Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Motepress

Motepress

Motepress blant ungdommar.

Sjanger
Resonnerende
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
10.12.2005
Tema
Mote


Mote er og blir eit faktum i dagens samfunn enten vi vil eller ikkje. Er det muleg å ikkje la seg påverke av motane? Mote er samfunnets spegel og det handlar om meir enn kleder, og det å finne det riktige å ha på seg. Mote handlar om identitet, oppmerksemd og skjønnleik. Vi blir tilfredse når vi føler oss vakre, og lykkelege når vi er på vårt aller beste. Vi har eit heilt naturleg behov for å beundre og ofte overdrive det naturen har gitt oss, skreiv Charles Darwin i sin tid. Men ligger det eigentleg i våre instinkta å fokusere så mykje på eiget ytre?

 

Dagens mote er ein beskriving av livet vi lever, og kleder er ein måte å uttrykkje meiningar på. Men har vi eigentleg eit val når det gjeller kva vi tar på oss? Motebutikkane signaliserer tydeleg kva som er årets mote og kva ein har å rette seg etter. For ungdommar er det nok ei tryggleik å kunne skjule sin utryggleik ved å ”følgje saueflokken”. Ved å følgje kledemotane skapas ein tryggleik for barn og unge ved at dei får ein ”inngangsbillett” i den gruppa dei ynskjer tilhøyr til. Følgjer ein motane som butikkane, reklamane og motemagasina sender ut, ”bergast” ein ved at ein slepper å skilje seg ut. Det er vanskeleg å skilje seg ut, fordi det gjer at ein stikker seg ut av gruppa, ein er annleis. I ungdomstida er det vanskeleg å vere annleis. Ein vil vel ikkje vere det ”sorte fåret” i saueflokken? Mange er så usikre på seg sjølve og det oppstår lett mobbing på grunn av kva ein har på seg.


 

Barn og ungdom sitter inne med ein heil del kunnskap om kledkoder. Studium av ungdom, identitet og motar viser at klednad og forbruk av kleder, er med på signalisere eigen identitet. Klasse-, kjønns- eller gruppetilhøyrsel er ulike faktorar som ungdom signaliserar gjennom måten dei kler seg på.

 

Ikkje på langt nær alle har råd til dyre moteklede og dei kan derfor bli sett utanfor ungdomsmiljøa. Barn og unge blir mobba fordi foreldra deira ikkje har råd til å gje dei alt dei ynskjer seg. Motane er med på å stadfeste sosial orden og mange forbindar det å følgje motane som luksus og snobberi. Våre val av kleder klassifiserar oss sosialt fordi det er vår måte å utrykkje kven vi er, kva vi står for og korleis sosial orden vi tilhøyrer.

 

Korleis kan ein stoppe motepress og kommersialisme på skulane? I land som USA, England og Frankrike har det i ein årrekkje vore obligatorisk med skuleuniform. Myndigheitene har vedtatt dette i truen om at det vil minske kjøpepress og mobbing på grunn av kleder. Dei ynskjer at elevane skal ha personlegskapsfokus ved å helde den enkeltes økonomiske bakgrunn til ein privatsak. Når det ikkje er noko press på personleg stil og mote, kan elevane få meir konsentrasjon til å fokusere på skulearbeid. Det å hevde at problemet med motepress blir totalt løyst ved å innføre obligatorisk skuleuniform er naivt, fordi det alltid vil vere press i ulike ungdomsmiljø utanfor skulesamanheng.

 

Ein bred allianse av organisasjonar, offentlege etatar og reklamebransjen sjølve har sette i gang med ein kamp for ein reklamefri skulekvardag for barn og ungdom i Noreg. Alliansen har hendvendt seg til Utdannings og forskningsministaren med eit krav om å forby reklame i grunnskulen. Forbrukarrådet ynskjer at skulen skal vere ein reklamefri sone, der barna kan skyddes mot mote og kjøpepresset som dei opplever kvar dag.

 

Men kva gjer det eigentleg med menneska, at det er slikt press om å alltid følgje motane og yte maksimalt for å oppnå skjønnleik? Kroppsfiksering i moteindustrien påverkar ungdommen til å fokusere på kropp og seksualitet før dei er modne for det. Sexy undertøy, djupe utringingar og tronge kleder tvingar ungdommane til å spille på sex. I både mote- og musikkindustrien, ser ungdommane vulgære bilete og videoar med jenter som byr seg fram. Ungdom er lett påverkelege og trur at det er slik det skal vere. Jentene har syltynne supermodellar og vrikkande popstjerner som skjønnleiksideal. Til og med småjenter blir utsette for denne sexmoten, ved at moteindustrien, til dømes tilbyr bh til seksåringar. Jenter blir frå dei er små, opptatte av å sjå ut som popstjerner, fordi dei har band som til dømes tidligare Spice Girls som førebilete.   

 

Tendensane i motebransjen dei siste åra, har vore stadig yngre og tynnare modellar. Presset omkring ungdom, skjønnleik og slanking fører mange menn og kvinner ut i eit uføre når det gjeldar forhold til mat og eigen kropp. Unge gutar i pubertet og utvikling blir påverka av motereklamar med modne muskuløse menn som modellar. Dei har ingen sjans til å sjå slik ut når dei er i vekstalderen, og mange gutar overtrener for å sjå ut som førebilete. Både jenter og gutar i tidleg ungdomsalder kan bli sjuke av all kroppsfiksering i dagens samfunn. Anoreksi, Bulimi og Utmattingssyndrom (i sambande med overtrening) er dessverre blitt eit vaksande problem blant ungdom. Det anslas at heile fem prosent av kvinner, mellom femten og trettifem år lider av eteforstyrringer.

 

Motepresset er i dag større enn det har vore nokon gang før. Skjønnleik og mote er to ord som har blitt gjort til synonyma. Kommersialismen har tatt i bruk ordet skjønnleik som eit salstriks ”fordi du fortener det”. Det er ein sjølvfølgje for eit oppegåande og engasjert menneske i dagens samfunn, å ha ein viss informasjon om motar. Vi har gjennom ei årrekkje med reklamar, TV seriar og motebladar blitt bombardert med inntrykk om korleis liv ein skal leve.

 

Vi får utruleg mange inntrykk heile tida, moteblada forteljar oss om korleis vi skal gå frem for å oppnå det perfekte liv. Mange ynskjer å påverke oss for å tene pengar, og forteljar oss om desse sjølvfølgjelige kleder, gjenstandar og trendar som må til for å bli eit fullkomme menneske. Det menneskelege behovet forandrar seg heile tida, i steinalderen til dømes, var det berre overlevingsinstinkta som styrte livet. I dag har vi på grunn av alle desse inntrykka frå media og reklame blitt passive i vår tankegang. Vi dannar ei rekke med kunstige behov. Vi trur at det er ein sjølvfølgje at ein må ha dei nyaste og tøffaste designkleda for å oppnå lykke og tilfredsleik.

 

Kjøpepresset og forbruket i vesten øyker, og FN har slått fast at det brukast 3.350 milliardar kroner per, år i verda, på reklame. Det er om lag ti gangar så mykje, som den rike verdas totale utviklingshjelp. Negative aspektar av mote, reklame og forbruk kjem til syne når vi ser stort på det heile. I Europa til dømes kjøper vi skjønnleiksprodukt for 60 milliardar kroner i året, det er summen som skal til for å sikre grunnutdanning for alle i heile verda. Eit barn født i eit vestlig land vil forbruke og forureine tretti til førti gonger meir, enn eit barn født i eit utviklingsland. Skiftande motar og ein ”kjøp og kast” mentalitet har ført til at vi i dagens samfunn brukar kleda berre halvparten så lengje som for ein generasjon tilbake. Ekspertane regnar med at det private forbruket i Noreg øyker med tre prosent kvart år. Det vaksande forbruket er ein trussel for miljøet i verda. Moteindustrien brukjer ufornybare materialar som forureinar miljøet.

 

Det er mykje å si om mote, lite av det er positivt, men ofte er det vanskeleg å motstå freistingane. Vi er mitt inne i kommunikasjonskaoset, det eksploderer rundt oss og mot oss. Kjøpmennene står klare til angrep, med reklamen som våpen. Reklamar kastas mot oss frå alle kantar, og stadige gjentakingar overbeviser oss til slutt om at vi gjør det rette når vi kjøper det bestemte produktet. Når ein kjem heim og er skjerma frå alt kaoset, lurer ein på kva som fekk ein til å kjøpe alt dette. Vi hjernevaskas med stereotypar. Og sanninga om disse stereotypane er at det ligger to grunnlegende prinsipp under. Ansikta må være vakre og kroppane tynne. Man kan aldri bli for rik eller tynn, sa hertuginna av Windsor. Og med det som sluttappell i ei tankerekkje om motepress, kan ein konkludere med at målet om å bli som dei vakre ansikta i moteblada er noko som dei færraste greier. Er det eigentleg eit mål? Alt med måte er det ikkje det dei seier?


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil