Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Dropen

Dropen

En flott novelle hvor temaet er homofili og undertrykkelse. Første avsnitt er utgitt tekst. Påfølgende tekst er selvskrevet.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
11.01.2007
Tema
Homofili


Morgonregnet fell tvers gjennom han. Eit grått haustregn som bløyter han opp og gjør han nesten uklar i toppen av treet. Han stirar bort på den grå murbygningen. Vindauga minner om fjernsynsapparat som står på rekke og rad. I det første kan han sjå musikklæraren. Ho legg bøkene ned på kateteret, og seier noko høgt til klassen. Timen har nettopp begynt, og ingen har komme til ro. Bak dei regnvåte glasa ser han alle klassekameratane. Alle idiotane som trur dei er noko, alle tullingane han må slåst med kvar dag. Heile tida spør dei: Er du gut eller jente? Heile tida seier dei: Kan vi få låne leppestift av deg?

 

Aldri har dei venta på svar. Dei har bare ledd og ledd, slik dustar ler, slik komplette idiotar ler. Dei vil ikkje lytte, dei vil ikkje høre. Men no må dei.

 

Regnet fell ned på greinene, ned på blada, ned i håret hans, ned i nakken og vidare langs ryggen. Regn, regn, regn. Frå treet ser han seg sjølv. Han som reiser seg frå stolen der inne og går fram til kateteret. Han som går sakte langs pultradene fram til tavla. Endelig er det hans tur. Han ser på seg sjølv. Han har stansa og snudd seg mot klassen. Han har opne skriveboka og tar til å lese høgt.


”Årsak”, sa ei stemme som kom frå bak i rommet. ”Søv du i timen, Morten?”

 

Han bråvakna med panna planta godt ned i skriveboka. Alle var heilt stille. Andleta var vende mot han, med vidopne stirande auger. Nokon av klassekameratane byrja å trekke på smilebandet. Uten ein lyd. Han såg rundt seg. Alle dei flåsete elevane som ikkje forstod. Han rista svakt på hovudet, og læraren kunne fortsetje timen.

 

Han såg forsiktig rundt seg. Fortvila over at draumen ikkje var sann. Han tok blyanten og skreiv i skriveboka si:

”Om eg berre hadde vore modig nok...”.

Han hadde noko viktig å fortelje dei andre. Han fekk berre aldri ein moglegheit til å fortelje det. Fortelja dei sanninga om seg sjølv. Kva han bar på.

 

I ein rask vending vart skriveboka lukka. Han kjempa mot tårene som var på veg til å trengje seg fram i augekroken. Han var stram i heile kroppen og vart sittande ved pulten medan dei andre forlot klasserommet.

 

Nok ein dag var over. Ei intens kvalme kom over Morten der han satt. Han pakka sakene sine og slengte ranselen opp på ryggen. Drog fingrane gjennom det bølgete håret og retta på jakka si. Såg ut mot det høge bjørketreet som ruva utanfor vindaugane. Det såg så sterkt ut. Tenk å kunne stå i mot dei tøffe vindane. Ikkje la seg knekke av dårlig vær rundt seg. Ikkje la regnet gjere ein meir blaut enn at ein fort tørker igjen. Sjølv følte han seg som ein svamp. Alt kva som ble sagt av dei andre. Han tok det til seg. Det vart så inderlig vondt for han.

 

Regnet piska framleis mot vindaugane. Alle regndråpane såg så like ut. Dei har ikkje noko spesiell utsjånad. Dei er berre til.

”Det er vel ikkje rom for å skilje seg så valdsamt ut i dråpanes verd heller, i alle fall ikkje ved fyrste augekast.”, kviskra han, mens han stira opp mot himmelkvelvinga.

Slik vart han ståande ei stund. Undrande kvifor ein ikkje berre kunne vere ulik andre, men likevel vere ein del av fellesskapet. Utafor på skuleplassen samla det seg både store vanndammer og store vennegjenger. Dei var like dei i gjengane óg. Ingen av dei skilte seg ut. I alle fall ikkje på overflata.

 

På veg ut frå skulen sine korridorar kryssa han fingrane for at dei fleste hadde gått bort frå området så han fikk vere i fred. Han unngjekk kvart eit blikk frå dei som ennå var på plassen utanfor. Han satte øretelefonane på hovudet, og trykka ”play”. Fri frå omverda gjekk han heimatt med musikken på fullt. Det var ikkje dagen for gladmusikk. Dei mjuke tonane frå jazzen si verd fyllte han med ei frigjerande stemning. Som om dei opna ei dør inni han, og lot han vise kjensla sine.

 

Han stansa og vende andletet opp mot himmelen med lukka auger. Dropane landa ned på panna. Ein etter ein. Dei landa på kinna, der dei randt vidare nedover, side om side med tårene. Beina skalv og ville ikkje gå framover. Han fall ned på kne på gangvegen. Den tronge olabuksa vart raskt blaut der han satt og drog fingra hardt fram og attende over asfalten i rein fortviling. Det svei stygt i fingertuppane i det hudlaga vart slite vekk og blodet byrja å gje asfalten farge. Små striper av raudt blod passa godt som kontrast til den ru overflata av smelta stein. Smerta minka og han la henda i fanget. Tulla dei godt inn i skjerfet, der han satt på huk og nynna til musikken. Vugga rolig fram og attende, medan han fekk att varmen i henda sine.

 

Han reiste seg opp frå bakken. Lysa fra møtande biler lyste han opp. Dei var så sterke at han vart redd for at bilistane skulle kunne sjå inn i han. Oppdage løyndomen. Han følte seg naken. Beina var samstemt med hovudet denne gongen. Dei hjalp han med å komme seg heimatt til hybelen som stod tom og venta han.

 

Han låste seg inn, lukka døra varsomt att bak seg før han vrei om låsen. Eit nytt forsøk på å stenge omverda ute frå livet. Han slong ranselen i hjørnet av opphaldsrommet så skriveboka sklei ut. Orda han hadde skrive tidligare på dagen lyste opp foran auga hans.

”Om eg berre hadde vore modig nok...”.

”Eg er modig, eg er sterk! Eg er berre meg”, ropa han.

 

Han venta kanskje på eit svar. På eit svar om at det er greit å vere seg sjølv. Den einaste responsen var lyden frå naboen som dunka i veggen. Eit tekn på at han no måtte halde kjeft. Han drog klærne vekk frå sofaen og la seg ned. Musikken høyrte han svakt frå hodetelefonane som låg på golvet. Slik låg han lenge.

 

Han kjente etter i innerlomma på jakka si. Bilete var der. Han løfta det opp foran auga sine, stira på det andlete han likte så godt å sjå. Klemte det så hardt med fingrane at blodet byrja å kome fram att. Så reiv han det i stykker. Kasta bitane på golvet ved siden av seg, og snudde seg med andlete inn mot veggen. Auga hans var hovne og raude. Han trengte å kvile. Slik sovna han - i fosterstilling.

 

Han drøymde igjen. Samme draumen som tidligare. Han såg seg sjølv gjennom regnvåte glass. Tårefyllte auger. Han gjekk opp forbi pultradene med dei flåsete elevane som satt der som tende lys. Guttane lagde trutmunn etter han. Likevel heldt dei fred.

 

Han kunne sjå seg sjølv stå fremst i rommet med rak rygg. Han såg ikkje redd ut ein gong. Som om han var vant med å stå foran dei alle. Ikkje redd for blikka, ikkje redd for spørsmåla dei stilte han, men som dei ikkje lot han svare på sjølv. Han hadde bitane frå det bilete han hadde rive i stykkjar i bukselomma si. Han lirka handa ned i den tronge buksa og drog bitane opp, ein etter ein. Teipa dei sammen att. Klassekameratane berre satt der. Fulgte med på kvar minst rørsle han foretok seg. Han såg korleis han sjølv sleit med å løfte andletet opp att frå kateteret. Som om han ikkje ville møte blikka deira likevel.

”Dette er han eg likar”, sa han. Han såg opp mot dei andre og viste dei bilete. ”Eg er ikkje sjuk, men dette er han eg liker best”, sa han med ei rolig røst. ”Dykk treng ikkje være redde – eg smittar ikkje. Eg er akkurat som dykk alle, eg blir berre ikkje forelska i jenter”. Pulsen slo hardt.

 

”Eg brukar ikkje leppestift, eg er ikkje ei jente. Eg likar å spele fotball med venner, høyre på musikk og sjå på film slik som dykk alle. Likevel har eg nesten gløymt kjensla av å ha kamerater. Eg vil ikkje ha sympati frå nokon. Eg vil berre bli godtatt som den eg er. Kvifor kan dykk ikkje late meg vere i fred?”.

 

Gjennom dei regntunge glasa såg han korleis klassekameratene ikkje foretok seg noko. Dei satt der som stive idiotar. Alle stira mot han, nokon med halvåpen munn. Læraren byrja å sjå seg rundt. Ho var nølande da ho byrja å gå fram mot katetret. Ho såg på dei bleika andleta ved pultane ho gjekk forbi. Tida var så lang frå ho hadde reist seg opp til ho kom fram til han.


 

Ho strauk han på armen, søkte augekontakt med han. Han såg vekk frå ho. Dei hadde aldri gjort noko for å hjelpe han. Om dei trudde dei kunne komme med deira sympati og forståing no? Det var for seint.

 

Sida tiendeklasse hadde dei andre elevane heldt på, og ingen greip inn. At det skal kunne vere så vanskeleg å godta ulike menneskje.

 

Han vakna av sola som skinte gjennom vindaugane. Han var fortvila over at det framleis berre har vore ein draum. Tenk for ei kjensle det må være å få sagt i frå til dei andre. Nokre gonger treng ein å bli hørt. Han gjekk bort til vindauget og så korleis sola tørka opp etter regnskurane. Trærne var ikkje lenger blaute, dei stod der å strutta i sine raude og oransje haustfarger.

 

Han plukka opp skriveboka som hadde falle ut og la den opp i ranselen. Smurte seg ei brødskive, gjekk på badet og såg seg sjølv i spegelen. Han la frå seg skiva og fyllte henda med kaldt vatten som han dyppa andletet ned i for å vakne ordentleg. Tok geléen frå hylla og danderte det bølgete, halvlange håret slik han ville ha det. Bytta ut den kvite korterma skjorta med ei knallgrønn ei. Drog på seg ein grå hettegenser med glidelås. Olabuksa med blodflekker på skifta han ut med ei like trang ei.

 

Han såg godt ut. Det kunne han sjå sjølv. Etter å ha festa små plasterlapper på fingrane sine åt han resten av maten. Så slengte han ranselen opp på ryggen, satte øretelefonane på hovudet. Smelte att døra for å forstyrre naboen, og nynna høgt til musikken.

 

Det var ikkje vondt å vere han i dag. Det kunne ein tydeleg sjå. Han var klar for å møte klassekameratane sine. Dei tullingane som visste så lite om korleis det dei har sagt, har bygd opp eit tomrom i han. Slike tomrom ein ber på over lenger tid vil være vanskeleg å bli kvitt. Innvendige tomrom lar seg ikkje fylle over natta. Dei må få tid til å leges på lik line som sår må få gro.

 

Han svingte inn mot skoleporten, sneia forbi dei andre elevane. Såg rett framfor seg, gjekk vidare med lange steg. Møtte læraren i gangen, ho opna munnen for å seie noko, men ho var lydlaus. Han gjekk inn i klasserommet og satte seg ned ved pulten sin. Det var ikkje tid for å gå fram i klassa i dag. Han ville berre markere seg. La det sjå ut som at han strålte av god sjølvtillit. Sjølv om det ikkje stemte, så er det på den måten ein bygger seg opp igjen. Timen begynte. Elevane satt og såg bort på han. Ingen føretrekt ei mine.

 

Så dagdraumte han igjen. Han såg seg sjølv gjennom eit klart glass. Gjennom blanke auger, der han satt blant dei andre elevane som stira og lo av han. Det rant ei lita tåre frå auge hans.

 

Han vakna frå tankane sine og tørka raskt tåren vekk frå kinnet med genserermet så ingen kunne få auge på den. På ermet vart den forma som ein drope.

”Dette var dropen”, kviskra han for seg sjølv. ”Dette var dropen!”.

 

Han slo begge henda i pulten så dei andre skvatt til. I ei brå vending skøyv han stolen vekk og reiste seg brått opp. Han gjekk forbi pultradene fram mot tavla. Stilte seg ved siden av læraren. Dei andre i klassa satt der heilt forskrekka. Vidopne auger i bleike andleter som for ein gong si skuld heldt kjeft.

 

”Endelig er det min tur”, sa han med ei rolig røst. Han opna skriveboka og tok til å lese setningen han hadde skrivi ned fordagen. ”Om eg berre hadde vore modig nok...”. ”Eg har stilt meg det spørsmålet ofte.”.

 

Han såg ut mot alle elevane. Forsøkte å møte så mange blikk som mogleg.

 

”Det verkelege spørsmålet er -”, fortsatte han. ”Kvifor kan ikkje dykk være modige? Dykk er ein gjeng med feige tullingar som held med dei sterkaste og dyttar dei svake ennå lenger ned i gjørma. Eg er ikkje svak, men eg blir gjort svak av dykk alle.”.

 

Han såg rundt seg, korleis alle dei andre så ned i det dei møtte auga hans. Ei djup kjensle av skyld såg ut til å ha kome over dei.

 

”Eg er homofil, men eg er faen meg eit menneskje som er minst like mykje verdt som dykk. Det å være modig handler ikkje om å tørre å slenge sårande kommentarar. Kven som helst kan å såre. Du er ikkje modig før du våger å inkludere dei du har valt å rakke ned på.”.

 

Han gispa nærmest etter pusten. Ei ukjend styrke hadde kome over han. ”Og det å inkludere.”, sa han rolig. ”Det er det verkeleg ikkje alle som veit korleis ein gjer.”, avslutta han kontant.

 

Han gjekk ned mellom pultradene, plukka opp ranselen sin og gikk rolig ut av klasserommet. Alle satt att der, det var framleis heilt stille. Han lukka att døra bak seg. Ikkje visste han kva han no gjekk til. Kva dei andre tenkte. Likevel var han fyllt av ei god kjensle.

 

Nokre gonger trenger ein verkeleg å bli høyrt.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil