Lars Saabye Christensen

Særemne om Lars Saabye Christensen
Sjanger
Særemne
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2000.07.10

Føreord

 

Då valet om kva emne som skulle veljast til særoppgåve, stod det ikkje mellom så mange alternativ. Valet fall på Lars Saabye Christensen, forfattar med stor suksess på 80- og 90-talet og haugar med gode omtalar i bagasjen. Mitt første møte med hans litteratur kom på ungdomsskulen, då eg fann novella "En gang må bli den første" i ein antologi med utdrag frå fleire kjende forfattarar opp gjennom tida. Den særeigne skrivemåten - ordvalet, setningane, skildringane - slo meg med ein gong. Samstundes som eg trakk på smilebandet over den godt fortalde historia om dei to gutane som vart fulle for første gong – men likevel hevda at dei ikkje kjende noko.

 

            Sitatet "Livet er tiden det tar å dø" er ei linje av Lars Saabye Christensen som han tykkjer er representativ for kva livet faktisk går ut på. Han var svært godt nøgd med denne setninga, og etter å ha brukt ho ein gong, gjentok han ho i ei anna bok. Mange har påpeikt at dette er eit svært pessimistisk livssyn, medan forfattaren sjølv tilbakeviser dette med å seie at det er ei realistisk utsegn og ikkje treng å vere negativt ladd. I høve oppgåva tykte eg dette var ein passande tittel, som reflekterar både forfattaren og livsfilosofien i mange av bøkene hans.

 

            Under arbeidet med særoppgåva har eg arbeidd med bøkene Herman, Gutten som ville være en av gutta og Beatles. Eg valde òg å sjå på novellesamlinga Ingens og diktsamlinga Stempler for supplerande litteratur. Eg har nytta Internett som hovudverkty for informasjon, der riksavisene sine litteratursider har vore til stor hjelp. Der fann eg artiklar, intervju, portrett og bokmeldingar som har vore med på å gje eit dekkande bilete av forfattaren og arbeidet hans. Bokmeldingane har rykte på seg for å vere raskt samanfatta, subjektive vurderingar, men bidrog mykje i samband med å samanlikne oppfatningar om forfattaren sin litteratur. Særoppgåver om Saabye Christensen har òg vore tilgjengeleg på nettet, men har for det meste vist seg å vere dårlege avskrifter av kjeldemateriale. Personalet ved biblioteket i Høyanger skal rosast for sitt arbeid med å finne litteratur og avisutklipp på manuelt vis.

 

           

 

Problemstilling

 

               

 

For arbeidet med litteraturen sette eg fram følgjande problemstilling:

 

     Kva likskapar finn eg i bøkene Herman, Gutten som ville være en av gutta og        Beatles av forfattaren Lars Saabye Christensen som vedkjem hovudpersonar,          skrivemåte og språk, miljø og tid, og aktuelle samtidige forfattarar/tekstforfattarar?

 

For å komme så nær svaret som mogeleg har eg teke med ein gjennomgang av Saabye Christensen sine produksjonar innanfor dei tre hovudsjangerane roman, novelle og dikt, analysar av dei tre bøkene, og ei samanføying av hovuddelane i problemstillinga, der funn frå analysene er inkludert. 

Lars Saabye Christensen og hans forfattarskap

 

            Lars Saabye Christensen vart fødd i 1953 i Oslo, og oppvaksen i same by. Etter 15 år i "eksil" på Sortland i Vesterålen har han no flytta tilbake til byen der han har henta miljøet til mange av sine romanar og noveller. Der trødde han sine barneskor og arbeidde mellom anna to år som blomsterbud. Slik knytte han til seg detaljkunnskap om oppvekstmiljøet sitt på Frogner. Oppveksten var som for dei fleste jamaldringane hans; han spelte fotball og gjorde rampestrekar med venene. Mora var heimeverande, og dei fekk eit nært forhold, slik vi ser det igjen i romanane hans. Etter eige utsegn var dette eit miljø som liknar det han skildrar i bøkene sine. Musikken betydde òg mykje, men han innsåg raskt at han ikkje ville oppnå nokon posisjon med sine musikalske ferdigheiter, og heller ikkje på fotballbana såg han ei lysande framtid.

 

            På denne tida blomstra interessa for lyrikk opp. Han begynte å skrive som 13-åring, og fekk sine første dikt på trykk i skuleavisa. Seinare vart han ein del av det lyriske undergrunnsmiljøet i Oslo, der likesinna skreiv dikt og gav dei ut på sjølvfinansierte forlag. Inspirasjonen kom frå eit ønske om å skrive meir folkeleg, friskare og alternativt enn kva som var vanleg på denne tida. Av førebilete trekk han fram Jan Erik Vold og Georg Johannesen. Samstundes studerte han ved Universitetet i Oslo, som han forlet med grunnfaga norsk og idéhistorie, saman med mellomfag i kunsthistorie og litteraturvitskap. Statens Lånekasse finansierte såleis dei første utgjevingane hans.

 

            Debuten på eit stort forlag kom i 1976 med Historien om Gly, ei todelt utgjeving av korte tekstar og dikt som gjenspeglar hovudpersonen Gly sitt liv. For dette fekk han Vesaas-prisen som beste debutant. Tre diktsamlingar og tre romanar seinare kom gjennombrotet med Beatles, oppvekstromanen som gav han Cappelenprisen. Merksemda rundt han skaut i vêret, og lesarkrinsen vart mangedobla. Lars Saabye Christensen har vist at han meistrar dei tre hovudsjangerane roman, novelle og lyrikk til det nærmast fullkomne, men har gjennom si fartstid som forfattar òg vore innom fleire sjangrar. Mellom anna har han filmmanus til filmatisering av eigne bøker, tekstar til musikk, skodespel, høyrespel, antologiar og ei barnebok å legge til si lange liste over produksjonar.

 

Romanar

 

            Romanane er for Saabye Christensen årelange prosjekt, der han deler inn arbeidet sitt i tre delar. Den første, og tyngste, går ut på å formulere innhaldet i boka. Dette gjeld struktur, persongalleri og konflikt, saman med research for hendingane. Alt dette har han i hovudet før skrivinga tek til. Skriveprosessen er del nummer to, der han let personar og handling få utvikle seg saman med forminga av detaljane. Denne prosessen tek si tid, då han er nøgd med å skrive ei side per dag. Denne sida vert vanlegvis gjort unna om morgonen, før han nyttar resten av dagen til å late tankane svirre om fortsettinga medan han føretek andre gjeremål. Den siste delen av arbeidet er finpussing, der nøysame ordval vert gjort for å høve best til samanhengen.

 

            Lars Saabye Christensen sine tre første romanar kom i tidsrommet 1977-1981.

 

Med desse tre sette han standarden for dei fleste av hans romanar. Uttrykket "den snublande helt" vart brukt om hovudpersonane, som klart viste trekk som knyter dei saman. Felles for dei er at dei alle slit med å finne seg til rette og ikkje klarer å finne ein posisjon i samfunnet dei er tilfredse med. Difor hamnar dei i dei mest vanvittige situasjonar under forsøket på å rette seg etter samfunnet sin sosialiseringsprosess og jakta på menneskeleg kontakt. Vidare ber bøkene preg av humor, situasjonskomikk og treffande poeng, som er gjengangarar i Saabye Christensen sin litteratur. 

 

             Amatøren kom i 1977, og tok for seg det mislykka livet til studenten Christian

 

Humle. Han er på leit etter eit fast haldepunkt i kjærleiken utan å verte som "alle de andre", men framstår som ein evig amatør på dette området. Slik vert han ein stamfar for dei komande hovudpersonane i forfattaren sin litteratur.

 

            I 1980 var Billettene i bokhandlane sine hyller, og tok for seg Magnus Mort, trikkekonduktør med eit mål. Han vil konstruere meininga med livet, utifrå ei rolle i samfunnet. Valet fell på å verte forbrytar, om ikkje akkurat i stor stil. Han samlar opp gamle trikkebillettar og sel dei dagen etterpå til same tidspunkt. Uskuldig nok i utgangspunktet, kanskje, men gjev større konsekvensar enn forventa for Mort.

 

Jokeren, frå 1981, er Saabye Christensen sitt første steg inn i kriminallitteraturen, eit forvarsel om kva som skulle komme frå hans hand seinare. Hovudpersonen, ein gamal hippie, tek dekknamnet Hugo Hylster og framstår som privatdetektiv. I jakten på løysningar er han ikkje framand for tanken på å gi seg ut som både offer og forbrytar. Hylster viklar seg då inn i eit karaktergalleri som kunne vore henta frå einkvar typisk kriminalroman; pokerspelarar, knallharde livvakter og legar med ugler i mosen er blant dei han møter.

 

            Hans tre første romanar utmerka Lars Saabye Christensen som ein av dei mest interessante unge forfattarane i Noreg, men gjennombrotet blant det store publikummet lot vente på seg. Dette kom då til gagns i 1984, då Beatles vart gjeven ut. Lesarane møtte her ein ungdomsgjeng på fire gutar som er saman om alt og aldri skal skiljast. Etterkvart som det vaksne livet nærmar seg, får dei oppleve at dette ikkje vert lett. Dei glir ifrå kvarandre til fire ulike personligheiter der det einaste som etterkvart bind dei saman, er fortida deira. Boka strekker seg over sju år, der lesarane ser utviklinga frå muntre oppvektsminne til påkjenningane som dreg kameratskapen frå kvarandre.

 

            Med Blodets Bånd (1985) og Sneglene (1987) vender Saabye Christensen tilbake til kriminalsjangeren. Her er Ernst Smith, ein nyutdanna jurist, hovudpersonen som skal finne Vera, ei ung prostituert jente Denne gongen er det skyggesidene av Oslo som vert skildra, med klare skildringar av stoff- og prostitusjonsmiljøet. Leitinga etter Vera tek Ernst Smith til Frankrike, der Saabye Christensen for første gong legg handlinga i ein roman til ein annan stad enn Oslo.

 

Herman (1988) gav Saabye Christensen sine lesarar første gong ei bok med eit barn i hovudrolla. Miljøet er det same som vert skildra i Beatles, berre nokre år tidlegare. Vi møter i denne romanen Herman, og hans skjebne. Han mistar håret tidleg, og lesarane følgjer Herman sin kamp for å godta seg sjølv. Det vert ei hard tid for han, men takka vere sin veslevoksenheit og humor klarer han å ri stormen av.

 

            I 1990 vart suksessen med Beatles følgd opp av Bly. Her kommer Kim Karlsen tilbake til Oslo etter eit opphald i Firenze der han tente til livets brød som pianist ved eit gledeshus. Trådane frå tida før Beatles vert her samla, samstundes som historia om Kim i Italia vert fortalt. Han har ikkje utvikla seg mykje frå ungdomstida, då han framleis ikkje har noko fast haldepunkt i livet som han stadig lever i motgang.     

 

            To år seinare kom nok ei bok hovudsakleg retta mot yngre ungdom.

 

Gutten som ville være en av gutta tek for seg ein problematikk mange står overfor i ungdomstida. Otto ein av dei som står utanfor "gjengen" - han kjem ikkje med på fotballaget, og er ikkje spesielt populær blant jamaldringane. Otto er heller ikkje ulik karakteren Herman, både i oppvekstmiljø, oppførsel og tankegang.

 

            Lars Saabye Christensen sin foreløpig siste roman vart gjeven ut i 1995, med namnet Jubel. Her beveger han seg vekk frå det kjende Oslomiljøet, og legg i staden handlinga til Vesterålen. Stilen er likevel ikkje ukjend Oslo-romanane, då Saabye Christensen på denne tida hadde vore busett på Sortland i tretten år. Hovudpersonen Jonatan Grep, kjem til eit lite kystsamfunn for å arbeide som pianist ved eit hotell. Handlinga i boka vekslar mellom notida, der Grep er i Vesterålen, og oppveksten hans, der han drømmer om å verte musikar. Musikken går som ein raud tråd gjennom romanen, då det er denne som driv Jonatan gjennom kvardagen.

 

Novellesamlingar

 

            Lars Saabye Christensen sine noveller er kjende for dei fleste ungdomsskule-

 

elevar i Noreg, då fleire av dei har vore funne verdige til plassar i samlingar og antologiar til bruk i den norske skulen. Å formidle situasjonsbilete og skildre frosne augeblikk har vorte eit av varemerka hans, noko som kjem ettertrykkeleg til sin rett i noveller. Her får han eit svært avgrensa rom å bevege seg i, men nyttar kvart ord til å skape stemningar og handling. Dette har fått kritikarane til å hevde at han gjerne gjer seg best som novellist.

 

            Novellesamlinga Ingens var hans første, og kom ut i 1992 til strålande omtalar frå alle hald. Her presenterer han noveller med både born og vaksne i hovudrollene og let temaa strekke seg frå det mest uskuldige til det ytterst bestialske. Denne samlinga inneheld mellom anna "Gugg", der uskuldige barnestrekar er med på å bryte ned eit menneske og "En gang må være den første" som omhandlar den eplekjekke haldninga til gutane som drikk seg fulle for første gong. Dei mørkare novellene ”Slakt” og ”Stillaset” er òg blant høgdepunkta i samlinga.

 

            Den misunnelege frisøren følgde opp Ingens i 1996. Denne samlinga inneheld 4 lengre tekstar, som kjem tett opptil novelledebuten hans i kvalitet. I all hovudsak dreier desse novellene seg om å klare seg gjennom eit usikker tilvære. Døme på tema frå samlinga er sviktande kommunikasjon i ekteskap og resultatet av manglande vilje til å følgje utviklinga i samfunnet.

 

Den hittil siste novellesamlinga, Noen som elsker hverandre, kom ut hausten 1999, men er den første som har fått lunken respons hos kritikarane. "Død og mye pine" var overskrifta i VG, som då refererte både til innhald og kvalitet. Saabye Christensen vender seg igjen til det groteske, der karakterande et seg ihjel, rotnar innanfrå eller styrtar i fly. Men så arbeider då hovudpersonen i fleire av novellene i begravelsesbransjen. Dei som kjem levande i frå novellene, har det heller ikkje godt. Mobbing, kjærleikssorg og samanbrot er tema vi finn i samlinga.

 

Lyrikk

 

            Det var som lyrikar Lars Saabye Christensen fann vegen til litteraturen, og han held fast på at bakgrunnen som lyrikar er viktig for romanane hans. Han tykkjer romanar og lyrikk vert to sider av same sak.. Dikta synes han er meir direkte i forma, og viker ikkje for nokon. Det skal dessutan vere ei linje i kvart dikt som er ubehageleg å skrive, hevdar han.         

 

            Dei tre første diktsamlingane etter Historien om Gly bar preg av eit økopolitisk syn, med ein strengare tone enn tidlegare. Desse samlingane var Kamelen i mitt hjerte (1978), Jaktmarker (1979) og Paraply (1982). Andre fellestrekk for dikta er det visuelle inntrykket, svart humor, uvante samanstillingar av ord og påverknad frå surrealismen. Mellom det dystre finn vi òg det meir lavmælte, som i kjærleiks- og erindringsdikta.

 

            Med Åsteder frå 1986 fortset han erindringsdikta, der det tematiske ofte går til å finne spora frå ei tid som er forbi. I denne samlinga finn ein òg i større grad enn før rimande dikt og sonetter. Mange dikt ber dessutan preg av intensjonar om tonesetting, der fleire kan minne om bluestekstar.

 

            Stempler (1989) vert sett på som den beste samlinga av dikt Saabye Christensen har gjeve ut, med streng komposisjon gjennom 52 sykliske dikt. Samlinga ber preg av død og dødsangst, der tida vert sett på som ei uunngåeleg skjebne med døden som ende. Den akustiske skyggen, eit bestillingsverk av dikt med musikk av Ole Henrik Giørtz, for Moldejazz i 1993, har òg preg av liknande motiv. Dikta viser ei mørkare side av forfattaren enn før, som òg vert gjenspegla i Bly frå året etter. Fleire av desse dikta er òg teke med i romanen. I ettertid vert denne samlinga av forfattaren rekna som den beste og mest nødvendige utgjevinga hans, men òg den vanskelegaste å skrive, utan at han utdjupar dette vidare.

 

I si siste samling, Falleferdig Himmel, frå 1998, tek han opp mykje av den same stemninga, om ikkje fullt så dystert. Likevel dreier det seg om sakn, smerte og død. Samlinga består av tre delar, der den første og siste er merka av ei melankolsk grunnstemning, som vert balansert av ein friare midtdel. Metaforane vert hyppig brukt saman med rytme og klang, noko som gjev eit gladare preg på dei elles mørke dikta.

 

Forfattaren har òg gjeve ut to tematiske samlingar, begge i 1998. Den eine er Den andre siden i blått, der dikta hans akkompagnerer bilete frå Vesterålen. Den andre er titulert Pasninger, og er ei oppsummering av inntrykka frå fotball-VM i Frankrike.

 

Analyse av Gutten som ville være en av gutta

 

 

            I 1992 kom "Gutten som ville bli en av gutta" - romanen om Otto Olsen som var 20 centimenter for kort til å komme med på fotballaget - ut. Saabye Christensen var med denne boka tilbake igjen til sine yngre heltar, etter å ha gjeve ut fortsettinga av "Beatles" og publisert samlingar av dikt og noveller.

 

Hovudpersonen Otto er som dei fleste andre av hans hovudpersonar,  og kanskje ein av dei mest typiske av dei alle. Han er i tenåra, oppheld seg utanfor hovudstraumen i samfunnet, og taklar ikkje alle dei innspela livet kjem med til han. Han er ein likandes kar, men har ei utruleg evne til å opptre klossete i dei mest utidige situasjonar. Samstundes er Otto ein følsam fyr, har stor omsorg for foreldra og er ikkje minst plaga av eit bankande samvit. Dette samvitet oppfattar han som tikkande klokker inni seg. Nokre gonger tikkar dei lett som stoppeklokker, medan andre gonger svinger pendlane på store bestefarsklokker inne i Otto.

 

 Handlinga er som i mange andre av Saabye Christensen sine stykke lagt til Oslo på 70-talet, der Frigg og Lyn var rivaliserande lag i hovudserien for fotball. Otto får vere ballgutt på Bislett under ei kamp mellom desse laga - eit av hans store høgdepunkt i ein kvardag vanlegvis fattig på høgdepunkt. Uheldigvis for Otto vert ikkje dagen akkurat slik han hadde tenkt. I det han skal hente ein ball ved tribuna, ryker strikken i buksa slik at Otto mister ho, rett foran Store Stå. Raud av skam forlatar han Bislett ved pause, og fyller nok eit kriterium for å vere hovudperson i ei Saabye Christensen-bok.

 

            Temaet vert klart lagt fram i boka, allereie i tittelen. Otto vil så gjerne verte ein av gutta - spele på Frigg, reise bort om sommaren og vere med jenter. Dette viser seg ikkje som noko lett oppgåve. Otto er ein einstøing, ikkje akkurat fordi dei andre ikkje tek han med i fellesskapet, men fordi det ligg i naturen hans. Her ligg litt av dilemmaet i historia - Otto vil "inn", men er samstundes klar over, på eit vis, at han aldri verkeleg vil oppnå dette. Han likar  å vere for seg sjølv og tenke, og syklar ofte omvegar – for det er der ting skjer, i følgje Otto.

 

            Otto sitt første møte med jenter kjem fram i boka, der det vert antyda at han er aldri så lite forelska i Ane. Ho er den rake motsetninga av Otto - rik, sikker på seg sjølv og ein del av eit miljø. Ho inviterer Otto til eit selskap på fødselsdagen hennes, men allereie utanfor innser han at han ikkje høyrer til. Under festen leikar dei "Halen på eselet", og Otto er nok ein gong uheldig på feil stad til feil tid. Med bind for augene famlar Otto seg framover, og endar med å øydelegge eit verdifullt maleri.  

 

            Motivet er henta frå ein del av livet som svært mange kjenner til - fotballen. Det er for fleire ein evig kamp om å komme med på laget, om det å vere god nok og å verte godtatt av dei kanskje betre lagkameratane. Dette er òg ein del av Otto sin kvardag. Han er ikkje god nok til å komme med på laget, ikkje eingong som reserve. Engasjementet skortar det likevel ikkje på, og han tek att dei manglande evnene med glødande iver. Otto møter trufast opp til kampar, og får mora til å vaske draktene. Slik får han i det minste kjensla av å vere med på eit lag, trass i at han ikkje sjølv får spele.

 

            Historia er fortalt objektivt gjennom Otto, i eit 3. personperspektiv. Lesaren har full tilgang på Otto sine tankar, som det er rikhaldig av. Tankane svirrar rundt fotball, mora, faren sitt farlege yrke, naboane og Ane. Forfattaren har lagt vekt på å framstille tankar omkring kvardagslege ting, for å få fram einsemda og mangelen på aktivitet rundt Otto. Det er sommar og han er åleine att i byen, og difor er det lite å ta seg til.

 

            Språket forfattaren nyttar er svært likt bokmål slik vi skriv det på skulen og les i Oslo-avisene. Dei fleste verba sluttar på -et, og språket er høvesvis pent i skildringane. I direkte tale vert språkbruken mindre konsekvent, og ein ser meir bruk av samantrekningar av ord, som "kan’ke" i høve til "kan ikke" og "ska’ru" i staden for "skal du". Saabye Christensen nyttar svært nøyaktige, målande skildringar av omgivnadene rundt Otto slik han ser dei. Språklege verkemiddel som simili og metaforar vert hyppig nytta. Desse verkemidla let lesarane danne sine eigne bilete av hendingane sett gjennom Otto sine auge.

 

Analyse av Herman

 

”Herman” vart skriven i 1988 og er rekna som Saabye Christensen si første barnebok. Knut Faldbakken i VG følte seg freista til å omtale ho som ei "barnebok for vaksne", men meinte samstundes at rikdomen på innhald og klokskapen gjer ho til ei "voksenbok for barn". I motsetnad til hans føregåande bøker, der handlinga og karakterane er retta mot ungdom og vaksne, er hovudpersonen i barndomen. Boka handlar om Herman Fulkt, ein veslevaksen gut på 11 år. Herman og familien bur på Oslo sin vestkant, der mora arbeider i butikk, medan faren er kranførar på ein byggeplass. Handlinga er lagt til byrjinga av 60-talet, og Herman går framleis på folkeskulen, med dei gleder og sorger dette måtte føre med seg.

 

            Allereie i ung alder møter Herman eit problem som dei fleste ikkje får før dei kjem langt opp i åra – han mister håret. Herman er likevel i hende av ein viktig reiskap i ein slik situasjon, og nettopp humøret hans kjem han til god hjelp. Han er dessutan svært velformulert, og likar å leike med ord og uttrykk. Herman framstår som svært vaksen for alderen på bakgrunn av dette, men viser samstundes at han ser verda som eit barn, med naive skildringar av hendingar rundt han. Eit eksempel på dette finn vi der han fortel om ei av faren sine søndagsrutiner etter fuktige laurdagar utan å vite kvifor han gjer dette:

 

“Der bestemmer han seg for å stikke fingeren i halsen,

 

              akkurat som faren pleier å gjøre om søndagene.”

 

Motivet for boka hentar Saabye Christensen frå Herman sin hårsjukdom, som er dels resultat av arveanlegget hans, og dels nervøsitet. Her kjem det fram at Herman i løpet av boka har vore redd for å vere med faren opp i krana som han jobbar i. Redd for å skuffe faren har han late vere å seie nei, men kjenner seg merkbart utilpass når faren tek opp temaet.

 

I følgje legen kan det vere at hårveksten kjem tilbake, men Herman ytrar lita tru på dette.For Herman, som vert mobba på skulen frå før, er dette ei katastrofe. Han går inn i seg sjølv, nektar å bruke parykk, og sit heller med lue på i timane. Dei overbeskyttande foreldra gjev beskjed om dette til skulen, og Herman får då særbehandling i timar og friminutt

 

Dette gjev Herman ei enda sterkare kjensle av hjelpelause, og har vert dregen enda djupare ned i sjølvforakten. Vi kjem då inn på temaet i boka, som vert ein slags moral i denne historia. Forfattaren freistar å vise at det er dei indre kvalitetane som tel, og at dei ikkje forandrar seg sjølv om utsjånaden gjer det. Å kunne innsjå dette vert Herman sitt hinder - å falle til ro med at han likevel er den same, sjølv om han har mista håret. Boka vert ein kamp for å overvinne sjølvforakten og erstatte denne med sjølvaksept. Vegen å gå for Herman vert å forsone seg med sin nye utsjånad. Med hjelp av bestefaren og si eiga vilje klarer Herman å overvinne sitt negative eg og nå tilbake i tilværet der han trivst med seg sjølv.

 

            Det er i hovudsak to personar som har mykje å si for Herman sitt positive resultat ved slutten av boka. Den første er som nemnd bestefaren, medan den andre er ein bifigur med ei likevel stor rolle; Damen med Maurene. Bestefaren er Herman sin beste ven. I staden for å synest synd på seg sjølv, går Herman ofte på besøk til bestefaren. Der kan Herman vere seg sjølv, og finne felles trøyst, for bestefaren er òg skalla, men er i tillegg aldrande og sengebunden. På julaftan kjem Herman på besøk og finn bestefaren daud. Dette vert eit vendepunkt i Herman si hårkrise. Han innser no at han må klare seg på eiga hand, utan bestefaren, og det vert lettare for han å akseptere sin nye utsjånad. Ein kan då sjå bestefaren som ei støtteanordning for Herman, som ikkje er naudsynt lenger når han klarar seg sjølv. Vidare kan ein seie at både Herman og bestefaren vert sleppte fri frå sine dåverande tilstandar. I Herman sitt tilfelle er det ei psykisk sperre som vert overkome, der han på eit vis kjem seg fri frå seg sjølv. For bestefaren kjem døden då som ei frigjering frå tilværet i senga si, og lesarane kan håpe at han vert gjenforeint med kona si, som fortsatt betyr mykje for han, i eit liv etter døden.

 

            Damen med Maurene er ein bydelsoriginal i boka som dei fleste barna gjer narr av.

 

Namnet har ho fått etter gangen sin, noko som borna forklarar med at ho har maur i kroppen. Herman er ikkje av dei som plagar henne, men han tykkjer det er noko rart med ho.

 

Herman får møte denne dama, Hulda Hansen, då han vert tvinga av gutegjengen i klassen til å vere med på å binde att dørhåndtaka på døra hennar, og så ringe på. Dei andre klarer å komme seg unna, men Herman vert teken. Ho inviterer han inn, og dei tek til å prate. Ho fortel at ho var berømt før, og Herman får sjå eit bilete av den skalla filmstjerna Yul Brynner. Etter denne opplevinga  innser han då at det kan ligge eit heilt menneske bak ein uvanleg utsjånad, og i likskap med bestefaren sin død vert dette eit stort steg på veg til sjølvaksepten.

 

            Boka er fortalt gjennom ein avgrensa 3. person, der vi får vite Herman sine tankar. Dei andre karakterane i boka vert berre skildra gjennom sitt språk og sine handlingar. Synsvinkelen gjer at lesarane ikkje får ei eg-kjensle med handlinga i boka, men oppbygginga skaper eit nært forhold og sympati til Herman. Lesarane følgjer Herman gjennom 3 årstider i boka som er oppdelt i 24 kapittel utan namn. Handlinga startar om hausten og endar om våren. Dette er nok ei planlagd inndeling, då den lengste delen av boka er henta frå vinteren, den mørkaste tida, som òg vert den tyngste perioden for Herman. På den andre sida, når våren kjem, i eit kapittel, er det ein bekymra Herman, retta mot framtida som vert skildra.  Med sine uvanlege og skarpe formuleringar klarer Saabye Christensen å drive lesaren gjennom boka utan å skape eit høg spenningsnivå. Humoren ligg òg på lur bak kvar ei tragisk hending og let lesaren småle frå side til side.

 

Analyse av Beatles

 

            Denne boka, ein oppvekstroman om fire gutar sitt vennskap, skaffa Lars Saabye Christensen Cappelenprisen for 1984. Dei 540 sidene romanen utgjer har fått ein eigen plass i livet til dei som vaks opp på 60-70-talet, som eit album av minne "fotografert" av forfattaren. I følgje Saabye Christensen er dette boka som ligg tettast opp til hans eige liv, og ein finn sjølvopplevde hendingar ispedde dei fiktive.

 

Boka består av ei rekke hendingar og minne frå åra 1965 til 1972, og har ikkje noko bestemt plott eller fastspikra tema. Likevel, som ein raud tråd gjennom heile romanen finn vi samhaldet i gjengen, rituala, løyndomane og utviklinga dei går gjennom.

 

            Beatles følgjer dei fire kameratane Kim, Gunnar, Seb(astian) og Ola gjennom oppveksten deira. Dei er heilfrelste Beatles-tilhengarar, og ventar spent på kvar nye utgjeving. Dei tek det så langt at dei tiltalar kvarandre med namn frå Beatles-medlemmene, høvesvis Paul, John, George og Ringo. Mang ein kveld sit dei rundt platespelaren og lyttar til

 

The Beatles, der dei får sin første forsmak på det komande ungdomsopprøret. Som mange andre på same tida let gutegjengen håret gro til stor fortviling for foreldra. Lesarane får i sju år følgje med dei fire kameratane i det meste dei gjer, frå musikk til turar, festar, jenter og eksperimentering med rusmiddel.         

 

            Musikken har ei stor rolle i Beatles. Saabye Christensen nyttar denne kunstforma som ein katalysator for si eiga forteljing, der han dreg inn musikalske referansar der det høver seg. Til dømes har kvart kapittel i boka har fått namn etter ein låt av The Beatles. Unnataket frå dette kjem mot slutten, der enkelte kapittel er namngjevne etter songar frå dei ulike bandmedlemmene sine solo-utgjevingar. Dette kan lesast som eit symbol på oppbrotet av gjengen, der dei til slutt er for det meste på eiga hand, i kontrast til det tidlegare tette samhaldet. Låttitlane viser seg òg å vere symbolske i høve til innhaldet i kapitla.

 

            Boka er delt inn i 21 kapittel over tre delar. Kvar av dei tre delane er markant forskjellige enn dei andre. Del ein skildrar for det meste ei harmonisk ungdomstid der dei einaste problema i all hovudsak er ganske små i høve til kva dei vil møte på seinare. Del to ber preg av store omveltingar for Kim Karlsen. Han mistar to kjærastar, faren tek skuldkjensla for ranet innover seg, og Paul McCartney "døyr". Fellesskapet mellom venene vert dessutan avgrensa, som symbolisert i tittelen på det første kapittelet i delen; "Hello Goodbye". I del tre ser vi dei gamle venene sporadisk samla under spontane innfall. Kim vert i det siste kapittelet tvangsinnlagd på Gaustad, men rømmer med hjelp av vennene og dreg til Nesodden.

 

            I løpet av handlinga ser vi dei fire sakte gli i kvar sin retning. Frå å vere samstemte barndomsvener ender dei opp som svært  ulike personar, men med fortida som fellesnemnar: Gunnar har ein eldre bror med anarkistiske tendensar, som går i demonstrasjonar og deltek i aksjonar, mellom anna i protest mot Vietnamkrigen. Broren er eit førebilete for Gunnar, men han vel ein annan veg, og vender seg mot kommunismen, der han vert eit aktivt medlem av AKP-ml. Seb eksperimenterer med ulovlege rusmiddel og reiser til Europa for å finne faren. Seinare, vel heime att, legg han av seg denne livsstilen og vert religiøs - den einaste av dei fire som ikkje konfirmerte seg. Ola var i utgangspunktet den minst modne av dei alle, noko vi ser symbolisert i stamminga hans. Han vert likevel det som veks opp fortast, og vert far i ung alder. I takt med den raske modninga ser vi at stamminga forsvinn etter at han vert sikrare på seg sjølv og meir vaksen. Kim, derimot, hamnar absolutt ingen stad. Han mistar forholdet til foreldra, finn seg ikkje tilpass på universitetet, har ingen fast jobb, blir stempla krigsudyktig av militæret og mistenkt for ranet av bankfilialen det faren er sjef. Ingenting går hans veg, og han driv kvilelaust rundt mellom jenter og rusmiddel. Han har ingen ventil for kjenslene som bygger seg opp innanfrå, og ender opp på psykiatrisk behandlingsheim.                                                                         

 

            Hovudpersonen Kim Karlsen er ein samansett karakter, og er vanskeleg å setje i bås. Etter eige utsegn veit ikkje eingong forfattaren heilt kven han er, og hevdar dette er ein av grunnane til at Beatles vart så lang som den er. Kim Karlsen er god på bunnen; ein sympatisk figur som klarer å få lesarane på si side, trass i sine handlingar av ulik moralsk karakter. Noko av årsaka til dette ligg i at han reflekterer mange ulike karaktertrekk i ein. Nokre gonger skulle ein ønske at ein var som han, medan han andre gonger gjev han lesarane lærdom om ting ein ikkje bør gjere. Det er som forfattaren seier;  han gjer tinga vi ønskjer vi hadde gjort, men òg tinga vi helst vil sleppe å gjere. Kim Karlsen stiller seg ofte undrande til livet og dei små detaljane som utgjer det. Utover i boka framstår han som ein eksistensialist, der desse detaljane og korleis dei for hans vedkommande skapar livet, er viktigare enn mellommenneskeleg kontakt. Han får difor problem med å forme band til menneske, og det er for andre vanskeleg å nærme seg han på eit kjenslemessig plan.

 

            Handlinga er hovudsakleg lagt til Frogner, der dei fire gutane bur. Tidvis ser vi òg avstikkarar til Nesodden, Nordmarka og Holmenkollen. Nokre glimt frå Paris og København er teke med, men elles held gutane seg til sine velkjende gater i Oslo. Handlinga relaterer ofte til faktiske hendingar i boka sitt tidsrom for å forsterke autentisiteten av miljøet som vert omtalt. Dette gjeld mellom anna Vietnamkrigen, folkeavstemminga om EEC og ungdomsopprøret i Paris.

 

            Historia vert fortalt av Kim, sitjande i sommerhytta på Nesodden, der han skriv ned livshistoria si. Det er òg her attforteljinga begynner, med at han er på same stad fleire år tidlegare. Han ser tilbake og fortel kronologisk i 1. person om åra som har gått. Undervegs legg han til sine eigne kommentarar til det som har hendt, og med åra litt på avstand har han moglegheita til å sjå hendingane i eit større perspektiv. Lesarane får såleis vite Kim sine tankar, både dei han gjorde seg då episodane faktisk hendte, saman med dei refleksjonane han gjer seg medan han skriv.

 

            Ein kan òg finne fleire døme på frampeik i forteljinga. Eit døme på dette er då Kim fortel om turen til Nordmarka, då dei først var på hytta for å grave etter mark til fiske. Han fortel då at han såg inn hyttevinduet og fekk auge på seg sjølv. Noko liknande ser ein seinare i boka, då faren løyser kryssord og lurer på eit anna ord for forandring. Dette finn stad dagen før bankfilialen vert rana, ei hending som snur opp ned på tilværet for familien til Kim.

 

"-Revolusjon, gjentok han, telte på fingrene, bøyde seg over rutene igjen, og mor        fortsatte å strikke, som om ingenting skulle hende."

 

Dette er moment som er lett å ikkje legge noko større vekt på i det ein les det, men i ettertid ser ein at denne skildringa legg opp til ei framtidig hending.

 

            Språket i boka ber preg av ein forteljande, muntleg tone. Historia er nedskriven av Kim, og forfattaren legg difor vekt på at det er han det skal høyrast ut som. Kim sin skrivemåte ligg ofte tett opp til måten ein tenker på, og nyttar ufullstendige setningar og fragment. Boka inneheld òg mykje direkte tale, som er formidla på same vis som forteljinga, på låg Oslo vest-sosiolekt. Vi finn òg døme på fleire sosiolektar i boka, framstilt ved jenta Cecilie og den tidvis femte Beatle, Fred Hansen. Cecilie tilhøyrer overklassen, bur i ein villa i Bygdøy Allé, og snakkar tilsvarande pent og høveleg. Fred Hansen bur på østkanten, er av lågare arbeidarklasse og vert mobba av læraren for å seie "vårs" og "demses". Kim er knutepunktet mellom dei to ytterkantane, med eit avmålt språk som høver godt til ungdomsmiljøet sitt.                

Samanføying

Skrivestil og språk

 

            Saabye Christensen fann tidleg sin eigen stil, og har halde seg trufast til denne. Dette gjeld både miljø for handlinga, hovudperson og uttrykksmåte. Litteraturen hans ber inga preg av høgtidlegheit, men går vanlegvis rett på sak. Vi ser dette igjen i setningsbygginga hans, der vi hovudsakleg finn korte og konsentrerte setningar. Enkelte lange passasjar er òg til stades, då i form av skildringar med effektiv bruk av komma og bindestrekar. Dette gjer forfattaren tilgjengeleg, då han er lett å lese og forstå. Saman med gjenkjenningsfaktoren gjer dette at alle  kan identifisere seg med skildringane hans, og har skaffa han eit breitt publikum i alle aldrar.

 

            Språket er prega av hans eigen oppvekst, og ligg nært talemålet han nytta sjølv på denne tida, ei lågstil Oslo vest-sosiolekt.  I direkte tale ser vi at han tek dette enda lengre, med samantrekningar av ord og slanguttrykk. Språket er med på å forme karakterane i skildringa av dei, og gjev større truverde til deira oppdikta bakgrunn. Lågstilen er framheva i Beatles, der heile boka kjem i frå handa til Kim, medan Otto og Herman sine liv er skildra av ein forfattar. Av same grunn er det mindre forskjell mellom direkte tale og skildring i Beatles enn i dei andre bøkene. Otto og Herman er nært beslekta i måten dei pratar på. Gjennom sine skjebner som einstøingar, er språket deira mindre farga av ungdommar på sin eigen alder.

 

            Eit av forfattaren sine særpreg er hans målande skildringar. Han har openbart sans for grundige bilete av hendingar der han ofte nyttar seg av uvanlege samanlikningar og skjulte poeng. Verkemiddel som metaforar og simili vert då hyppig nytta, saman med forfattaren sine refleksjonar. Bruk av fargar kjem òg inn her, som han er glad i å nytte ved formidlinga av stemningar og inntrykk. Desse skildringane går att i alle bøkene hans, som eit slags Saabye Christensen-vassmerke.

 

            Humor og ironi går igjen i Saabye Christensen sitt forfattarskap. Persongalleria er ofte i morosame situasjonar - ofte tragikomiske -, og mest alle sidene i bøkene hans inneheld slike hendingar, morosame skildringar og uvanlege formuleringar. I Herman finn vi mykje av humoren i skikkelsen Herman og den uhøgtidelege, glade måten den triste lagnaden hans vert framstilt. Herman har humoren i seg, og er glad i ein god spøk, men den vaksne måten han snakkar på og leiken hans med ord er vel så lattervekkande. Humor får ein mindre plass i Gutten..., der etiske problem som vakar i samvitet er meir vektlagd, men forfattaren held likevel fast på at latter og gråt heng tett saman, og gjev tidvis skrå blikk på problema.

 

Beatles, på si side, flommar nærast over av artige personskildringar, episodar, og morosame vriar på vonde situasjonar.

 

Hovudpersonar:

 

Lars Saabye Christensen kan reknast blant dei få forfattarane med ei rekke av hovudpersonar som har så mange trekk til felles som hans karakterar har. I følgje han sjølv er dei alle i slekt med kvarandre. "Kanskje er de fettere, men de vet det liksom ikke selv", uttalte han i eit intervju i 1990. Trekk som er gjennomgåande linjer hos personane er at dei er klossete og rotete, lite budde på situasjonane livet møter dei med, særskild når jenter er med i biletet. Konsekvensane av sine handlingar får òg lite merksemd hos hovudpersonane. Ein kjem heller ikkje unna at dei er sympatiske figurar og at dei alltid vinn lesaren sin omtanke, kanskje på grunn av at dei er naive og godtruande og difor sjeldan er ute etter å gjere nokon vondt. Handlingane deira er ofte eit resultat av ein eksentrisk idé eller ei skrudd oppfatning av noko. Utifrå samfunnet sin målestokk kan dei reknast som mislykka tilfelle, men dei nektar å gje slepp på sine særtrekk og landar som oftast med beina på bakken til slutt, ofte med humoren som våpen.

 

            Herman er ein karakter som i stor grad fell inn under kategorien for dei naive. Han ventar at verda er slik oppfatninga hans er av ho, og han vert overraska då han finn ut det motsette. Mange lesarar synes synd på Herman som mistar håret, og tidvis gjer han òg det. Men særeigen som han er, kjem han seg gjennom denne krisa på sitt eige vis.        

 

            Otto opptrer ganske fortumla, tydeleg på veg inn i tenåringane sine rekker. Han vil gjerne verte som dei andre, men integriteten hans held han frå det, enten han vil eller ikkje. Lite gjennomtenkt kastar han ein stein på dommaren under ein kamp, men berre fordi andre ba han om det. Han klarer òg å ro seg ut av denne situasjonen med æra i behald.

 

            Kim er den eldste av desse tre karakterane, og ein skulle tru han var storebroren deira.  Han finn seg ikkje til rette med jenter, og heller ikkje med andre delar av samfunnet. Kim virrar mållaust fram og tilbake i livet, der han ikkje klarer å finne sin ståstad. Han går så langt i å vere seg sjølv at det går på helsa laus, og hamnar difor på sinnssjukeheim.          

 

            Mange av Saabye Christensen sine produksjonar står i lyset av minnene frå ei tid som ein gong var. Fleire av hovudpersonane er opptekne av å sjå tilbake, anten på den svunne barndomen, gamlekjærasten eller opprøret som ikkje heilt slo til. Sjølv om dei beveger seg framover, er det med augene vendt bakover mot spora dei gjekk i for lenge sidan.

 

Forfattaren held uansett unna sentimentaliteten forbunde med tilbakeblikk ved å løfte fortida inn i nået, og såleis unngår å la denne farge skildringa ved å viske ut forskjellen mellom nå og da.

Miljø og tid

 

I samband med erindringa som står i fokus, vert det naturleg å legge handlinga til tidene som er forbi. I Saabye Christensen sitt tilfelle vert dette ofte 60-og 70-åra, tida då han sjølv vaks opp. Forfattaren er har vorten kalla ein moderne heimstaddiktar, og han kjenner sin heimby ut og inn, både geografisk og sosialt. Oppveksten i Oslo har vorte malen for mange oppdikta skikkelsar sine oppvekstkår. Hovudpersonane hans kjem frå Oslo 2, i området ved Frogner og Majorstua, det same vestkantmiljøet han sjølv vaks opp i. Det er òg her det meste av handlinga utspelar seg.

 

            Særskilt Herman og Beatles har mykje av dette i seg. I bøkene er omlag det same miljøet skildra, berre med nokre år i mellom. Ein finn òg parallelle hendingar i bøkene, til dømes Panten og Jensenius, naboar av hovudpersonane, som vert henta av sjukepersonell for "medisinsk" behandling. Dessutan spelar både Kim og Otto for Frigg. For dei begge vi òg Cliff Richards som ein musikalsk referanse, nett som i forfattaren sitt live. Saabye Christensen ser faktisk desse tre bøkene som ein tilnærma trilogi, på bakgrunn av miljø, tid, hendingar og hovudpersonar. Då Saabye Christensen skreiv manuset til filmen Ti kniver i hjertet fletta han òg inn episodar frå Herman og Beatles i tillegg til handlinga hovudsakleg henta frå Gutten som ville være en av gutta. Utover at det meste skjer i same området, er det få parallellar i oppveksten til dei tre hovudpersonane. Dette kjem av at handlinga ikkje skjer akkurat på same tida, og at Herman og Otto ikkje var aktive i noko miljø med jamaldringane sine, noko Kim tydeleg var.

Forfattarar - tekstforfattarar

 

Det kan vere freistande å samanlikne Saabye Christensen med andre forfattarar, både av dei som debuterte på same tid, og andre som har komne etter.

 

Å sjå på likskapar innan språk og stil kan vere både lærerikt og utfordrande. Ikkje minst gjev dei eit godt høve til å sjå eit større perspektiv

 

Ragnar Hovland

 

            Ragnar Hovland vart kjend omtrent samtidig med Saabye Christensen, og har vist seg å gå same ruta som han. Dei er begge mest kjende for sine romanar, men begge skriv skodespel og noveller i tillegg. Dei har vist eit auge for dei spissfindige, underfundige formuleringane, og trekker gjerne inn absurditetar i skrivinga si. Det same gjeld for observasjonsevna deira, der dei har ei evne til å gripe fatt i augneblinkar, og gjengje dei med ein slik presisjon at lesaren kan danne seg eit bilete av situasjonen. Eit resultat av dette vert då at dei tenderer mot mange enkeltståande episodar som likevel føl ein raud tråd i samanhengen. Frå Hovland si side er debutromanen Alltid Fleire Dagar eit prakteksempel på dette. Det same finn vi i Saabye Christensen sin Beatles.

 

            Felles for dei begge er òg at dei skildrar oppveksten til hovudpersonane sine, frå tidlege skuledagar til voksenlivet trenger seg på. Begge forfattarane har ein roman kvar som står fram som den mest dominerande av deira utgjevingar, både i størrelse og popularitet. Den mykje omtalte Beatles vert Saabye Christensen sitt bidrag til dette, medan Hovland kan vise til Sveve over vatna, romanen om hans rotlause eg-person, som studerer ved Universitetet i Bergen og snublar oppi det meste han kjem borti. Til og med hovudpersonane i desse bøkene har fellestrekk som rotlause, intelligens, og den umiskjennelege evna til å havne i uventa situasjonar. Romanane har òg fått kvar sin oppfølgjar, der forfattarane forsøker å samle trådar og gje svar på spørsmål om fortid og framtid. Desse vert høvesvis Bly og Dr. Munks Testamente.

 

Arne Berggren

 

            Ein forfattar frå 90-talet som ein kan trekke parallellar til Saabye Christensen frå, er Arne Berggren. Han er for mange kjend som pågangsdrivar for bandet Dronning Mauds Land, men har og utmerka seg med bøkene Frøken brenner! og Kornetten. Berggren stod òg for oversetjinga av Douglas Adams sin kjende roman A Hitchhiker’s Guide to the Galaxy. Ein finn klare teikn hjå inspirasjon frå Lars Saabye Christensen hjå Berggren. Dette kjem svært godt til synes i hans klare skildringar av situasjonar – ikkje minst i oppveksten, der ordbruken og formuleringane ligg nært Saabye Christensen. Det same finn vi i struktureringa av språket, med korte og lange setningar om einannan, i ein stil likt det muntlege målet. Berggren er òg glad i dei personane som fell utanfor samfunnet, og som gjerne har eit litt anna syn på verda enn kva "vanlege" menneske har. Begge forfattarane er dessutan nært knytt til musikk, og opererer med slike prosjekt òg. I denne samanhengen er det òg verdt å nemne at Saabye Christensen bidrog med tekstar til plata "Noe som har hendt" av Dronning Mauds Land. 

 

Kjartan Kristiansen

 

            Der Berggren og Saabye Christensen har prosjekt innanfor både musikk og litteratur, kjem Kjartan Kristiansen inn som reindyrka musikar. Han er kjend som gitarist i bandet DumDum Boys, og står bak norske klassikarar som "Splitter Pine" og "Metallic Hvit". Kristiansen har dessutan utmerka seg som Noreg sin truleg beste alternative tekstforfattar til musikk. For han er det viktigaste å formidle kjensler og stemningar i staden for heile historier, og endar difor ofte opp med tekstar som i form minner om Saabye Christensen sine. At Kristiansen har henta inspirasjon herfrå er ikkje utenkjeleg.

 

            Teksten til "Lunch i det grønne" er eit døme på form og innhald som ikkje er ulikt diktet "Atom" frå Jaktmarker. Begge utdraga har ein klar miljøpolitisk brodd, og dei sjølvstendige linjene med alternative formuleringar som set fokus på bodskapen.

 

                                   "Lunch i det grønne"                                                               

 

                                   Det finnes ikke piller mot møkkete vann

 

                                   Det finnes noen folk i fete biler med en kur for alt        

 

                                   (...)                                                                            

 

                                   Lufta henger over byen           

 

                                   Det er sprøtt men jeg kan se den         

 

                                  

 

                                  

 

"Atom"

 

                                   Fosser er banale

 

                                   Det er bare troll som spytter

 

                                   (...)

 

                                   Nå brenner prosjektører på himmelen

 

                                   Kraft er synlig!

 

                                   Paraply hjelper ikke mot surt regn

 

           

 

Kristiansen viser seg òg frå ei mjukare side, med meir vare tekstar. Bruken av metaforar står òg høgt i kurs hos han, lik Saabye Christensen.

 

            Dette er eit utdrag frå "Tyven Tyven", ein tekst skriven om dottera til Prepple Houmb som døydde av leukemi:

 

                                   

 

                                   "alle er vi like

 

                                    for ljåen

 

                                    hadde han en sjel var den en skjæres

 

                                    røver de som skinner mest"

 

 

Konklusjon

 

         Det kjem fram at Lars Saabye Christensen har funne sin stil, der fleire element går opp att i alle delar frå problemstillinga. Han er allsidig og nyttar lærdomen frå dei ulike sjangrane til å skape sine særprega, unike produkt. Dette meistrar han som ingen andre, og står som den ubestridte einar av denne typen skildringar blant forfattarane i Noreg. Saabye Christensen nyttar vanlegvis den same formelen som vert nytta ved kvar utgjeving. Dette skal ikkje berre rosast, då det kan forsvarast å seie at han til tider repeterar seg sjølv ved å trakke i gamle spor.

 
Etterord

 

Gjennomføringa av oppgåva har gjeve positive erfaringar, utan noko kjensle av stress. Eg har sett meg måtelege mål for kvar arbeidsdag og ofte arbeidd utover dei, i staden for å ta for mykje vatn over hovudet og miste arbeidsviljen. Under leseperioden merka eg etterkvart at eg ikkje las bøker berre for underhaldning. Det vart klart for meg at eg las bøkene med tanke på å komme med analytiske innspel om dei, og ubevisst forsøkte å tolke kvar setning eg las. Eg har likevel prøvd å halde tolkingane til dei hovudtrekka ved bøkene og knytte dei til problemstillinga.

Litteratur/kjelder

 

Bøker:

 

Gutten
som ville være en av gutta
Beatles
Herman

Sekundærlitteratur:

 

Ingens
Stempler

 

Film:

 

Ti kniver i hjertet

 

Oppslagsverk:

 

            Norges Litteraturhistorie, bind 3,
Etterkrigslitteraturen – Vår egen tid 1980-98
                        Øystein Rottem
                        Cappelen, 1998

 

Forfattarportrett:

 

Lars Saabye Christensen

 

Anne Birgitte K. Olufsen

 

AL Biblioteksentralen 1988

 

Lars Saabye Christensen – et forfatterportrett
Atle Næss
AL Biblioteksentralen, 1993

 

Artiklar, bokmeldingar, intervju, portrett:

 

Verdens Gang              -      www.vg.no

 

            Dagbladet                    -      www.dagbladet.no

 

Aftenposten                 -      www.aftenposten.no

 

Cappelen                     -      www.cappelen.no

 

 

Særoppgåver:

 

                Svenn sin skole side     -      www.srm.net/skoleside

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst