Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Beatles - referat

Beatles - referat

Referat av Lars Saabye Chrisensens bok 'Beatles'.

Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Bokmål
Lastet opp
27.07.2000
Tema
Beatles

”Beatles” er skrive i 1984 og gitt ut av Cappelens forlag. Boka handlar om korleis det er å vakse opp i storbyen Oslo på 60-70 talet. Vi blir kjent med fire Beatlesfrelste gutar, Kim, Ola, Seb (Sebastian) og Gunnar som er som gutar flest: Glad i damer, lei skolen og mest av alt forgudar dei Beatles. Vi er med gutane frå dei er små sjuandeklassingar som stel bilmerke til dei er går ut av gymnaset og plutseleg er vorte vaksne. Vi får sjå korleis ungdomsopprøret i Europa som kom skulande over dei og deira småborgarmiljø.

 

Kim er den som har synsvinkelen gjennom heile romanen. Han har vanskeleg for å sette grenser, og dummar seg fleire gongar ut når han er full. Da kan han til dømes finne på å danse rundt med eit skjelett, eller gå oppå taket til Cecilie, som han er så forelska i. Han glømmer aldri Nina, hans første kjærleik, og håpar sterkt på å få henne tilbake. Kim får etter kvart store problemar med å ta vare på seg sjølv og endar opp på Gaustad psykiatriske institusjon.

 

Seb, som eigentleg heitar Sebastian flyttar heimafrå etter at foreldra hans blir skilt. Han bor på ein hybel og kjem i kontakt med eit dårleg miljø. Hans største drøm var å bli sjømann. Når han endeleg får sjansen til å dra på sjøen, øydelegg han den og endar på eit hardt kjør med narkotika.

 

Ola stammar i starten av romanen, men når han treff Kristin forandrar alt seg og han kjem heim etter sommaren kvitt alt som heiter stamming! Kristin bor i Trondheim, og etterkvart får han brev der ho seier at ho er gravid. Ola føler seg forplikta til å støtte ho, og flyttar til Trondheim for å bli familiefar.

 

Gunnar har ein eldre bror, Stig, som alle i gjengen ser opp til. Han fortel om Vietnamkrigen og om Napoln. Gunnar blir politisk interessert og støtta kommunismen. Han brukar tida si på å dele ut flygeblad. Han dyttar mange flygeblad på Kim som han seier han må dele ut. Kim derimot legg dei i ei skuffe, kor det etterkvart blir fleire og fleire flygeblad.

 

Gutane er svært begeistra for gruppa ”The Beatles”. I starten av boka kallar dei kvarandre Paul, John, George og Ringo. Når ”The Beatles” slepp ut ei ny skive er gutane i ekstase. ”Øra våre var som digre skjell og vi lå på bånn av havet, lytta ,lytta…Etterpå lå vi strake med øra folda sammen og fallende puls. Sånn føltes det. Sånn var det. Som å høre Gud si Bli lys! På den første dag.”

 

Gutane finn ut at dei vil starte eit eige band. Det skal heite ”Snafus”. Etterkvart døyr drømmen bort og dei sluttar å kalle kvarandre namna til dei som spelar i ”The Beatles”. Men dei likar enno ”The Beatles”, og dei blir djupt nedbrote da rykta i dei engelske blada fortel at gruppa er oppløyst. Mindre opprørt blir dei ikkje når dei høyrar at Paul er død, og at han hadde vore det i 4 år. Kim analyserer alle billeda av Paul dei siste åra, for å finne ut om det vart sant.

 

Forfattaren har ein klart bodskap med denne romanen. Han prøver å fortelje oss at det er viktig å ha mål i livet, og klare å stå på eigne bein. Ha eigne meiningar. Gutane i boka følgde berre kvarandre, og hadde ikkje så god innverknad på kvarandre. Det treng ikkje å vere farleg å røyke hasj ein gong, men når det blir ein vane kan ein fort komme på galt kjør og ende opp som sprøytenarkoman. Forfattaren meiner at ungdom er mest pårekneleg når ein er ung og uærfaren. Det er da det er viktig å vere tøff og stå imot freistingar. Finne ut kva ein vil med livet sitt og sette seg mål. Søkelyset er klart retta mot narkotika- og alkoholmisbruk.

 

Gutane nektar å klippe håret og kler seg i gamle klede som ein protest mot foreldra, til deira fortviling. Gutane drikk seg sørpe full og begynnar å misbruke narkotiske stoffar. På grunn av deira dårlege oppførsel og barnslege løysningar på konfliktar, blir dei utstøytte av samfunnet. Dei søv gjennom skoletimane, som gjær at karakterane deira fell.

 

Alle i venneflokken er redde for å bli vaksne, dei grøssar ved tanken på å ta ansvar for eigne handlingar og trur livet er ein leik der ein gjør det som passar ein best til ein kvar tid. Dei har vanskeleg for å sjå framover i tid, og oppfører seg som om dei vart femten år gjennom heile boka. Dei manglar mål i livet, manglar tankar om ka dei skal gjøre vidare. Kva dei skal bli.

 

Eg synes ”Beatles” var ei flott bok, med glede kjærleik, svik og ikkje minst musikk. Eg anbefaler både ungdom og vaksne til å lese boka!

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil