Brevandring

En novelle om en dramatisk tur på en isbre jeg skrev som forbredelse til tentamen 8. klasse.
Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2007.05.30
Tema
Ulykker

Susanne humpa opp og ned i den mjuke hestevogna. Det skulderlange håret med den raud og blå stripete lua på toppen dingla fram og tilbake, og dei grøne auga skein av iver. Dei var på veg opp den smale og humpete kjerrevegen til Briksdalsbreen i Stryn kommune. Himmelen var blå, sola skein og det var eit perfekt vær til å gå på brevandring. Ho gleda seg kjempe mykje. Ho blei trekt ut som ein av to til å få ein dag på Jostedalsbreen saman med Trond. Trond hadde gått mykje på Jostedalsbreen og var godt kjend. Den andre som blei trekt ut var Espen. Begge var kollegaene hennar. Dei jobba saman som klimaforskarar i Bergen. Susanne såg bort på Espen. Det brune, korte håret glinsa i sola og kinna var blitt raud av den småkalde lufta. Han gleda seg minst like mykje som Susanne og kanskje endå meir. Han såg utover dei djupe, snøfylte dalane. Dei berømte fossefalla var blitt til is som såg ut som diamantar der dei reflekterte sola.

 

- Dette er den kjende brearmen  til Jostedalsbreen på vestsida, sa Trond da hesten stoppa etter eit kvarter med hestekøyring.

 

- Så vakkert! Utbraut Susanne, då ho såg den krystallklare brearmen som slyngte seg ned gjennom dalen. Den såg ut som ein blå diamant der den glinsa i sola og gjenspegla seg i den klare himmelen.

Klimaforskarane hoppa ut av vogna og gjekk saman bort til brearmen. Skoa med piggar gjorde at det laga einslags hamrelyd då dei gjekk på den harde grusvegen. Isen som reflekterte sola gjorde at dei måtte ta på seg solbriller. Trond gav Espen og Susanne eit svart belte kvar som dei festa eit langt tau i.

Då alle hadde festa seg til tauet byrja dei å gå. Den flotte isen stod som ein vegg framfor dei og den glinsa vakkert i sola. Det var ganske varmt sjølv om det berre var midten av februar. Solen sendte varme stråler rett i ryggen og det var rett før sveitten sildra frå panna deira.

 

Trond gjekk først. Han viste dei korleis dei skulle feste dei svarte skoa i isen og Espen og Susanne prøvde å etterlikne. Dette kom til å bli kjempe kjekt, tenkte dei.

 

Då dei hadde gått i omkring ein time kom dei opp på ryggen av Jostedalsbreen. Etter den bratte stigninga var det godt med ein litt flatare strekning. Her var det ein utruleg flott utsikt. Dei kunne sjå ned til Stryn sentrum, dei flotte fjella i Sogn og Fjordane og dei mange fjordane som slynga seg som åler mellom dalane. Den skyfrie himmelen og sola som skein gjorde alt heilt perfekt. Dei gjekk innover krystallisen. Skoa boret seg inn i isen som glinsa som ein diamant i sola. Utanom Trond si stemme som snakka om isbreen var det heilt stille.

 

- Ingen har lov til å gå heilt her oppe utan ein ekspert, forklarte Trond og strøk handa gjennom det svarte håret. – Det kan vera sprekkar i isen, så vi må vera svært forsiktig.

 

No hadde dei gått i tre timar. Enda følte Susanne at ho kunne gå minst dobbelt så langt. Alt var så vakkert. Isen, sola, utsikten. Noe vakrare hadde ho aldri sett! Brått stoppa Espen opp.

 – Eg må berre ta av meg jakka, sa han og trakk ned glidelåsen på den nye Bergans jakka og la den i sekken av same merket.

- Vær forsiktig, der er ein sprekk, sa Trond og peikte ned mot ein sprekk ved sida av Espen.

 

Susanne såg ut over Sogn og Fjordane. Ho hadde aldri sett noko vakrare enn dei vestlandske fjordane mellom høge fjell og djupe dalar. Ho hadde budd i Bergen i tre år no, men ho hadde berre vert på Austlandet i feriane, og aldri hatt tid til å sjå seg noko om på Vestlandet før no. Fjella som var dekte med snø stod som vakre prinsesser i solskinnet.

 

 Tankane blei brått avbrutt då ho kjende at det rykte i tauet. Ho snudde seg rundt og såg at Trond klamra seg fast i isen og haldt tauet stramt i handa. Kvar var Espen?

 

- Hjelp meg! Ropte Espen si stemme frå sprekken i isen. Espen hadde sklidd då han tok av seg jakka og falt ned i den.

 

- Susanne! Kom bort her og hjelp meg! Ropte Trond. – Vi må få han opp igjen!

Susanne skynda seg bort til Trond. Panikken vaks i henne, mens ho drog nyttelaust i tauet av alle hennes kreftar.

 

- Prøv å grav skoa ned i isen så ikkje du og fell ned, sa Trond. Susanne trampa føtene ned i isen så godt ho kunne, mens ho fortsette å dra i tauet. Å, så tung han var, men det var ikkje så rart. Han var jo sikkert to meter høg og hadde mykje musklar og vog sikkert over 100 kg.

 

- Kom igjen! Vi må få han opp! Ropte Susanne i panikk til Trond. Susanne kjende at tårene pressa på, men blinka dei vekk, mens ho drog og drog i tauet.

 

- Kom igjen! Dra då! Susanne ropte gråtkvalt. Ho kunne ikkje mista Espen.

Dei hadde kjend kvarandre sidan dei studerte saman for seks år sidan. Dei fekk jobb med ein gong på same stad og dei jobba mykje ilag. Tanken på å mista han no var uuthaldeleg.

 

- Susanne, ro deg ned. Ikkje slit deg ut med ein gong. Vi klarer ikkje å dra han opp åleine. Vi må vente til nokon kjem og kan hjelpe oss, og til då må vi halde han oppe, sa Trond.

Vente til nokon kjem? Det kjem jo aldri nokon her! Det sa han jo sjølv.

 

- Men det kjem jo ingen her! Det sa du sjølv! Ingen har lov til å gå her oppe, og med god grunn! Susanne ropte full av fortviling, men slutta å dra.

 

- Det er den einaste sjansen vi har Susanne, sa Trond trist og såg ned.

Susanne klarte ikkje å halde tårene tilbake lenger. Ho lat dei berre renne nedover dei raude kinna hennar. Ho gjekk bort til kanten og såg ned. Der hang Espen og dingla. Dei raude kinna hans var blitt kvite og han såg vettskremd ut.

 

- Hold ut Espen! Vi skal redde deg! Sa Susanne til Espen.

 

- Berre lov meg at du kjem trygt ned Susanne, svarte den myke og trygge stemma til Espen.

 

- Ikkje utan deg! Sa Susanne hest idet ho høyrte ein durelyd kome mot dei. Ho reiste seg opp, framleis heldt ho tauet stramt i henda. Ho såg opp mot den klare himmelen. Kunne det vera eit helikopter? Durelyden kom nærare. Den var rett bak dei høge fjelltoppane 500 meter frå dei. Trond og Susanne stirte mot dei snødekte fjelltoppane og håpa at det skulle vise seg eit helikopter som kunne hjelpa dei.

Der såg dei det! Eit stort kvitt helikopter kom mot dei og durelyden blei sterkare og sterkare. Susanne slapp tak i tauet for å vinke på helikopteret og kjente endå eit rykk i tauet.

 

- Susanneee! Ropte Trond. Susanne grep tak i tauet og kjende at det var blitt dobbelt så tungt.

 Ho såg ned i sprekken og der hang Trond rett over Espen. Susanne falt ned på bakken og prøvde å krabbe bortover isen, mens ho prøvde å banke skoa inn i den harde isen. Ho kjente med ein gong at ho ikkje klarte dette lenge. Ho visste at kreftene kom til å ta slutt ein gong og då ville alle saman falle ned i sprekken og det ville vera slutt på alt. Nei, ho skulle ikkje gje opp endå. Ho måtte fortsette å dra i tauet.

 

Helikopteret som foreløpig var det einaste håpet dei hadde hatt køyrte over ein annan fjelltopp og var borte. No var det berre Susanne som kunne redda dei. Ho prøvde å krabba bort til ein istind som stod opp. Ho kasta seg fram og grep tak den tynne tinden. Ho klamra deg fast med alle kreftane ho hadde igjen og prøvde å oversjå smertane i kroppen.

 

Ho haldt nesten på å gi opp da ho høyrte noko langt vekke. Ho høyrte ekstra godt etter. Det var nokon der! Nokon som kunne hjelpe dei kanskje.

 

- Hjelp! Ropte Susanne så høgt ho kunne. – Hjelp oss!

 

- Stemmane kom nærare og nærare. Ho kjente at kreftene haldt på å ta slutt, men akkurat idet ho skulle til å sleppa, kjende ho to sterke armar gripe tak i henne før alt blei svart.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst