at ho kunne sjå korleis maska sat. I botn av skåpet var det ein rommeleg skuff, til stoff, pynt, lim og andre bøtesakar, for alle tilfelles skuld. Det hende jo at ho trengte pynte litt på nokon av maskene, eller bøte på ei som var gått litt sund. Inni skåpet var det ein rekke med krokar.

 

Helt til høgre i skåpet hang det ei vakker, gullfarga ei. Det var skulemaska hennar, ho hadde henne på kvar skuledag. Ho gav respekt frå læraren og dei andre studentane. Gjorde henne dyktig, god til å snakke for seg, og viste henne blid og smart. Bak gullmaska, på same krok, hang ein pose med glitrande paljettar. Dei var til å lime på maska før munnlege prøver og foredrag.

 

På kroken til venstre for skolemaska hang ei gul, strålande maske. Det var den sosiale maska hennar, den ho brukte saman med venner og kjenningar. Ho likte den maska, likte korleis ho gjorde henne populær og morosam. Ho hadde alltid ein god replikk, og kunne danse villare enn alle dei andre med henne på. Ho heldt seg unna alkohol – for mykje drikke gav store hol i maska. Hol det tok tid å bøte på.


 

På den midtarste kroken hang ei smilande, kvit porselensdokkemaske. Kvar gong ho drog heim på besøk, bar ho denne maska. Porselenssmilet verna mot moras såre blikk og farens høgrøysta kommentarar om kor udugeleg ho var. Han vart alltid høgrøysta når han drakk, og det var sjeldan å sjå han edru. Kor mange gonger hadde ho ikkje grått seg i søvn på grunn av farens ord og slag? Nå prella dei giftigaste orda av mot porselenet, sjølv om ho ofte måtte bøte på ein sprekk eller to i maska når ho kom att til seg sjølv. Slå henne torde han visst ikkje gjere lenger.

 

Heime, i den litle leilegheita hennar, hadde ho berre på seg ei tynn maske. Ho var florlett og nesten gjennomskinleg, men ho dekka nok til å verne henne mot ubehaglege spørsmål frå spegelbildet. Ho hadde ein katt. Ho trudde ikkje masker virka på katter, for Pus merka alltid om noko var gale. Då hoppa han opp i fanget hennar og gnei seg mot henne som ein trøystende ball av raud pels. Ho grøss ved tanken på kor einsam leilegheita ville vore utan Pus.

 

Berre nokre få gonger hadde ho synt den blå maska si. Ho var svært sårbar i denne tynne maska, ho viste for mykje av dei vanskelege kjenslene sine. Stort sett hang den blå maska på kroken til venstre i skåpet; - ho likte ikkje å være sårbar, det skremde vettet av henne.

 

På golvet i skapet stod eit lite, låst skrin. I skrinet låg restane av ei knust, lyseraud glasmaske. Ho hadde hatt henne på seg nesten kvar dag i eit halvt år, og ho hadde vore så lykkeleg! Han var kjekk, smart og omtenksam, og den rosa maska hadde vorte meir og meir gjennomskinleg for kvar dag. Ho ville vise ham alt, ville vise ham kven ho eigentleg var, men plutseleg ein dag forsvann han ut av livet hennar. Smellet frå døra knuste den rosa maska, og ho gråt mens ho plukka opp skåra. Nøkkelen hadde ho kasta. Ho ville aldri bere henne igjen.

 

Ho bar med seg skåpet overalt. Slik kunne ho til einkvart tid ha den riktige maska klar. Ho hadde bore masker så lenge ho kunne hugse, ho torde ikkje la vere. Maskene var hennar einaste vern mot verda der ute. Utan dei ville ho aldri klare jusstudiet, aldri kome seg nokon veg her i livet. Slik ho så det, var dei også omverdas vern mot henne. Fordi ho bar maskene, trong ikkje venner og framande sjå den gale personen ho følte gjømde seg bak dei. Dei ville ikkje takle det likevel. Det var slik verda fungerte; folk ville ikkje vite kven du eigentleg var. Vennene dine ville berre ha deg med maske.

 

Ho hadde etterkvart lært å leva med det. Etter eit par mislykka forsøk på å opne seg, og vise litt hud, hadde ho forstått kva alt går ut på. Ho var vel ikkje eigentleg noko betre sjølv. Ho hadde heller ingen venner som gjekk utan masker: masker gjorde det lettare, dei skapte regler. Kvar dag var eit nytt skodespel. Nye rollar, nye replikkar og nye maskekledde motspelarar. Det var trygt slik.

 

Berre om kvelden, når ho låg med Pus i den store senga si og prøvde å sove, kom tankane. Dei farlege tankane. Dei kom listande saman med mørkret og einsamheita, og tvang ho til å høyre på kviskringa deira. Dei kviskra og spurde henne vanskelege spørsmål, og sjølv om ho hadde maske på seg, hjelpte det ikkje mot dei som kom innafrå. Dei spurde om ho var lukkeleg, om ho ikkje savna noko eller nokon? Om ho ikkje ønska at ho kunne vere seg sjølv, utan maske, berre for ein dag?

 

”Nei!” Ville ho rope, men dei lumske tankane henta fram et lite ”Ja” frå langt bak i hovudet hennar eit sted. Ordet ”Ja” ble sterkare og sterkare til det overdøyvde alt anna, og ho gav opp. Det var ikkje mogleg å lure dei farlege tankane, dei fann alltid det eigentlege svaret hennar, same kor langt inne ho hadde gjømd det. Dei freistande pillene sto på nattbordet hennar. Ho brukte å ta to stykkar kvar kveld, for å få sove.

 

Dei farlege tankane kviskra om moglegheiter. Tenk kor lett det ville vore å berre sove for alltid! Å aldri meir ta på seg ei maske, aldri meir spele ein rolle i det store skodespelet kalla ”Livet”. Ho var svak, ho visste det. Dei overtalde henne, lokka og freista. Men det var noko som hindra dei. Noko som kjempa for å kome opp til den boblande overflaten av tankar. Til slutt brast boblene, og ho gjenkjende det. Det var draumane hennar. Draumane om ei framtid som enda ikkje var tapt.

 

Draumane jaga dei farlege tankane bort. Ho var berre 23 år, ho kunne ikkje slutte no. Ho måtte sjå korleis stykket ville ende. Ho måtte vere der når teppet falt, og applausen kom. Ho visste at ho neste dag ville måtte bere nye masker, men i natt var ho i alle fall fri.

 

I det søvnen nådde sitt djupaste punkt falt maska av henne, og i nokre timar var andletet heilt nakent. Månen lyste gjennom vindauge på den sovande prinsessa.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil