Tunnelen

Fekk i oppgåve med læraren å avslutte ei novelle vi las i timen.
Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2006.09.20
Tema
Drap

Dei fortsatte å køyre innover i tunellen. Endelaus! Etter nesten førti minutt var dei enno ikkje komne ut. Susinga som ein til vanleg høyrer når ein køyrer i ein tunnel, hadde berre vore svak summing denne turen og no begynte den å avta, kanskje var dei ute no?

 

Dei enorme lyktene i taket i den mørke tunellen, minnte om ildslukande drakar. Georg fabulerte i veg i sitt eige hovud. Han hadde det med å dagdrøyme, Store-Greta hadde ergra seg høglydt over det, men no sat ho stille ved sida av han. Han gløtta i sladrespeilet og fekk sjå Vesle-Greta sitt store smil i baksetet. For ei nydeleg familie han hadde!

 

I det same han tenkte tanken, kom eit host frå under panseret på bilen, den harka eit par gongar og verka til å miste alt liv. Stoppe no?

 

"Nei kva i helvete?!", ropte Georg og slo hendene på rattet. "Ikkje berre skal vi køyre og køyre langt og lenge i ein uendeleg lang tunnel som omtrentleg aldri endar, men bilen skal faen meg stoppe også!"

"Tei deg med den banninga, Georg! Banning er ikkje noko løysing på problema her, og det veit du godt! Dessutan har vi forresten ei lita jente sitjande i baksetet her også," sa Store-Greta sint. Ho ergra seg over den korte lunta til Georg, at han aldri kunne lære telje til ti!

 

No sto dei stille, midt i tunellen, berre mørket rundt dei. Ikkje akkurat til trøst! Vesle-Greta vart redd, og begynte å gråte. Det var like før Store-Greta også starta. Dei hadde køyrd i denne tunnelen fleire gongar før. Tidlegare hadde dei berre brukt 5 minutt når dei køyrde i åtti kilometer i timen. Det er ein stor skilnad til den tida dei no hadde brukt.

 

Dei gjekk ut av bilen. I det dei opna bildørene slo ei grufull lukt mot dei. Vesle-Greta heldt hendene for nasen. "ÆÆSJ!" utbraut ho. Store-Greta løfta henne opp og heldt henne hardt inntil seg. "No må du love meg at du ikkje går vekk i frå oss, vi to skal gå saman med far og leite etter ein telefon og ringe til, (Store-Greta stoppa og tenkte seg om før ho brått sa); Bestefar og Bestemor i Tønsberg." Store-Greta turde ikkje å fortellje Vesle-Greta at dei hadde køyrd seg vekk i ein tunnel. Vesle-Greta hadde stadig tårer i augene.

 

Georg hadde ei vemmeleg kjensle i magen der han sto og støtta albogane på bildøra. Han fekk gåsehud nedover ryggen. Kva var dette for ein plass? Lukta som satt fast her var u-uthaldeleg. Død og fordervelse. (Hadde han berre visst kor rett akkurat det var..Død og fordervelse.) Veggane i tunnelen var mørke og våte. Lufta var fuktig. Dersom ein kunne kalle denne lukta "luft".

 

Dei begynte å spasere innover i tunellen. "Trur du vi finn ein telefon her, Georg? Eg kan ikkje huske å ha sett ein einaste nødtelefon her i denne lange tunellen." Sa Store-Greta, litt engsteleg. "Må du alltid vere så jævla engsteleg for alt? Og ja! Det skal være ein telefon her," sa Georg. Store-Greta sa ikkje meir. Ho skjønte nok at Georg var engsteleg og redd bak det tøffe ansiktet, han òg. Ho kjente han godt etter at dei hadde vore gifte i sju år. Han gikk og heldt Vesle-Greta i handa. Han passa henne som ein hauk. Ein god far meinte Store-Greta.

 

"Kva var den lyden, pappa?". Georg såg bakover, og akkurat i det han snudde seg så slutta lyktene på bilen å lyse. Samtidig som dei andre lysa i tunellen også slutta å lyse. Den vesle familia på tre sto no aleine midt i ein mørkelagt og kald tunell. Vesle-Greta begynte å gråte igjen. "kvi-hifor har`kje vi funne nokon telefon pappa? Du sa vi sku` finne ein! Eg vil heim!" Vesle-Greta gret så ho nesten ikkje kunne prate. Akkurat då kom det eit gisp frå Vesle-Greta. Store-Greta snudde seg brått og retta blikket mot der ho visste at Vesle-Greta sto. Men Store-Greta kunne ikkje sjå henne tydeleg på grunn av mørket. Men det var ein forskrekka jentunge som stod der. Augene var store som epler. Ho stirra rett fram og glana tomt ut i lufta. "Kva var det, venen?". Vesle-Greta svarte ikkje. "Greta?" I staden for eit svar frå jentungen høyrde dei eit hyl og eit kraftig dunk litt lenger borte frå der dei no var. "Kvar er du? svar då!" Ropte Georg fortvila ut i mørket.

 

Dei to vaksne fekk panikk. Dei kunne ikkje sjå noko i mørket, som omringa dei. Dei sprang mot den enden der hylet var kome frå. Men Vesle-Greta såg dei ikkje. I over ein halv time gjekk dei desperate rundt og ropte og leita etter den vesle jenta. Med eit stoppa Store-Greta opp. "Høyrer du det, Georg?" Ho var hes i stemma etter all gråten og ropinga. "kva for noko?". svara Georg. Det gjekk ei stund og Store-Greta gav ikkje noko svar. Då kom nok eit hyl etterfulgt av enda eit kraftig dunk! Denne gongen var det mykje nærmare. Hjartet hoppa i brystet på Georg. Han prøvde å rope, man det kom ikkje ein einaste lyd frå han. Var han blitt stum av redsle? Han som ellers hadde så sterk psyke, skulle han knekke saman på den kalde våte vegen? Han brast ut i gråt. Dei to han elska mest i livet var forsvunne. Plutseleg kjente han eit grep kring halsen. Noko kaldt, slimete og stinkande som stramma seg for kvar bevegelse han gjorde. Han kjente vibrasjonar i bakken, og noko lysande kom i ei voldsom fart mot han.

 

Eit ekko av eit kraftig dunk hørtes gjennom tunnelen på milesvis avstand. Tunellen har tatt sitt siste offer og stilla er no alt ein kan høyre.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst