Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Norrøn Mytologi

Norrøn Mytologi

Om Norrøn mytologi.

Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
26.07.2000


For omkring 1000 år sida, levde vikingane i Noreg. Mytologien stod som ein grunnpilar i levemåten deira. Trua deira var polyteistisk, og gudane deira vart kalla æser. I dag kan vi studere korleis trua deira var gjennom nedskrivne kjelder. Slik har vi fått eit godt bilete av korleis verdsbiletet til vikingane var.

 

Korleis var verdsbilete i den norrøne mytologien. Vikingane trudde på eit utal av skapningar og vesen som alle var del i ein større samanheng, og som utgjorde verdsbiletet deira. Sjøve verda var flat og arrangert pynteleg i sirklar som årringane i eit tre. Heilt ytst låg det djupe verdshavet, og i det, Midgardsormen, ein stor sjøorm, som var så diger at han nådde rundt heile verda og beit seg i halen.

 

Inne på fastlandet mot kysten låg Utgard. I denne frosne øydemarka fanst all verdas ekle skapningar, rimtussar og vettar for og nevene nokre. Mot nord i Utgard, låg Jotunheimen, som var heimen til Jotnane, vondskapens representantar i den norrøne mytologien.

 

Innanfor ein veldig mur finn vi Midgard, heimen til menneska. Muren skapte æsene for at menneska skulle ha ein trygg stad å bu, eit byggverk som skulle verne dei mot jotnar tussar og andre skrømt.

 

Så midt i Midgard, som ei slags kjerne, låg Åsgard, borga til æsene. Da æsene bygde Åsgard, ville dei gjerne skape litt avstand mellom heimstaden deira og Midgard. Derfor skapte æsene brua Bifrost mellom Åsgard og Midgard, og berre æsene kunne bruke ho. Vi kjenner brua som regnbogen. Åsgard var bygd som ein veldig festning, og innanfor murane var alle bygningane samla kring eit tun. Midt på dette tunet sto verdstreet Yggdrasil, som aldri felte lauv, og røtene strekte seg til alle verdshjørne. Yggdrasil batt verda saman og var evig grønt og blei nært bunde til frævleik. Åsgard omfattar også Valhall. Valhall er bustaden til Odin. Alle som er falle i kamp kjem til Valhall. Her samlar Odin falne krigsmenn i påvente av den store kampen ved verdas undergang.

 

Nokon sentrale æser. Den norrøne mytologien var polyteistisk. Det vil seie at det eksisterte fleire gudar, altså æser. Æsene var dei mannlege og åsynjene var de kvinnelege gudane. Dei var ikkje ufeilbarlege, udøyelege eller allmektige, og kunne kjenne sinne, sjalusi, hunger, og alle dei andre kjenslene som menneska har. Dei var akkurat som sine tilbedarar, sett bort ein sak, dei hadde overnaturlege eigenskapar.

 

Den mektigaste åsen av dei alle var Odin, den einøygde. Han var den eldste blant æsene, den som skapte verda, og ga liv til menneska. Klokskap og kunnskap var det han sette høgst av alt, og under sin hug etter å bli allvitande ofra han det eine auge sitt til Jotnen Mime, som vakta ei kjelde som skjenkte visdom til dei som drakk av ho. Ved sida si hadde Odin dei to ravnane Hugin og Munin. Kvar morgon flaug dei ut for å sjå kva som skjedde i Midgard. Da kvelden kom, fortalde dei Odin kva som hadde skjedd. Da Odin skulle ut på reise for å sjå kva som er på ferde, brukte han hesten Sleipner. Han hadde 8 bein og sprang raskare enn nokon annan hest.

 

Vel var Odin visast, men Tor var den sterkaste. Han var herre over ver og vind, og æsenes framste vernar mot jotnane. Tor hadde eit veldig våpen. Hammaren Mjølner, som var smidd av dvergar og var uknuseleg. Kasta Tor han mot noko trefte han alltid målet, for så å vende tilbake til handa til Tor. Da Tor drog ut til kamp, fór han over himmelen med ei vogn trekt av to digre bukkar. Da drønna det mil på mil utover landet, og blei derfor kald ”Tor drønn”, det vi i dag kallar tore. Dei som ofra til Tor ba som regel om væromskifte, men også hell i kamp.

 

Loke var den norrøne ”narreguden”. Han var av jotunætt, men er voks opp blant æsene. Loke var gift med Signy, og dei hadde to søner. Med ei anna jotunkvinne hadde han Hel, Fenrisulven og Midgardsormen. Loke viste seg som den viktigaste bipersonen i mytene om æsene, ofte som Odin eller Tor sin geleidar. Han kunne vere snill og hjelpsam, men også åsen som sto for flest ugjerningar. Hans verste udåd var drapet på Balder.

 

Frøya var frævleikens gudinne. Ho var opphavleg vane og blei opptatt blant æsene etter fredspakta mellom vanar og æser. Frøya eig garden Folkvang, og det breie halssmykket, Brisingasmykket. Ho blei påkalla ved kjærleikshøve, ved graviditet og fødslar. Da Frøya var ute hadde ho med seg to kattar og sat i ei vagn.

 

Balder var son av Odin og Frigg. Balder var lys, fager, vis, mild og hjelpsam. Balder var gud var lyset, våren, freden og gleda. Balder budde i Breidablikk. Han blei drepe av den blinde Hød som blei lurt av Loke.

 

Kjelder
I dag ser vi på 2 bøker spesielt som viktige. Snorre Edda og Den eldre Edda. Snorre Edda er ei handbok i gudelære og skaldskap. Dette var lenge den viktigaste kjelda til kjennskap om norrøn gudelæra. Men i 1643 fann ein islandsk biskop eit gammalt handskrift med omkring 30 dikt om gudar og heltar. Ein regna med at det var desse dikta Snorre-Edda bygde på da ho blei skrive ca 430 år tidlegare.

 

Det første diktet i Den eldre Edda heiter Voluspå. Voluspå fortel korleis verda blei til, og den vedvarande kampen mellom godt og vondt, og spådomen om korleis verda kjem til å gå under i rangnarok. Historia blir fortalt av ei volve, som er ei slags spåkone. Voluspå tyder eigentleg ”volvas spådom”. Eit anna gudedikt heitar Trymskvadet. I Trymskvadet får vi høyre om korleis jotnane stel hammaren til Tor, Mjølner. Med dette ”gudevåpenet” kan dei leggje alt under seg. Men heldigvis er det mogleg å overvinne jotnane med klokskap. Trymskvadet og Voluspå er forteljande dikt. Forteljande eddadikt har strofeforma fornyrdislag. Oftast består dei av 8 linjer og kvar av linjene har 2 trykksterke stavingar. Vidare blir linjene bunde saman to og to med bokstavrim.

 

I Den eldre Edda finn vi og ei anna strofeform kald Ljodahottr. Denne strofeforma finn vi i eddadikt som ikkje er forteljande, men gir lesaren kunnskapar og levereglar. Det mest kjende av desse dikta er Håvamål som tyder ”Den høges tale”. Her er det Odin som fortel ei mengde levereglar som gjaldt for vikingane. Håvamål fortel mykje om korles vikingsamfunnet var.

 

Snorre-Edda blei skrive av Snorre Sturlason, ein produktiv islandsk forfattar av mektig avstamming. Her samla han all den kjennskap han hadde om skaldskap og gudelære. Alt blei skrive i prosaform. Ein reknar som sagt med at boka byggjer på Den eldre Edda. Men Ingen veit vel sikkert kva som var kjeldene til Snorre.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil