Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Sportsidioti? Nei, langt ifrå!

Sportsidioti? Nei, langt ifrå!

Skrevet en stil på nynorsk der jeg forsvarer sport og idrettsfolk.

Karakter: 5/6 (GK allmenn)

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
21.03.2006


Både Per Inge Torkelsen og Anacharsis gjer narr av idrettsfolk i kåseria/tekstane sine. Dette synest eg er heilt på jordet! Idrett er verken idiotisk eller tanketomt. Ikkje dei folka som utøver sporten heller for den saks skuld. Snarare tvert om. Det er dei som ikkje likar idrett det er noko gale med.

 

Vi nordmenn er jo som kjend fødde med ski på beina. Det er ein viktig del av norsk kultur og tradisjon dette med skigåing. Om det nokon gong forsvinn frå norsk ”arv”, går dei kommande generasjonane ei dyster tid i møte. Det kjem til å verte eit stort, svart hol der idretten i all si tid har vore. Kva skulle vel kvikk-lunchen, appelsinane og kakaoen vore gode for om vi ikkje kunne ha dei med på skitur? Det er ikkje det same å sitje heime framfor Tv-en og sjå på ”Hotell Cæsar” mens du et. Frisk luft og rørsle er tingen!

 

For kva skulle vi vel gjort utan idretten? Vi hadde vorte giddelause heile gjengen, skal eg seie deg! Idrett – i alle fall toppidrett – er i høgste grad underhaldning for både store og små. Om eg til dømes trekk fram OL som folk er så galen etter no for tida, er dette eit idrettsarrangement som engasjerer unge og gamle, familiar og einslege. Denne store hendinga er eit heitt samtaleemne dei vekene ho føregår. ”Vann Kari Traa gull i kulekøyring i år òg? Korleis gikk det med skiskyttar-gutane og hoppkometane?” Spørsmåla svirrar alltid i lufta når ein så stor og viktig internasjonal konkurranse er på gong.


 

Eg fattar ikkje at noko menneske med handa på hjarte kan seie at dei misliker idrettsfolk. Dei gir jo mykje av seg sjølv – utset seg for hard trening både fysisk og psykisk. Og det berre for at vi skal ha noko å prate om i morgon! Ja, sjølvsagt gjer dei det òg fordi dei synast det er gøyalt, men det ligg som sagt meir i det enn det.

 

Få andre ting kan engasjere folk på den måten idretten gjer. Sport får fram så mange kjensler i oss – tårer, latter, glede, sinne og frykt. Ja, alt kva enn du nemner. Ein fotballkamp til dømes, kan i det eine sekundet vere gledesspreiande, før det i neste augneblinken kjem ei utlikning og kampen er endra frå ein sikker siger til ei thriller-avslutning. Om laget du heiar på taper kampen, kan dette igjen resultere i tårar. Du tar vel poenget mitt?

 

Idrett er òg utruleg gøy. Kvifor skulle elles så mange drive med det? Sjølvsagt varierer det frå person til person kva ein synest er artig, men ein finn som regel noko som fell i smak når det gjeld sport. Fotball, handball, basketball, slalåm, symjing, boksing, ballett – ja, dei er alle ein form for idrett. Eller ta trampolinehopping til dømes – det er jo ikkje direkte klassifisert som ei idrettsgrein, men det er ei form for rørsle og kan etter mi meining kategoriserast som sport. Alle ungar synes det er moro å sprette opp og ned på eit ”laken” som ein jojo. Det er nesten så eg kan høyre latteren deira der dei koser seg på trampolinen ein varm sumardag.

 

I tillegg er idretten svært sosial – det er på ein måte eit eige samfunn innan sport og ulike idrettsgreiner. Du får deg mange nye vener, og ein byrjar å snakke eit heilt eige språk som nesten berre dei som driv med same sporten forstår. Idretten kan gjere at folk som eigentleg kjenner seg einsame og usikre ikkje vert det lenger.

 

Eg trur at om vi ikkje hadde hatt sport å drive med, hadde vi blitt feite alle saman. Rett og slett! Vi hadde blitt lik dei verste amerikanarane med bilringar utanpå bilringane. Vakkert? Neppe! Men fysisk aktivitet er jo svært viktig både for kropp og sjel. Nyare undersøkingar tydar til og med på at dei som lever eit aktivt liv slit mindre med depresjonar og sjølvmordstankar. Om du trenar, får du òg eit større overskot av energi som du kan bruke i kvardagen – altså du får faktisk meir lyst til å finne på noko saman med vener og familie. Dessutan gir sunn helse deg eit lengre og betre liv. Det er jo faktisk vitskapeleg bevist.

 

Eg trur at det spesielt for born er viktig å ha sportsidol som dei kan fylgje nøye. Dei aller, aller fleste idrettsfolka er jo trass alt sunne forbilde. Kanskje kan dei påverke dei unge til å drive med idrett i staden for å ruse seg eller røyke?

 

Som konklusjon vil eg seie at sport og idrett er det mest geniale vi menneske har ”funne på”! Det held oss i form og gir oss eit gedigent nettverk av folk kring oss – folk med like interesser som oss. Det enkelt og greitt fargar liva våre mens vi likevel er her på jorda. Og for å bruke G-sports nye slagord: Sport er alt!

 

Skulle ikkje dette vere eit godt nok forsøk på å slå eit slag for idretten, så veit ikkje eg!

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil