Slaven

Dette er en fremtidsnovelle om en "person" som blir undertrykket.

Karakter: 6 (8. klasse)

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2007.06.04

Eg vakna opp med eit rykk då flatskjermen på veggen pep høgt. Lista med arbeidsoppgåver for dagen kom raskt fram på skjermen. Den elektriske skyvedøra glei opp, og eg stilte meg på rulletrappa, ho førte meg ned til kjøkenet. Den første oppgåva til herren, var at eg skulle lage pannekaker til frukost. Eg trykka på ein knapp så skapet med matpillene opna seg. Eg tok ut nokre piller for pannekaker, og la dei inn i transformatorovnen. På eit blunk var maten ferdig, og eg sate pannekakene inn i ei luke som førte dei opp til herren. Eg melda frå over høgtalaren om at maten var ferdig. Herren min likte ikkje å sjå meg, så eg tok rulletrappen som førte ned til kjellaren. Eg tok fatt i skitentøykurven, og helte kleda opp i maskinen. I løpet av nokre få sekund var tøyet rent og tørket.

 

Plutseleg pep hastealarmen, som var festet til brystet mitt, herren ville ha kaffe. Eg skynda meg opp på kjøkenet og kokte kaffe. Eg sette kaffen inn i luka, som førte han til herren. Nå måtte eg gå ut i hagen for å stelle blomstrane. Eg tok den elektriske spaden som grov for meg. Han grov eit lite hull, der eg la dei genemanipulerte frøa. Dei veks opp i løpet av ein dag. Eg gikk bort til husveggen opna ei luke og trykte på sjølvaningsanlegget, som gikk under bakken.

 

Eg vandra inn og sat meg på ein stol. Eg følte at alt gjekk saktare enn då eg var ung. Eg begynte å bli sliten, det knirket i ledda mine og hovudet mitt var tungt. Kvar natt drøymer eg om ein dag fri. Då kunne eg dra på fisketur, kikke på naturen og slappe av. Berre eg kunne gjøre kva eg sjølv ville, som og skaffe meg ein ven og kanskje gå på kino med han. Det er så slitsamt å bli kommandert og styrt av andre heile tida, utan og kunna bestemme noko sjølv. Tenk om eg kunne hatt litt fridom, og at nokon hadde brydd seg om meg.

 

Men no kan eg ikkje sitje å dagdrøyme meir, nå må eg jobbe. Føtene mine kjennest som bly, men neste oppgåve er å spraymale gjerdet rundt huset. Med eitt kom ein servicebil kjørande inn i oppkjørselen. Eg fekk ei vond kjensle i magen. To menn i kvite kjeledressar kom ut av bilen, dei gikk inn i huset og snakka med herren min. Eit par minutt seinare kom dei ut igjen. Eg blei stiv av skrekk då dei kom mot meg. Før eg rakk og tenkje, tok dei fatt i meg å drog meg inn i bilen. Eg satt bak i mørke, det var kaldt og redselen lammet meg. Eg forsto kva som skulle skje, eg ble tatt med til destruering. Livet som robot er ikkje lett.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst