Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Røykeførebyggande tiltak blant barn og unge

Røykeførebyggande tiltak blant barn og unge

Drøftingsoppgave med røyking som tema. Med statistikk.

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
14.03.2007
Tema
Tobakk


Sjølv om stadig fleire stumpar røyken, og samfunnet blir meir kritisk til røyking og andre rusmiddel, vel framleis ein del unge å begynne å røyke. Dette er eit problem både for dei sjølv og samfunnet rundt dei, som må ta verknadene. I 2004 røykte 26 % av kvinner og menn mellom 16-74 år dagleg. Medan i gruppa 16-24 år røykte 23,7 % av Noregs befolkning. Med andre ord røyker færre unge, og det er veldig positivt. Dette kommer heilt sikkert av dei mange opplysningskampanjane, ikkje-røyke tiltaka og dei høge avgiftene på tobakk. Alle disse tiltaka har blitt sett i verk for at færre skal begynne å røyke, samt å få dei som røyker til å slutte. Men kvifor er det framleis nokon som veljar å begynne å røyke?

 

Mine eigne erfaringar er at folk begynner og røyke på grunn av press, for å bli akseptert i ei gruppe eller i eit spesielt miljø og fordi dei ønskjer å framstå som ”kule”. Eg spurde ei jente eg kjenner kvifor ho byrja å røyke. Årsaka var at ho gjekk saman med andre venner som røykte, dermed blei ho påverka til å begynne å røyke, ho med.


 

For å hindre at unge gir etter i slike situasjonar er det viktig med forskjellige tiltak. Men kva slags tiltak har eigentlig effekt, og kva tiltak passar best for at dei aller yngste ikkje skal begynne å røyke?

 

Det som er heilt sikkert er at det ikkje nyttar med lange tørre foredrag, med moralsk innhald om kva som er rett og gale. Dette kan ofte virke mot sitt føremål.

 

Ting eg veit fungerer er mellom anna kampanjar i barne og ungdoms skule. Eg har vore med på eit av dei prosjekta som blei kalla ”Vær Røykfri”. Dette medvirka til at mange blant dei eg kjenner ikkje begynte å røyke. Vi måtte kvart år skrive under på ein avtale med føresette om at vi ikkje skulle røyke eller snuse i løpet av året som kom. Prosjektet gjekk ut på å informere om røyking, slik at vi blei motiverte til ikkje å begynne. Men hovudsaken til at mange følgde prosjektet var at det blei trukke ut ein vinnar kvart år som fekk ein fin premie for ikkje ha begynt å røyke eller snuse. Eg har og fått høyre at dei som held seg røykfrie på ungdomsskulen lite sannsynleg begynner å røyke seinare. Derfor trur eg at førebygging i grunnskulen er det viktigaste.

 

På ungdomsskulen min var det nulltoleranse for røyking, og sida det var så liten skule visste alle kven som røykte. Viss ein begynte ville det vere veldig vanskeleg å halde skjult, dette trur eg gjorde at mange ikkje ønskja å begynne. Fordi det var såpass få som røyka, og. Derfor meiner eg at skulen var med på å førebygge røykinga.

 

Noko anna som påverkar både unge og eldre er reklame og marknadsføring frå tobakkindustrien. Eg synest vi er veldig heldige som ikkje tillet reklame for røyk og rusmiddel. Sida tobakksindustrien har så store ressursar kan dei lett påverke mange til å begynne å røyke, om dei hadde fått lov til å setje opp reklame og annonsere for rusmidlane dei sel. Eg meiner det er skammeleg viss dei skulle få lov å selge dei farlege produkta sine, slik at folk blir sjuke, og samfunnet må betale, i tillegg til at mange blir avhengige og fleire får problem med helsa. Eg har i seinare tid sett reklamekampanjar som viser sider ved tobakksindustrien som ikkje vi er så vande med å sjå her i Noreg. Dette er informasjon om korleis dei som arbeider med tobakken har det. Dei er som regel underbetalte arbeidarar som jobbar heile dagen for å tene nok pengar for å overleve. Det er ofte tilsett mange barn og på desse tobakksplantasjane, noko som er enda meir umoralsk. Dette er hovud grunnen til at eg ikkje ønskjer å støtte tobakksindustrien. At fattige menneske er avhengig av å dyrke rusmiddel for den vestlege verda meiner eg er umoralsk. Jorda kunne vore brukt til å dyrke mat til eige folk. slik at landa fekk utvikle seg.

 

I år er det sett spesielt fokus på kva slags sjukdommar ein utviklar av å røyke. Ein av dei farlegaste kroniske sjukdommane er kols, som minst 200.000 menneske i Noreg er råka av.

 

Denne kampanjen er så omfattande at ein heilt sikkert ikkje kan unngå å høyre og han i løpet av våren 2006. Det går både opplysningsfilmar på TV, på kinoar og på radio, i tillegg til annonser i avisene. Dette høyrast ut som eit bra opplegg, fordi eg trur at mange barn og unge kommer til å sjå kva slags verknader røyking har.

 

Haldninga i samfunnet no er at det ikkje er særlig bra å røyke, og det beste er om alle sluttar. Denne haldninga trur eg er ein verknad av røykeloven som blei innført for snart to år sida. Sjølv om mange var kritiske, har det vist seg at den har gitt flest positive verknader. Dette gjeld både for privatpersonar og tilsette ved restaurantar og utestedar. Mange av dei som var kritiske, har no skifta meining fordi dei ser at det ikkje blei for strengt og tungvint slik som dei frykta. Det har heller ført til at kafear og restaurantar har laga kreative løysingar for å unngå røykeforbodet. Dette meiner eg er positivt, sjølv om eg ser at det ikkje alltid er behageleg å stå ute i regn og snø på vinteren for å få seg ein blås.

 

Eg trur at måten å få unge til ikkje å begynne å røyke er å opplyse dei om skadane ved røyking, å ha kampanjar med eit innhald som ikkje blir for kjedeleg og uinteressant. Røykeforbod både på skular og utplassar er og viktig å halde fram med. Og viss prisane og reklameforbodet framleis blir som dei er, vil eg tru at færre og færre vil bli lokka til å begynne å forureine seg sjølve og andre med tobakk og liknande rusmiddel.       

 

Keldar:

- http://www.ssb.no/emner/03/01/royk/

- http://www.shdir.no/tobakk/


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil