Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Brennoffer

Brennoffer

Tolkning av et utdrag av Johan Falkbergets Brennoffer.

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
14.06.2000
Tema
Brennoffer


Johan Falkberget blei født i 1879 og vaks opp i gruvearbeidarmiljøet i Røros. Falkberget var sjølv ein gruvearbeidar i sine yngre dagar, men han blei til slutt ein forfattar. Johan var ein overbevist sosialist, og bøkene hans var prega av solidaritet mot arbeidarklassen. Nestekjærleiken er også ein overordna verdi hos Falkberget, det med konfliktane mellom individ og klasse.

 

Johan Falkberget let oss i dette utdraget få høyre om Ildri Amundsdotter frå Jo-plassen. Ho er ei jente som jobbar som tenestetaus på ein bondegard. Ildri har det ikkje så veldig enkelt i livet. Ho har ein trefot på eine beinet, og det gjer at hun ikkje vil vise seg så mykje ute iblant folk. Trefoten til Ildri er ikkje så mykje til tess. Den lager knirkelydar når ho går, og den er også flisete og gammal. Difor prøver ho og spare opp pengar til å kjøpe seg ein korkfot, slik at folk ikkje ville leggje merke til henne så mykje. Ho veit at visst ho klarer å skaffe seg ein slik korkfot vil ho kunne gå slik som andre i bygda. Da trong ikkje Ildri å gøyme seg bort for omverda.

 

Eit bilete som dukkar opp i mitt hovud når eg les om Ildri Amundsdotter er at ho er ei drøymande jente som ynskjer seg ei framtid i sollyset. Ho får ikkje leve ut sine lengsler i sitt verkelege liv, suse av garde lett og frigjort. Ildri kjenner seg tung til sinns, og fantaserer om ein ny vår. Ein vår som ho også kunne få oppleve, der ho ikkje skulle vere den som var annleis. Ein kan seie her at forfattaren viser ei tung grunnstemning til lesaren, dette ser du blant anna i desse setningane: ”Ildri likte gråvær. Hun likte gråvær betre enn sol – for eigentlig var det bare i drømmene sine at hun syntes om sol og søndagslys og klokkeklang ut gjennom åpne tårnglugger. I grunnen trivdes hun i mørket, og de lange vinternettene – for det var bare lengslene hennes som stjal seg ut i sollyset”. Hennar indre stemme spør kanskje:” kvifor må livet vere så vondt og meiningslaust? Kvifor må eg gjere meg usynleg?”

 

Hesten i denne historia er eit bilete på korleis Ildri plasserer seg i denne verda. Ildri føler seg piska og plaga av de folka som er rundt ho. Ho finn ikkje fotfeste nokon plass og strever med å komme seg ut av sine depresjonar. Dette kommer klart fram i dette utsagne: ”Hver gang tjenestegutten løftet staven og slo på hesten, fór Ildri sammen. Omtrent som det var henne tjenestegutten slo. Hun kjente det svidde i ryggen. Og uten at Ildri selv visste om det, tok hun på å knurre og ble ond i øynene.”

 

Heile dette utdraget ”Brennoffer” frå Johan Falkberget er prega av ein slags trist og deprimert stemning. Tenestejenta i denne forteljinga symbolisera ein haust som aldri blir til vår igjen. Sjølv om våren blomstrar rundt Ildri blir ho aldri med på blomstringa. Men slik eg ser det er der eit håp. Den vesle livsgnisten som klarer å halde Ildri oppe i dei mange tunge dagane. Det er hennar drøm om den nye korkfoten. Den vil gjera at Ildri kan gå normalt og ho kan gå stolt ned til kyrkjegarden. Da vil ho til slutt få ut sine indre stemmer og ho vil klare og komme seg inn i samfunnet igjen.

 

Individet står i sentrum i denne forteljinga av Johan Falkberget. Dette vil si at det peker mot nyrealismen i den litteraturhistoriske samanheng. Det at de plasserte individet inn i forskjellege former for fellesskap som: ætt, klasse, kyrkje, og lokalsamfunn. Dette for å vise korleis ein skal sette på spissen de krisene de nye forandringane i samfunnet kom med. Under nyrealismen er forfattarane opptatt av etiske spørsmål, og de prøver å etablere ein meiningsfull holdning etter 1890- årenes nedrivningsarbeid. Denne perioden blir altså kalla nyrealismen.

 

Gjennom sine meiningsytringar tek Johan Falkberget eit klart standpunkt mot det å etterlate noen personar i samfunnet. Han verdsett livet, og vil ha fram at det finnast mange folk som har det slik som Ildri har det i utdraget: ”Brennoffer”. ”Brennoffer” kan vere ei oppfordring til å hugse på dei som ikkje er som alle andre, og også dei som ikkje er så høgt oppe i rangstigen. I denne oppmodinga ligg også håpet om at folk skal bry seg når det er noen som har det vondt.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil