Tomme kalorier

Kort tekst om tomme kalorier, emulgatorer og stabilisatorer.
Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2007.02.06

Kalori er ei eining for måling av energi. Det har symbolet cal. På matvarer blir mengda kaloriar som oftast gitt i kilokaloriar (kcal). 1 kcal = 1000 kaloriar. Dersom du brukar ein kaloritabell, og skriv opp alt du et i løpet av ein dag, får du raskt ein oversikt over mat du bør kutte ned på. Eller eventuelt mat du bør bytte ut med eit meir kalorifattig alternativ. Men du skal aldri ete mindre enn vanleg, for då er det lett å ”dette av” og ty til tomme kaloriar.

Uttrykket ”tomme kaloriar” er det vi kallar mat med mykje fett og/eller sukker. Desse matvarene inneheld ingen vitaminar eller mineral, og derfor gir det ikkje anna enn energi.

 

Sanninga er at dette inneheld berre sukker, difor kallar vi dette for tomme kaloriar. Vitamin og mineral er dei stoffa som hjelper cellene med å forbrenne kaloriane vi får i oss. Så dersom du et mat med mykje tomme kaloriar, vil du forsinke forbrenninga, og dermed vil du gå opp i vekt. Ein skal difor vere bevisst på kva ein et, og ikkje få i seg altfor mykje tomme kaloriar. I tillegg vil matvarer med mykje sukker berre forsterke søtsuget, og minske mettheitskjensla.

 

Dei matvarene som inneheld mest tomme kaloriar er; Brus, saft, godteri, kaker, kjeks, pommes frites og potetgull. Deretter kjem loff, blanda kjøtt- og fiskeprodukt (som pølse og fiskepinnar) og fast-food på andreplass.


Noko å tenkje på…
Ei studie gjort på apekattar ved Mount Sinai School of Medicine i New York viser at eit kosthald med redusert mengd kaloriinntak kanskje kan redusere risikoen for Alzheimers. Denne studien såg på to ulike grupper apekattar. Den eine gruppa fekk ein diett med 30% færre kaloriar, den andre gruppa hadde eit normalt kosthald. Dette resulterte i at blant dei apekattane som hadde eit normalt kosthald var det fleire som utvikla Alzheimers enn i den andre gruppa.Dersom resultat av dette forsøket kan brukast om menneske, er dette eit gjennombrot i medisinsk historie.

 

Emulgatorar og stabilisatorar

Ein emulsjon er ei blandingav to væsker som ikkje kan løysast i kvarandre. Eit eksempel på dette er olje og vatn. Desse væskene vil aldri blande seg med kvarandre. Men om du derimot tilset ein emulgator, vil oljen fordele seg som små dropar i vatnet.

 

Ein emulgator har som oppgåve å fungere som stabilisator. Ein stabilisator ligg mellom dei to væskene og hindrar at dei blandar seg (koaleserar).

 

I mat inngår det mange emulgatorar, i mange forskjellige produkt. Dei vanlegaste emulgatorane innan mat er egg, mjølk og kasein.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst