Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Best utan ball

Best utan ball

Kåseri om fotball.

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
07.11.2005
Tema
Fotball

Fridom, kallar dei det. Fridom og lykke. Dei har friheita til å springe rundt på gras, som ein eller annan sau. Slite seg ut i likheit med skiløparar, som også kan få den herlege kjensla av blodsmak i kjeften og mjølkesyre i beina. Sparke ein rund dings mellom to stenger og juble over det etterpå. Lære nye måtar å flytte ballen rundt ein stakkar utan at han klarar å ta den. Og til sist, men ikkje minst, skremme driten ut av dei mindre gode ved å setje dei stader dei ikkje har sett før. Innimellom prøver dei å være snille; "Kor vil du spele, guten min?” Same faen, tenkjer du, suger like mykje over alt, så du kan likeså godt setje meg til å tine opp benken.

 

Det er treningane som er verst. Særleg når alle saman skal kline det runde helvetet over heile grasplena, så det landar perfekt i beina til han som spring meiningslaust etter den på andre sida. Ein liten feil og du har foten halvvegs ned til Kina og lause anklar for resten av livet. Dette er jo sjølvsagt trenaren sin favoritt, etter som han skal demonstrere med dei som ikkje er like begåva i elendigheita som andre. ”Alt du treng å gjere er å leggje foten litt på skrå, medan du lenar deg attover idet du slengjer foten i ei fin boge, men dette må sjølvsagt skje i same augneblinken som medspelaren startar, så ser du mot der du vil treffe, legg all kraft du eig og har og konsentrerer deg om å treffe litt under ballen, men ikkje på sida, utan å bli takla! Sjå deg rundt etter andre løysingar dersom han som ballen skal til, ikkje klarar å gjennomføre løpet, men dersom han greier det, slå den med attendeskru sidan det er litt medvind. Lett som ein plett.”

 

Kvit og mållaus står den mindre forståande stakkaren der og kjenner seg kvalm. Er ikkje heilt sikker på om han fikk med seg det som blei sagt, men tar likevel utfordringa med eit meir eller mindre usikkert smil. Ettersom han tar fart, høyrer han lydlaus latter, og han veit kva som kjem til å skje. Ballen kjem nærare og handa til den kopen som skal ha ballen skjær gjennom lufta, som ein kniv i smør. ”Fin boge. Alt eg kan. Satan, dette blir ille.”

 

Livet ser ikkje så ille ut frå ryggen, tenkjer han, medan han tittar opp mot sola. Lyden av fuglekvitter og vind blir overdøvd i løpet av sekund av femten stemmeskifte-gutar som også ligg på bakken, men i motsetnad til deg sjølv, ligg dei og vrir seg i latterrus etter din herlege ”miss” på ballen. ”Foppal er livet”.

 

Som eg ser det, finnst det berre ei positiv side med fotball. Det er nødt til å være turane. Beskjeden er som musikk i dine øyrer: ”Ehm, du, eh, treng ikkje skifte du. Vi har på ein måte nok spelarar og vi vil vinne denne kampen.” Faen, tenkjer du. Nå kan eg ikke springe rundt, bli svett og sliten, risikere å bli skadd av ein stygg danske, få grasallergi, varme opp benken og spele sju minutt til slutt ? Får ikkje eg lov til å vere ein del av brorskapet ute på bana, kor alt dei gjer er å springe fram og tilbake i 90 minutt ? ”Æsj”

 

Vi har jo nokre som lever for fotball. Personleg kjenner eg eit par. Sånn ellers er dei jo kjekke karar. Snille, søte og greie, men straks dei får ein ”dingseboms” i beina, blir dei forvandla til sjølvopptatte, altfor sjølvsikre, frekke, overmodige, zombieaktige monstre som ikkje vil anna enn å få den runde djevelskapen i det dei kaller ”mål”. Alle dei ”heldige” som mestrar kula spring ut glade og fornøgde på den haustgule, jordfulle sletta, fulle av forventningar til atter eit komande nedelag. På sidelinja står trenaren og skrik, eller det han kaller ”oppmuntring”, ting til deg som til slutt skapar negative tanker om alt du gjer. Fristelsen aukar til å sparke ned ein på det andre laget, men sjølvsagt er ikkje det lov. Nei da. Skal ikkje ha det noko gøy utpå der heller. Berre du så vidt kjem borti ein liten nisse ular det i ei fløyte frå ein vaksen maktmisbrukar som sender deg av jordhullet i masse stygge blikk frå tilskuarane, men i di eiga store glede.

 

”Skada” er det beste du kan seie dersom du vil sleppe ei trening eller ti. Berre sørg for at du har vondt ein stad trenaren ikkje finn ut om du lyg eller ei. Ta for eksemel hovudet. Utan hovudet klarar du neppe å nikke ei luftfylt lærdokke med runde dimensjonar eller tenkje klart. Dersom du er sjuk, sender du berre ei melding til trenaren.

 

Det er ikkje så mykje eg vil seie om fotball. Det bring berre fram gamle traumar om heit, våt, kald og grusom tortur på anten grus eller gras. Til ære for Geir avsluttar eg med dette redigerte sitatet av Lars Toft:

 

” Fotball er like gøy som å sjå på graset gro og maling tørke”.

 

Eg er best. Best utan ball!

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil