Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Reklame

Reklame

Artikkel om reklame skrevet på nynorsk. Fokus på forskjellige medier.

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
12.02.2007
Tema
Reklame

Det er mange forskjellige medium som blir brukt til å reklamere med, alle med både fordelar og ulemper for annonsørar og forbrukarar.

 

Reklame på TV er noko ingen liker, bortsett frå dei som tener pengar på det sjølvsagd. På dei fleste kanalar dukkar reklamen opp ca. kvart kvarter og varer i 5 minutt. Ikkje rart det er irriterande. Sett frå annonsørane si side er er dei einaste fordelane at reklamen når veldig mange, og at både lyd,bilete og bevegelse kan nyttast. Blant ulempene er at prisen på å lage ein reklamefilm kan vere dyr, i tillegg til at det kostar mye å få ein reklame send på den tida flest ser på TV. I tillegg kan den ikkje vare noko lenge slik at bodskapen må vere kort. Ein kan heller ikkje ”spole tilbake” dersom ein ikkje får med seg noko.

 

Dei einaste fordelane blant forbrukarane er moglegheita til å gjere noko anna i reklamepausane, som f.eks. å hente godteri, utan å gå glipp av favorittprogrammet ditt. Men til og med det prøver dei å forhindre. I starten av reklamepausen står det for eksempel: ”Hugs alle nummera som dukkar opp i løpet av reklamen for å vinne ein premie”. Det fører til at mange blir sitjande for å følgje ekstra godt med på reklamen i staden for at dei gjer noko anna.

 

Ein annan type reklame som mange blir irritert av er popp-reklame, vindauge som poppar opp mens ein surfar på Internett . Det einaste forbrukarane oppnår av slik reklame er tapt arbeidstid. I tillegg pleier nesten aldri reklamen å innehalde noko om eit tema du er interessert i, med mindre du er interessert i Viagra, rosenrotolje og abonnement på Illustrert Vitenskap. Det er billig å både lage og vise fram slik reklame på ein nettstad, og det er enkelt å vise den for ei spesiell målgruppe. Dersom ein ikkje liker slik reklame kan den enkelt stoppast med ein popup-blokkar.

 

Uadressert reklame synest eg er den verste typen reklame. Med mindre den handlar om noko mottagaren er interessert i, går den rett i bosset med ein gong. Før kunne ein enkelt stoppe slik reklame med å feste eit lite klistremerke på postkassen, men no er reklamen begynt å komme saman med aviser og blad ein får i posten. Istadenfor å sløse massepapir og pengar på søppelpost, kunne annonsørane heller betalte for annonsar i avisa, eller plakatar.

 

Alt i alt er reklame noko mange kjem til å bli irritert av kvar dag, men den er komen for å bli, og vi vil sikkert berre sjå meir og meir reklame i kvardagen i tidene som kjem.

 

Kilde: Boka ”Markedsføringsledelse”.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil