Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Kva kan eg seie deg, barn?

Kva kan eg seie deg, barn?

Dikttolkning av 'Kva kan eg seie deg, barn?' av Marie Takvam f. 1926.

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk


Forfattaren, Marie Takvam ,vart fødd i 1926. Ho gav ut diktet : ”Kva kan eg seie deg, barn?” som er frå ”Falle og reise seg att” frå 1980. Diktet ”Kva kan eg seie deg, barn?” blei skrive i nåtid. Det merkar ein sidan det er mange framtidsspørsmål i diktet. Diktet fortel at miljøet har endra seg svært fort den siste tida, i negativ retning meiner forfattaren.

 

Forfattaren skriv seg sjølv i eg- person som mora i diktet. ( Eg tolkar det som om ho er mora sidan forfattaren er hokjønn .Det kjem fram korleis meiningar mora har i diktet.) I diktet virke det som om mora er negativ til framtida. Ho virke fortvila fordi ho ikkje veit kva ho burde råde ungen sin til å gjøre eller ikkje gjøre. Stemninga er trist og oppgitt og ho er kanskje redd. Kan hende ho er redd for å seie noko gale, noko som ikkje kjem til å vere sant når ungen kjem til å bli vaksen. Mora har tankar om korleis framtida kjem til å bli, sidan ho veit at den kjem til å forandre seg betydelig . Ho kan likevel ikkje gje enkle råd utan at det kjem til å bli feil om ei stund, for ho veit ikkje kva framtida vil bringe. Mora spør lesaren kva ho skal gjere, kva som er rett og gale.

 

Diktet er delt inn i fem strofer, der fyrste strofe er delt inn i to verselinjer. ”Seier eg: Arbeid! Kva veit eg om arbeid i di framtid?” Her ser ein klart at mora snakka om ungen si framtid, truleg ei framtid ho ikkje er med i, kanskje fordi ho er gammal eller sjuk. ”i di framtid” blir repetert mange gonger, for at det skal bli lagt vekt på! I andre ”strofe ” står det : ”Seier eg: Kast deg aldri i armane på den sterke Som vil kle deg i uniform- grøne brune svarte grå gule eller raude. Kva veit vel….” ”Kast deg aldri i armane på…” tyder at ein ikkje skal la folk utnytte seg, hjernevaske seg, tvinge eller lure ein til noko. ”Den sterke som vil kle deg i uniform ”er eit bilde på ein maktperson eller ei gruppe med makt. Det kan vere ein politisk person, eit politisk parti eller kanskje ein person i det militære. Generelt folk som har høg status, ein ideolog, ein som fortel andre kva som er rett og galt, kva ein skal meine og føle, kva for venner og grupper ein skal være saman med, og til dømes kva for klede ein skal bruke. ”grøne svarte grå gule eller raude.” Fargane er metaforar, bilder for noko. Det kan stå for forskjellige grupper. Kanskje politiske grupper . Da kan fargane stå for ulike politiske partier. Fargane kan også stå for holdningar. Brun og svart kan stå for farsisme eller nazisme. Rød kan stå for kommunisme. Fargane viser at det er mange retningar.
I tredje ”strofe ” står det:
”Seier eg: Kast deg aldri i armane på ein religion- den kristne- muslinreligionen- aldri i armane på Merkur, Venus, Mammon.
Kva veit eg om religionar i di framtid?
” Kast deg aldri i armane på..” har same meining som i forrige strofe, men her meines det også at ein ikkje skal la trosretningar bestemme over seg og sine meiningar og mål. Det er gjentaking her frå andre strofe der fargane er ulike grupper ein kan velje å tru på. I fjerde strofe står det: ”seier eg: Rop aldri med dei som ropar høgast, skrik aldri med dei som skrik høgast, gråt aldri fordi alle græt- le aldri fordi alle andre ler- Kva veit eg om skrik eller gråt eller latter i di framtid?”

 

Her prøver forfattaren å få fram at ein skal ha eigne meiningar og ikkje høyre på alt andre seier og følgje dei. Ein må sjølv bestemme kva ein vil med livet, kva for ein jobb og utdanning ein vil ha, kva for politisk stilling ein vil ha, kva for holdningar ein vil ha til ulike saker. Her står det at ein ikkje skal følgje massen. Ein skal våge å ha eigne meiningar om rett og galt. Ein skal ikkje la seg lure av ideologane, dei som prøvar å bestemme kva ein skal meine og tru på, kva for menneske ein skal omgås, kva for grupper ein skal være i eller kanskje korleis mote du skal følgje.

 

I alle desse strofene eg har tatt for meg no, har det blitt gjentatt orda: ”seier eg” og ”Kva veit eg om …i di framtida” Ho føler seg lita, og litt oppgitt over korleis verda er no. Bitter for at meiningar og synspunkter blir endra i løpet av åra.

 

I den siste strofa er mønsteret blitt brutt. ”Kanskje kan eg våge meg til å kviskre til deg: Elsk om du kan elske, og om det er nokon å elske i du framtid.”

 

Her har forfattaren sett konklusjonen for diktet. Det er ikkje lenger stilt eit spørsmål i siste verselinje. Det tyder på at ho veit kva som kjem til å skje.

 

Men det står ”kanskje kan eg våge meg til å kviskra til deg” .Ordet ”kanskje” og ”kviskre” er brukt ,noko som gjer at ho framleis verkar litt usikker. Når ein kviskre, snakkar ein stille. Ho spør ikkje leseren lenger, og seier ikkje ”seier eg” eller ”kva veit eg om …i di framtid” fyrst i fyrste verselinje, som viser til at ho er meir sikker. Ho fortel at ein må ta vare på kjærleiken , for den kan vare evig. Uansett kva som skjer, vil kjærleiken vare evig.

 

Den siste strofa er konklusjonen til diktet, om korleis verda er. Etter siste strofe ser ein også samanhengen og ser bodskapet i diktet. Forfattaren vil fortelje at ein må ta vare på kjærleiken og folk rundt oss, for det er det viktigaste i livet!

 

Generelt fortel diktet om menneskelege forhold, korleis menneskene behandlar kvarandre. Diktet er innom forskjellige grupper som ein kan tolke på forskjellige måtar. Eg trur ”Kva skal eg seie deg, barn?” tar for seg politikk, religion, eigne meiningar og kjærleik.

 

Temaet i diktet er aktuelt i dag også sjølv om diktet vart laga på ’80-talet. Det eksisterer framleis folk som vil bestemme over ein og eins tankar og meiningar. Da er det viktig at ein har egne meiningar og veit kva ein skal velge for å få eit godt liv.

 

Eg likte diktet veldig godt. Eg synes det vart godt formulert og hadde eit bra budskap. Ein kunne tolke ting på fleire måtar og finne ut kva ein sjølv synes var rett. Det er det eg likar med dikt, det er så mange vegar ein kan velje, så mange muligheiter til å tolke kva forfattaren meiner. Det er opp til lesaren å finne ut kva han synes!!!

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil